Hopp til innhold

Driv med ettersløkking av grasbrann i Masfjorden

110-sentralen Vest melda tidlegare laurdag om ein gras- og lyngbrann i Austfjordvegen i Masfjorden kommune. Det brann berre 30 meter frå eit hus, men ifølge politiet gjekk vindretninga bort frå huset.

Litt etter klokka 17 skriv Vest politidistrikt på X at det er kring 200 kvadratmeter mark som er utbrend. Brannvesenet driv no med ettersløkking.