Hopp til innhold

Knekker du denne koden, kan du få jobb i PST

Politiets tryggingsteneste (PST) brukar ei gåte for å finne den best kvalifiserte søkaren til ei ledig stilling. Mange har allereie knekt koden.

PST-annonse

Skal du få jobb i PST som teknisk etterforskar, bør du knekke koden i stillingsannonsen først.

Foto: Faksimile

PST har ei ledig stilling som teknisk etterforskar.

I utlysingsteksten står det at dei er på jakt etter ein person som likar å grave seg ned i tekniske detaljar, og som likar å jobbe med å finne og forstå digitale spor.

For å finne den best kvalifiserte søkaren startar annonsen med ei gåte som interesserte kandidatar bør kunne løyse:

En oktobermorgen fikk vi pulsen til å øke

var det en hackeR som hadde lykkes med forsøkeT

men en HAI I en TWeeT

er ikke særlig 1337.

løser du gåtEn bør dU vurdere å søke

– Det er ein digital rebus med ulike nivå. Den er ganske vanskeleg å løyse for dei aller fleste, du må ha kunnskapen som trengst, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST til Politiforum.

Han seier at han med sin bakgrunn som medievitar og humanist ikkje hadde løyst gåta.

NRK har forsøkt å få tak Bernsen for fleire kommentarar, men har så langt ikkje lukkast.

Mange som har knekt koden

Stillinga som er utlyst blir ein del av ei avdeling i PST som blant anna jobbar med å finne digitale opplysningar som kan bidra til å hindre terror og spionasje.

Og då må søkarane ha kompetanse utover den formelle utdanninga.

Bernsen seier fleire søkarar allereie har løyst koden. Også folk som ikkje har tenkt å søke har teke kontakt for å fortelje at dei har klart det.

Men han synest det er interessant at alle har vist ein diskresjon PST set pris på.

– Vi er opptekne av om folk er personleg skikka også. Det at dei ikkje skryt av dette i sosiale medium er eit godt teikn.

Martin Bernsen, seniorrådgiver i PST

Seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST seier det er mange som har løyst koden. Mange som seier dei ikkje kjem til å søke har også teke kontakt for å fortelje at dei har klart oppgåva.

Foto: Knut-Martin Løken / NRK

Treffer nye søkarar

I jakta på nye tilsette kan dette vere ein smart måte å skilje seg ut i jungelen av stillingsannonsar, seier seniorrådgjevar Trine Larsen i Hammer og Hanborg.

– Eg trur dei kjem til å få søkarar som ikkje ville ha søkt på ei tradisjonell annonse. Folk får vist at dei kan vere kvalifiserte til stillinga sjølv om dei manglar ei spesiell erfaring eller ei spesiell formell utdanning, seier Larsen til NRK.

Dei siste åra har det vore fleire verksemder som har teke i bruk gåter, spel og teknologi for å rekruttere.

Erfaringar frå desse prosessane viser at det blir mindre diskriminering, seier Larsen.

– Folk får vist kva dei kan, uavhengig av kjønn og alder. Slike rekrutteringsprosessar har blant anna vist at ein får eit større mangfald av kvalifiserte søkarar, både med tanke på alder og kjønn.

Trine Larsen, seniorrådgiver i Hammer&Hanborg

Seniorrådgjevar Trine Larsen i Hammer og Hanborg trur PST kan kome til å nå mange søkarar som elles ikkje ville søkt med annonsen.

Foto: Corinne Alice N. Skau

Fyller flosklane

Trine Larsen har tidlegare vore kritisk til tomme ord og uttrykk som går igjen i stillingsannonsar. Også PST søker nysgjerrige og løysingsorienterte kandidatar.

Men måten dei gjer det på, bør andre lære av, seier Larsen.

– Dei legg vekt på personlege eigenskapar, og forklarer kvifor dei søker etter personar som er nysgjerrige og har gode samarbeidsevner. PST fokuserer på potensialet til kandidatane, kva dei kan få til, ikkje kva dei har gjort. Det er smart. Her har PST gjort ein god jobb, og dei viser seg fram som ein attraktiv arbeidsplass.

Og med dei erfaringane PST har gjort seg så langt i denne prosessen, kan PST kome til å bruke kodar i fleire utlysingar i framtida, seier Martin Bernsen til Politiforum.

– Vi har brukt kodar tidlegare også, men så vidt eg veit er dette den mest avanserte oppgåva vi har laga.

Fristen for å knekke koden og søke stillinga er 13. januar.

AKTUELT NÅ