Då Oddmund Hoel tok over statsrådskontoret i Kunnskapsdepartementet tysdag, varsla han ei snarleg stortingsmelding om opptakssystemet til høgare utdanning.
– Vi er i ein situasjon der vi manglar arbeidskraft. Hovudmålsettinga med eit nytt system er å få folk raskare inn på studiar, og raskare ut i andre enden, seier Hoel.
Grunnlaget for meldinga er rapporten Opptaksutvalet leverte i desember 2022. Dei foreslo ei rekke tiltak som dei meinte kunne forenkle og gjere opptakssystemet meir rettferdig.
– Vi gjekk inn for å lage eit heilskapleg system, og då tok vi enkelte drastiske grep, vil kanskje enkelte meine, seier utvalsleiar Marianne Aasen.
Blant anna vil dei skrote tilleggspoeng, som alderspoeng og poeng for realfag, og erstatte mogelegheita for å forbetre karakterane med ei nasjonal opptaksprøve.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel gjesta Politisk kvarter tysdag.
Foto: Milana Knezevic / NRKAlderspoenga kan ryke
Regjeringa har ikkje konkludert med kva tiltak frå utvalet dei vil gå vidare med. Men systemet med tilleggspoeng, og særleg tilleggspoenga, kan ligge tynt an, seier Hoel.
– Alderspoenga er dei tilleggspoenga som mest direkte bidreg til utsett studiestart. Så dei står nok øvst på lista over ting vi ser veldig kritisk på.
Eitt av dei studia som har merka systemet med tilleggspoeng mest, er medisinstudia. Alderspoenga bidreg til kunstig høge karakterkrav, meiner leiar i Norsk medisinstudentforening, Aladdin Boukaddour.
– Vi har sett folk som har hatt nok poeng etter eitt eller to år, men som valde å vente fordi det var meir tenleg og økonomisk å makse ut desse poenga, som er på totalt åtte poeng.
Han helsar ei fjerning av ekstrapoenga velkomen, og meiner dagens ordning er lite tenleg.
– Det ikkje samfunnsøkonomisk gunstig å setje livet sitt på vent berre for samle opp alderspoeng. Vi ser heller ikkje at det kan gi betre arbeidstakarar på lang sikt.
Skal framleis ha ein andre sjanse
Då utvalet kom med sine framlegg for eit drygt år sidan, var forslaget om å fjerne moglegheita til å ta opp att fag som kanskje skapte flest reaksjonar.
– Vi held fast på at det er karakterane frå vidaregåande skule som skal gjelde når ein skal rangere. I dag kan ein ta opp att fag så lenge ein vil. Det er eit system som ikkje fungerer så godt. Vi foreslår å fjerne dette, og erstatte systemet med ei opptaksprøve, seier Aasen.
Utvalsleiar Marianne Aasen overleverer rapporten til dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp)
Kritikarane meiner det vil kunne føre til auka karakterpress i den vidaregåande skulen, og at det er viktig at folk kan kunne få ein andre sjanse. Dette er noko dei også får gehør for hos statsråden.
– Vi meiner at ein bør kunne få ein andre sjanse. Ei bør ikkje henge ved berre karakterane frå vidaregåande skule. Men om det skal skje ved ei opptaksprøve, slik utvalet foreslår, eller om vi held på mogelegheita for å betre karakterane, må vi avklare seinare.
Og sjølv om det er eit mål å få unge raskt gjennom utdanning og ut i jobb, skal det framleis vere mogeleg å ta eit friår for å finne ut kva ein vil gjere.
– Vi må ta omsyn til at dei som kjem rett ut frå russebussen ikkje alltid er supermotivert for å gå rett i gang med studium. Det bør kanskje vere ei opning for å kunne sose litt rundt, men det bør vere ei grense for kor mange år ein skal kunne sose før ein kjem i gang.