Hopp til innhold

Koronaproblem ved fleire sjukehus – manglar folk på jobb

Intensivavdelinga på Akershus universitetssykehus er heilt full. I tillegg sit leiinga ved St. Olavs hospital i Trondheim i møte for å få kommunar til å hente heim utskrivingsklare pasientar.

Sykehus A-hus

FULLT: Ahus i Oslo har ti intensivplassar, men hadde måndag 18 intensivpasientar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det er stor pågang på sjukehuset og press på intensiv- og respiratorplassane, seier Jørn A. Limi til NRK.

Han er viseadministrerende direktør ved Akershus universitetssykehus (Ahus).

Postoperativ og medisinsk overvaking har overtatt dei minst akutte sjuke pasientane ved sjukehuset, melder VG.

Ahus har ti intensivplassar, men hadde måndag 18 intensivpasientar.

– Det er eit hardt press inn mot sjukehuset no, så vi er spente på utviklinga med covid og andre typar pasientar dei neste vekene, seier seksjonsleiar Sylvi Vullum til VG.

Ho fortel at talet på innlagde på intensiven kan forandre seg på kort tid. Tysdag er det elleve koronapasientar på intensiven, der fem får respiratorbehandling.

Gul beredskap ved klinikk for ortopedi og revmatologi.

OPERASJONAR PÅ VENT: Ved klinikk for ortopedi og revmatologi på St. Olavs hospital har over 60 personar fått operasjonen sin utsett den siste tida.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Sju færre koronapasientar

Det var tysdag 218 koronasmitta pasientar innlagt på sjukehus i Noreg. Det er ein nedgang på sju pasientar frå dagen før.

33 av pasientane får respiratorbehandling, og 52 ligg på intensivavdeling.

Det er to færre på respirator og éin færre på intensivavdeling enn dagen før, ifølge Helsedirektoratet si oversikt tysdag.

60 operasjonar utsett ved ei avdeling

Ved klinikk for ortopedi og revmatologi ved St. Olavs hospital i Trondheim møter NRK konstituert klinikksjef Tina Strømdal Wik.

Berre på hennar avdeling har dei så langt utsett 60 varsla operasjonar.

Sjukehuset har vore i ein svært pressa driftssituasjon den siste tida. For to veker sidan innførte dei gul beredskap.

St. Olavs hospital har utsett alle planlagde operasjonar som krev innlegging, og som kan vente.

– Vi må ta ned operasjonar som genererer innleggingar, fordi vi treng senger til medisinske pasientar, seier Wik.

Sjukehuset må også sjå på dagkirurgiske inngrep for å frigjere personell som kan jobbe med koronapasientar.

– Det er både skuffande og tungt for dei som har venta på desse operasjonane. Samtidig møter vi forståing for situasjonen sjukehuset er i, legg ho til.

Ved klinikk for ortopedi og revmatologi ved St. Olavs hospital møter NRK konstituert klinikksjef Tina Strømdal Wik

ST. OLAV: Klinikksjef Tina Strømdal Wik ved klinikk for ortopedi og revmatologi ved St. Olavs hospital.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Nytt koronadødsfall

20 koronapasientar er no innlagde på St. Olavs hospital.

Kommunikasjonsrådgjevar Christina Kalland fortel til NRK at ein ny koronasmitta pasient har døydd på sjukehuset siste døgn.

I førre veke døydde også ein pasient av korona ved sjukehuset der 11 pasientar til saman har døydd av covid-19.

Sjukehuset har aldri hatt så høgt sjukefråvær som no. Førre veke vart det meldt om 42 koronasmitta blant dei tilsette. Mange tilsette har òg andre luftvegsinfeksjonar.

Frå klokka tolv sit Trondheim kommune og St. Olavs hospital i møte om situasjonen.

– Ei bønn om hjelp

– Vi har sendt førespurnader til fleire sjukehus med ei bønn om hjelp. Vi treng særleg sjukepleiarar til sengepostane våre, sa sjukehusdirektør ved St. Olav, Grete Aasved i går.

Reduksjonen i aktivitet omfattar ikkje kreftpasientar, barn og akutthjelp.

– Vi tek sjølvsagt ei grundig medisinsk vurdering av om det er forsvarleg å utsetje, fastslår sjukehusdirektøren.

Ho seier situasjonen er svært utfordrande. Dei har derfor innført nye tiltak.

UNN: – Har utsett 12 planlagde operasjonar

Universitetetsjukehuset i Nord-Norge (UNN) har hatt ein markant auke i innlagde koronapasientar dei siste dagane. Førre torsdag var 12 pasientar innlagt. I dag melder dei om 21 innlagde pasientar.

– Det har vore stort trykk dei siste vekene, men foreløpig greier vi å sikre normal drift. Vi er førebudd på at det vil komme nye innleggingar i løpet av veka som kjem, seier kommunikasjonsrådgivar ved UNN, Jørn Resvoll.

Han presiserer at alle koronapasientar som treng behandling vil få det. Men blir det veldig mange fleire koronainnleggingar no, vil fleire planlagde operasjonar utsettast.

Totalt tolv operasjonar har blitt utsett dei siste fire vekene, seier Resvoll.

Utfordringar i Haugesund

Dei siste vekene har sjukehuset i Haugesund også hatt store utfordringar med kapasiteten, mellom anna på grunn av utskrivingsklare pasientar som tar opp sengeplassar.

Sjukehuset er i gul beredskap, og før helga hadde dei ti utskrivingsklare pasientar. Sjukehuset har sendt ut fleire pressemeldingar om at dette er med på å auke presset på kapasiteten.

Og no ser det ut som om sjukehuset har blitt høyrt.

– Vi hadde ein runde med kommunane før helga, og no har dei snudd seg rundt og tatt imot alle pasientane, det er vi veldig glade for. Vi fekk god draghjelp frå dei største kommunane og frå Statsforvaltaren, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

Det er i hovudsak Haugesund kommune som har tatt imot pasientane.

Klausen understrekar likevel at situasjonen framleis er pressa på sjukehuset med høgt sjukefråvær og fleire koronapasientar.

Per i dag har dei seks innlagde som følgje av korona. Ein av desse ligg i respirator. Det vil seie at talet på innlagde har stabilisert seg.

Siste fra Trøndelag