Hopp til innhold

Oslo kommune påskundar andre vaksinedose

Kommunen må bli kvitt vaksinar som er i ferd med å gå ut på dato.

Koronavaksine

Vaksinesenter i bydelen Nordre Aker i Oslo.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Over 1000 heldige Oslo-borgarar kan dermed få dose to tidlegare enn først antatt.

– Grunnen er at vi vil unngå vaksinesvinn. Vi har nokre vaksinar som går ut neste veke og nokre veka etter det, Elisabeth Vennevold, stadfortredande etatsdirektør i Helseetaten.

Primært har kommunen ynskt å tilby drop-in for dose ein for flest mogleg over 18 år.

Som sekundært tilbod tilbyr kommunen altså dose to. Dei som får dose to tidlegare, blir kontakta av sin bydel.

Tusen vaksinar i overskot

Til saman har kommunen over 1000 vaksinar i overskot. Rundt 900 av vaksinedosane går ut på dato allereie neste veke. Forklaringa på overskotet er at vaksinetempoet har vore redusert dei siste vekene.

Avisa Oslo omtalte saka først.

– Og at innbyggjarar bookar seg i mindre grad timar dei har mottatt etter SMS. Og så er det nokre som ikkje møter opp til timen dei er sett opp på, seier Vennevold.

Elisabeth Vennevold, bydelsdirektør i Vestre Aker.

Elisabeth Vennevold, stadfortredande etatsdirektør i Helseetaten i Oslo kommune.

Foto: Silje-Lisette Tennøy

Hovudforklaringa på det reduserte vaksinetempoet er truleg at kommunen nærmar seg slutten på å gi første dose, opplyser Vennevold. Og at det er ferie.

– Den store målgruppa som står til fyrstedosevaksine no, er jo yngre folk og gjerne familiar som er bortreist på ferie.

Vennevold fortel at dei har undersøkt om kommunen kan gje frå seg vaksinane til andre kommunar, men ikkje kan gjera det då det er sjanse at vaksinene kan bli øydelagte under frakt.

Også andre kommunar i landet har påskunda dose to fordi unge ikkje har meldt seg til vaksinetime.

69,3% 75,9% 79,0% 81,3%

Prosent av befolkningen vaksinert