Hopp til innhold

Nakstad: – Dersom du er uvaksinert, bidreg du vesentleg meir til innleggingar

Over 450.000 nordmenn har ikkje nytta seg av vaksinetilbodet. Det er framleis blant desse at smitten spreiar seg mest, opplyser helsemyndigheitene.

Pressekonferanse om koronasituasjonen. Espen Nakstad.

Vaksinedekninga er høgast blant dei eldste, og lågast blant dei yngste. Assisterande helsedirektør Espen Nakstad skulle gjerne sett at fleire uvaksinerte takka ja til vaksinetilbodet.

Foto: Ali Zare / NTB

4.665.154 personar i Noreg er 12 år eller eldre, og får difor tilbod om koronavaksine.

90 prosent har takka ja. 10 prosent har ikkje det.

Det vil seia at 452.580 personar ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet. Grunnen til det er ikkje kjend.

Ynskjer fleire ja

– Vi har ei høg vaksinedekning i Noreg, men vi skulle gjerne sett at fleire uvaksinerte takka ja til tilbodet, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Måndag la FHI ut ein figur på sosiale medium som skapte stort engasjement. Over 20.000 har delt innlegget på Facebook.

Tala viser kor mange per 100.000 av høvesvis uvaksinerte og vaksinerte over 18 år som blei lagde inn med korona i veke 44.

Grafikk FHI innleggingar på sjukehus

Figuren til FHI viser at dei som er vaksinerte sjeldnare blir lagde inn på sjukehus enn dei som ikkje er det.

Grafikk: FHI

– Figuren viser at vaksinasjon gjer det han skal gjera: Risikoen for å bli alvorleg sjuk blir svært mykje redusert. Det er mykje mindre farleg å møta viruset om ein er vaksinert, seier Preben Aavitsland, overlege i FHI.

– Viruset spreiar seg no mest blant dei uvaksinerte, særleg borna, legg han til.

Nakstad presiserer at både vaksinerte og uvaksinerte personar spreier smitte vidare.

– Men dersom du er uvaksinert, bidreg du vesentleg meir til smittespreiing og innleggingar. Difor er det både i samfunnet si interesse og interessa for den einskilde å vaksinera seg no, seier han.

Dei gamle er eldst

Vaksinedekninga er høgast blant dei eldste, og lågast blant dei yngste.

– Dei eldste innbyggjarane er mest utsette ved covid-19-sjukdom. Difor er det naturleg at oppslutninga om vaksinasjonen er høgast blant dei eldste, seier Nakstad.

Aavitsland meiner det framleis er ein del å henta i gruppa 18–44 år der berre 80 prosent er fullvaksinerte.

– At dekninga er lågare blant unge vaksne, kan nok skuldast at dei ikkje er redde for sjukdommen, seier han.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege i FHI, Preben Aavitsland, seier vaksinasjon «tek brodden av viruset».

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad meiner at det også er berekraftig å halda smitten nede med enkle smittevernråd.

– Det er sannsynlegvis også lønsamt på grunn av lågare sjukefråvær og ein meir normal livsførsel med auka bruk av kulturaktivitetar og liknande, legg han til.

– Hovudvegen ut av pandemien

Om vi skal halda smitten nede eller ikkje kjem an på kva smitten fører til av sjukehusinnleggingar, hevdar Aavitsland. Han seier vaksinasjon «tek brodden av viruset».

– Dei vaksinerte er mykje mindre utsett for alvorleg sjukdom. Vaksinasjon kan ikkje stogga epidemien, men vaksinasjon kan gjera smitten mindre farleg, seier han.

– Vaksinar er hovudvegen ut av pandemien, men også gjennomgått sjukdom bidreg til immunitet i mange land. Forhåpentlegvis vil den aukande immuniteten i verda også hjelpa oss i Noreg på lengre sikt, meiner Nakstad.

Kor høg må vaksinasjonsgraden bli før vi kan leva heilt normalt?

– Vi lever veldig normalt no, men når vi kjem i ein situasjon der vi ikkje lenger treng å ta omsyn til viruset, veit ingen, svarar Nakstad.

Også Aavitsland i FHI seier at dei ikkje har sett ei slik grense.

– Tiltak i samfunnet byggjer på ei heilskapsvurdering, seier han.

Tal på vaksinerte, veke 44

Alder

Innbyggjarar

Vaksinerte, 1.dose

Prosent

Uvaksinerte

Prosent

12-15 år

258.632

186.489

72 %

72.143

28 %

16-17 år

126.843

115.311

91 %

11.532

9 %

18-24 år

464.521

414.342

89 %

50.179

11 %

25-29 år

366.886

312.143

85 %

54.743

15 %

30-34 år

380.835

324.281

85 %

56.554

15 %

35-39 år

358.289

307.948

86 %

50.341

14 %

40-44 år

347.789

308.457

89 %

39.332

11 %

45-54 år

746.639

686.256

92 %

60.383

8 %

55-64 år

648.978

620.054

96 %

28.924

4 %

65+ år

965.742

937.293

97 %

28.449

3 %

Totalt 12+

4.665.154

4.212.574

90 %

452.580

10 %

Totalt 16+

4.406.522

4.026.085

91 %

380.437

9 %

Totalt 18+

4.279.679

3.910.774

91 %

368.905

9 %

Ekspander/minimer faktaboks

Tala er henta frå vekerapporten frå FHI for veke 44. Tabellen viser tala på personar som er vaksinerte frå 2. desember 2020–7. november 2021.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger