Leiinga i Arbeidarpartiet beklagar fleire utsegner dei kom med i valkampen, som var i strid med planlagde kutt i forslaget til statsbudsjett.
3. september lova statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) mellom anna at regjeringa skulle halda fram med tilbodet om gratis ferje viss dei vann valet, slik Øyposten skreiv.
Men då dei la fram sitt forslag til statsbudsjett 15. oktober, var det utan gratis ferje.
No beklagar Støre.
Under denne ferjeturen blei Støre intervjuet av Øyposten – og lovt gratis ferje.
Foto: Javad Parsa / NTB– Svaret mitt i Øyposten vart feil, og det ber eg om unnskyldning for. Eg burde heller sagt at det viktigaste for Arbeidarpartiet er rimelege ferjeprisar, og ikkje sagt gratis ferje ettersom vi foreslår å endra den ordninga i statsbudsjettet som me la fram denne veka, skriv han til VG.
Vestre beklagar og
Då NRK intervjua helseminister Jan Christian Vestre (Ap) torsdag kveld, nekta han å beklaga. No snur han, og seier han er lei seg for det han sa i den mykje omsnakka videoen.
Sjå videoen som Vestre har fått kritikk for:
– Punktet om gratis ferje burde ikkje vore med i filmen. Eg burde ikkje trekt fram denne saka når me foreslår det same i statsbudsjettet for neste år som me la fram denne veka, skriv han i ei melding til NRK, og legg til:
– Eg burde også droppa punktet om gjeldslette.
Vestre gjentek unnskyldninga i Dagsnytt 18.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKI Dagsnytt 18 gjentar Vestre beklaginga:
– Eg vil gjerne gjenta ei utvitydig unnskyldning. Desse to eksempla burde ikkje ha vore med i filmen. Det blei heilt gale. Både det om ferjer og det om sletting av studiegjeld i distrikta. Det er mitt ansvar, og eg er veldig lei meg for det.
Nestleiaren blir også spurt om han er einig i at han laug.
– Det var ikkje noko bevisst forsøk på å seia noko som var feil. Då hadde eg sjølvsagt ikkje gjort det. Dette var rett og slett ei kopling eg då ikkje gjorde.
– Men det gir jo eit inntrykk om at ein anten ikkje har følgt med på eige budsjett, eller vel bevisst å ikkje fortelja sanninga?
– Det var absolutt ikkje eit forsøk på å bevisst ikkje fortelja sanninga, svarar Vestre.
– Men utsegna var feil. Dei var upresise. Eksempla om ferjeprisar og sletting av studiegjeld skulle ikkje ha vore med. Og det er det eg nå unnskyldar. Det er ei unnskyldning som eg verkeleg oppriktig meiner.
Snuoperasjon
Arbeidarpartiet hadde si siste budsjettkonferanse om lag ei veke før videoen vart laga. Der legg dei siste hand på budsjettet dei føreslår for Stortinget.
Med andre ord: Viss Ap hadde bestemd seg for å skrota gratis ferje, ville det vore naturleg om Vestre var kjend med dette då han laga videoen.
VG omtalte unnskyldninga hans fyrst.
Torsdag uttrykte Vestre at han burde ha formulert seg annleis i reklamefilmen, men han ville ikkje beklaga for innhaldet.
– Eg kan ikkje beklaga at eg får fram det som er konsekvensane av Høgre og Frp sin politikk, sa han til NRK torsdag.
Ber regjeringa snu
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier regjeringa må følge opp unnskyldinga med handling.
– Dei må gjere om kuttet i sletting av studielån slik at staten held oppe forpliktinga si overfor folk. Mange har stolt på det Ap har sagt, og flytta til ein distriktskommune i tru på at regjeringa ville halde eigne løfte og ordninga skulle bestå.
– Dei må også gjere om kuttet i ferjer, slik at alle ferjene som i dag er gratis også blir gratis neste år. Det er det einaste reielege å gjere, seier han til NRK.
I forslaget til statsbudsjett, som regjeringa la fram onsdag denne veka, føreslår dei å fjerna gratis ferjer.
Det var eitt av fleire punkt i forslaget som Senterpartiet reagerte kraftig på.
– Dei tar det inn i statskassa, og så sender dei ei rekning på ein kvart milliard til dei som tar ferjer, til bedriftene, altså dei som er avhengige av det, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK onsdag.