– Det var hjarteskjerande å ta slutninga om å dra til utlandet, det var absolutt ikkje planen, seier Hansen.
Etter to års forsøk på å kome inn på veterinærstudiet, det profesjonsstudiet med størst kjønnsskilnad, gav han til slutt opp studiedraumen i heimlandet.
Skilnaden er 92,7 prosent kvinner mot 7,3 prosent menn.
– Det er litt spesielt at me må søke til utlandet fordi det ikkje er gode nok mogelegheiter i Noreg, seier han.
Ferske tal frå Samordna opptak viser at kjønnsskilnaden på fleire profesjonsstudium held fram med å stiga, og andelen menn er skremmande låg.
– Kjønnskvotering er det hardaste verkemiddelet, men når andre tiltak ikkje fungerer, er dette såpass viktig at me må ta det i bruk, seier leiar av Akademikerne Lise Lyngsnes Randeberg.
Opptaksutvalet har kome med eit forslag om å erstatta kjønnspoeng med kjønnskvotar, noko Akademikerne støttar.
I år er det ein nedgang på 0,6 prosent menn som kom inn på høgare utdanning samanlikna med i fjor.
– Det vil bli eit samfunnsproblem
Randeberg fryktar at menn kan bli utestengt frå viktige yrke.
– Det vil bli eit samfunnsproblem dersom denne skeivheita aukar, seier ho.
Også på studiet med høgast poengsum i år, medisin haust på Universitetet i Oslo (UiO), er dei bekymra for kjønnsbalansen.
– Folk har kanskje ulike preferansar på kva slags type lege dei vil møte, og me vil prøve å tilby det, seier Magnus Løberg, studiedekan for det medisinske fakultet ved UiO.
Studiedekanen ønskjer at studentane skal reflektera befolkninga i så stor grad som mogeleg.
Foto: Universitetet i OsloHan meiner at kjønnskvotering kan vere eit fornuftig verkemiddel dersom kjønnsbalansen ikkje jamnar seg ut naturleg.
Sjølv om medisin er det einaste av profesjonsstudia som ser ein liten oppgang i andel menn i år, torer ikkje Løberg tru på at trenden er snudd heilt enda.
Fryktar ubalansen
Kjønnsubalansen stoppa ikkje Hansen frå å starte på veterinærstudiet, men han fryktar at andre kan vegre seg.
– Når det er såpass skeivt, kan det gjere studiet mindre interessant for nokre, og det kan føre til at menn blir litt utstøytt, seier han.
På klinikkar han har jobba på merker han stor skilnad når det er jamnare kjønnsbalanse.
Marcus Wahl Hansen på Rogaland Dyresykehus med hunden sin.
Foto: Privat– Eg føler jobben går betre, me har eit betre samarbeid og fleire ferdigheiter å spela på, seier Hansen.
Ikkje berre arbeidsmiljøet og kompetansen lid av ubalansen. Randeberg peiker også på at det i verste fall kan bli eit rettstryggleiksproblem dersom det berre er kvinnelege dommarar i rettssalane.
A- og B-lag
Både Randeberg i Akademikerne og Løberg på UiO ser også at kvinner ofte modnast tidlegare og gjennomsnittleg gjer det betre enn gutane på vidaregåande.
Løberg ser berre ein fare med ei eventuell kjønnskvotering.
– I ein ekstrem situasjon der det er svært få kvalifiserte kan ein få eit slags A-lag og B-lag, seier han.
Ei endring i opptaksreglar vil likevel nødvendigvis ikkje fikse alt.
– Det handlar mykje om interesse, og opptaket reflekterer søkarane, seier Løberg.
Sjølv om Hansen aldri var i tvil om at det var veterinær han skulle bli, håpar han på ein balansert arbeidsplass når han kjem tilbake til Noreg.
– Av og til må vi
NHO har tvilt seg fram til at det er naudsynt å innføre kjønnskvotering for å få fleire kvinner inn i toppjobbar og styreverv. Regiondirektør i Rogaland, Tone Grindland, ser at det må bli gjort noko for å jamne ut det kjønnsdelte arbeidslivet.
Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland.
Foto: Borghild Kvæven / NRK– Eg er ikkje så veldig positiv til kvotering for einskilde høgare utdanningar. Men av og til må det til. Det må bli tatt nokre grep som endrar mønsteret, seier Grindland.
Regiondirektøren meiner det handlar om å starte så tidleg som mogeleg for å få fleire menn inn i kvinnedominerte yrke, og motsett for jentene.
Tiltaka frå Opptaksutvalet vil ho sjå nærare på. Men for henne handlar det også om grunnskule og vidaregåande skule.
– Det som bekymrar er å sjå kor mykje betre jenter gjer det enn gutar i utdanninga. Eg er ikkje uroa for jentene, men at jentene stiller med så mykje betre karakterar enn gutane. Eigentleg burde dette vore likt. Utdanningssystemet må bli lagt betre til rette for at jenter og gutar kjem meir likt ut, meiner Grindland.