Hopp til innhold

Ny NRK-måling: Senterpartiet taper ikkje oppslutning etter bråket om den grove meldinga

STORTINGET (NRK) Sp står støtt på målingane trass massiv negativ merksemd rundt den grove meldinga Liv Signe Navarsete fekk frå ein eller fleire partifeller på hyttetur.

NavarTrygve

STÅR STORMEN AV: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum smiler i passiar med sexmeldings-offer og tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Trygve Slagsvold Vedums parti får 11 prosent oppslutning på NRKs partibarometer for mai. Det er ein framgang på marginale 0,3 prosentpoeng frå tilsvarande måling i april.

Både denne og alle dei øvrige endringane i mai-målinga Norstat har utført for NRK, er trygt innanfor feilmarginen. Målinga indikerer uansett at Senterpartiet på kort sikt i alle fall ikkje har tapt oppslutning som følgje av støyen dei siste vekene.

Dersom denne målinga var eit valresultat hadde Senterpartiet fått inn 21 representantar på Stortinget mot dagens 19. Partiet hadde etter alt å døme òg endt opp i regjering. Heile mandatfordelinga finn du i botnen av artikkelen.

NRKs partibarometer for mai sammenlignet med april

Periode 30/4–7/5. 703 intervjuer. Feilmarginer fra 0,9–3,2 pp.
R
3,5 %
−0,3
SV
6,5 %
−1,0
AP
26,0 %
+0,8
SP
11,0 %
+0,3
MDG
3,2 %
+0,7
KRF
3,0 %
−0,7
V
3,8 %
+0,1
H
25,5 %
+0,4
FRP
15,9 %
+0,1
Andre
1,6 %
−0,3
Kilde: Norstat

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er ikkje overraska:

– Når folk kjem til korleis dei skal velje politisk, så trur eg folk er opptekne av dei politiske sakene. Og seinast denne veka når det handlar om beredskap og ambulansefly, så ser ein at Sp er det tydelegaste opposisjonspartiet og at det er heilt naudsynt at vi er ei sterk røyst som prøvar å få på plass gode løysingar for heile landet, seier Vedum.

Navarsete: – Viser at veljarane kan skille

Også forgjengaren hans, ho som fekk tilsendt Facebook-meldinga frå ein hyttetur kor ti partifeller frå Trøndelag, inkludert nestleiar og erkerival Ola Borten Moe deltok, er glad for at partiet ikkje vert straffa av veljarane.

– Det gler eg meg stort over. Dette viser at veljarane skil mellom Senterpartiet sin gode politikk og hendingar som ikkje handlar om politikk, men om spørsmål knytta til etikk og moral samt mangel på folkeskikk i ei lita gruppe i partiet, seier Liv Signe Navarsete til NRK.

Etter fleire veker med jakt på avsendaren, og etter at politiet avviste å sjå på saka, konkluderte Senterpartiet i førre veke med at livet fekk gå vidare, og valde å ikkje sanksjonere mot nokon av dei ti moglege syndarane.

Nehru Sand: – Kun Ap har måtte betale for #metoo

Politisk kommentator Lars Nehru Sand i NRK synes isolert sett ikkje det er overraskande at Sp ikkje taper på den negative merksemda dei siste vekene.

Lars Nehru Sand

KOMMENTERER: Lars Nehru Sand i NRK.

Foto: NRK

– Berre Ap har verkeleg måtte betale for #metoo-sakene. Giske-saka kom på toppen av, og dels underbygde ei allereie omfattande krise i partiet. Som óg har ein betydelig dimensjon. Sjølv om Navarsete og Borten Moe har hatt ulike politiske prioriteringer, er ikkje meldingssaka i Sp ei like stor politisk kraft internt i partiet. I tillegg har partiet ein klar og tydeleg politisk prioritering av saker og bodskap som gjer dei gjenkjennelege for veljarane óg når det går dårleg. Difor held partiet seg jevnt over 10-talet for åttande månad på rad på våre målinger, seier Sand.

– Betyr dette at Sp sine veljarar ikkje synes denne meldinga var ei så stor sak?

– Utan at desse tala kan brukast til å underbygge det, vil eg tru mange Sp-veljarar tek avstand frå meldinga Navarsete mottok, sjølv om dei ikkje forlèt partiet.

KrF mindre enn Raudt og MDG

Av andre utslag på målinga kan ein trekke fram SVs tilbakegang på eitt prosentpoeng til 6,5 prosent og KrFs fall på 0,7 til 3 prosent.

Representantforslag om at Norge må utrede muligheten for å signere atomvåpenforbudet.

DÅRLEG NYTT: Knut Arild Hareide har ikkje fått stygge meldingar, men må notere seg for ei svært stygg måling for Kristeleg Folkeparti.

Foto: Vidar Ruud / NPK

KrF er på denne målinga Stortingets minste parti, og Knut Arild Hareide må konstatere at både Bjørnar Moxnes' Raudt (3,5) og Une Bastholms Miljøpartiet dei Grøne (3,2) akkurat no ser ut til å ha større appell blant folk.

Venstre ser ut til å stabilisere seg under sperregrensa på NRKs partibarometer og får 3,8 prosent i mai. Det er KrF og Venstres svake oppslutnad som gjer at statsminister Erna Solbergs borgarlege fleirtal er borte for andre månad på rad.

Sosialistisk fleirtal

Arbeiderpartiet held også stand frå førre månad som landets største parti på NRK sitt partibarometer. Jonas Gahr Støres parti er på denne målinga 0,5 prosentpoeng og ein fattig stortingsrepresentant større enn Høgre.

Den raudgrøne alliansen Ap+Sp+SV er likevel to mandat unna 85 mandat og fleirtal på denne målinga.

Dermed hadde dei trengt enten Raudt sine to mandat eller både KrF og MDG sine einslege mandat for å gjere Jonas Gahr Støre til statsminister.

Mandatfordeling

Så mange representantar ville kvart enkelt parti fått på Stortinget dersom NRKs partibarometer for mai var eit valresultat. Samanlikningsgrunnlaget her er valresultatet for 2017 og dermed antalet mandat det enkelte parti har på Stortinget i dag.

Rødt

2 mandater
1 opp fra 2013

Sosialistisk Venstreparti

12 mandater
1 opp fra 2013

Arbeiderpartiet

50 mandater
1 opp fra 2013

Senterpartiet

21 mandater
2 opp fra 2013

Miljøpartiet de Grønne

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
7 ned fra 2013

Venstre

2 mandater
6 ned fra 2013

Høyre

49 mandater
4 opp fra 2013

Fremskrittspartiet

31 mandater
4 opp fra 2013
Norstat

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger