Hopp til innhold

Fulle kjøtlager kan gi norsk juleribbe i år

Nortura har nesten 10.000 tonn kjøt på fryselager før jul. Det betyr at det neppe blir behov for å importere juleribba i år.

Mann henger kjøttstykker i kroker på et lager

PÅ LAGER: Nortura trur det vil ta lang tid før dei får unna alle tonna med kjøt som har hopa seg opp på lageret.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

På fryselageret til Nortura i Rakkestad er reolane fylde til taket med kjøt. To månader før jul er det om lag 5000 tonn med storfe på lager, og rundt 4000 tonn med svin. Fram mot nyttår kan dette auke til over 10.000 tonn.

Vanlegvis på denne tida av året har dei eit par tusen tonn på lager, men no har skrottane hopa seg opp. Konserndirektør Kjell Rakkenes i Nortura seier det er fleire grunnar til at det har blitt slik.

– Vi ser blant anna at prisveksten har ført til at folk sit meir på krona. I tillegg kastar ein kanskje mindre mat enn tidlegare. Og så importerte vi for mykje kjøt i 2022, som gjer at det er mange som har store lager av kjøt dei ønsker ut i marknaden, seier han.

Kjell Rakkenes i Nortura på fryselager fullt av svin.

Konserndirektør for strategi, berekraft og kommunikasjon, Kjell Rakkenes, framfor ein reol med svin.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

Dei siste åra har det vore retta eit søkelys på det norske kjøtforbruket, både på grunn av klima og på grunn av helse. Men ifølge Rakkenes har dette hatt lite å seie for den situasjonen ein ser no.

– Mange lurer på kva som skjer med kjøtkonsumet. Vi ser at det fell med mellom 0,7 og 1 prosent per person i året. Så den store forklaringa ligg nok ikkje der.

Les også Matprisene kan bli rentejoker: – Har sett det på kvitteringene

Tim fra Vågå, utenfor Extra-butikken på Majorstua

Norsk juleribbe på bordet

Dei siste par åra har Noreg måtte importere svineribbe frå utlandet for å kunne mette etterspurnaden til jul.

Men med fleire tusen tonn med norsk svin på frys, blir det neppe naudsynt å hente utanlandsk julegris i år, seier direktør i Nortura, Ole Skulberg.

– No kan folk ete så mykje ribbe dei orkar før jul. I år er det meir på lager.

Fryselager med hele griser i blå poser

Mindre matsvinn kan har ført til meir svin på lager, meiner Nortura. I dei blå posane ligg det grisar som blant anna skal bli til juleribbe i år. Men om ho blir grisebillig, er framleis uvisst.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

Også Norgesgruppen, som blant anna eig daglegvarekjedene Kiwi, Spar og Meny, reknar med at det skal bli nok ribbe til jul. Men peikar på at det er heile dyr som er frosne ned, og ikkje stykningsdelar.

– Det blir nok ribbe til jul. Men eg trur lageret har lite å seie, om det ikkje er ein plan for korleis resten av dyret skal nyttast, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Har gjeve rabattar

Dette har gjort at Nortura har sett ned prisane på kjøtet som blir selt frå fryselageret med 17 prosent på storfe og 25 prosent på svin. Og Rakkenes reknar med at prisane vil halde seg slik til godt over nyttår.

– Så lenge vi ikkje har realisert dette lageret, som vi rekna med å få gjort i løpet av neste år, må vi halde på dei prisane vi har no.

Ole Skulberg, direktør i Nortura Totalmarked

Direktør i Nortura Totalmarked, Ole Skulberg.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at vi fekk billigare kjøt i butikkane i september, etter at Nortura reduserte prisen på råvarer.

Prisendringar på kjøt i september

Storfe- og kalvekjøt

Svinekjøt

Lamme- og geitekjøt

Fjørfe

Vilt

Endring aug. til sept. 2023

- 4,7

- 1,8

- 12,1

0,4

- 11,0

Endring 12 månader

7,6

14,5

3,9

7,3

0,7

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Men mykje av rabatten blei borte i produksjonsledda på veg frå fryselageret til kjøledisken. Salet av svin og storfe har gått ned det siste året på grunn av den generelle prisstiginga. Men prisreduksjonen i haust hadde ein effekt, seier Søyland i Norgesgruppen.

– Vi såg ein vekst i kjøtsalet, særleg på kjøtdeig og karbonadedeig, etter at råvareprisane blei sette ned.

Ho trur det vil ta lang tid å få tømt lageret til Nortura fordi det er mange stykningsdelar som skal seljast. Og for svin må prisen truleg ytterlegare ned før det får nokon effekt.

– Vi ser at prisen på svin framleis er høgare no enn ved inngangen til 2021. Rabatten som kom, nullar meir eller mindre ut prisstiginga som kom i 1. juli. Eg trur prisane må vidare nedover for å få ein effekt på etterspurnaden, seier ho.

Vanskeleg å planlegge

Nortura er eit selskap som er eigd av bonden. I tillegg til å vere kjøtprodusent, er Nortura også med på å regulere marknaden. Dei reknar med at dei fulle fryselagera vil begynne å minke først eit stykke ut i 2024.

– Difor har bonden også begynt å redusere produksjonen sin no, slik at vi får tatt ned lagera så raskt som mogeleg, seier Skulberg.

Men den lange produksjonstida gjer at det er vanskeleg å planlegge, seier leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

– Dyra som no blir sende til slakt, blei påtenkt under starten av pandemien. Det er vanskeleg å tilpasse seg veldig raskt.

Tørke bønder

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Han meiner også at dei fulle lagra delvis skuldast ein dårleg grill sesong, og at fleire dyr blir slakta tidlegare enn planlagt.

– Vi hadde ein dårleg vekstsesong, som gjer at bonden ikkje har nok mat til dyra sine. Det bidreg til at fleire dyr enn vanleg blir sende til slakt.

Les også Kraftig fall i prisveksten: – Kan hende at ein unngår renteauken

Illustrasjonsfoto matbutikk

AKTUELT NÅ