Norske politifolk fortel om kaotisk Kabul-evakuering: – Situasjonen var heilt jævlig

Oppdraget dei to politifolka fekk var å vere på bakken i Kabul i 75 minutt, evakuere ut 63 personar, og reise tilbake til Noreg. Men det blei elleve døgn i den afghanske hovudstaden.

PU i Kabul

TILBAKE I NOREG: Dei to politifolka frå Politiets utlendingseining fortel korleis det var å jobbe under svært krevjande forhold i Kabul.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Tilbake i Noreg fortel dei si historie frå innsida av evakueringsarbeidet i Kabul. Politimannen og politikvinna frå Politiets utlendingseining (PU) ønskjer å halde identiteten sin skjerma.

Dei seier at dei måtte fronte mange tøffe avgjerder i Afghanistan. Det var ikkje alle som fekk bli med til Noreg.

Til NRK fortel dei om smotthola som Forsvarets spesialkommando (FSK) fann i gjerda rundt flyplassen, om dei einslege barna, bomba som gjekk av utanfor murane og om dei vanskelege beskjedane dei måtte gi.

PU i Kabul - utstyr

UTSTYR: Tryggleiksutstyret dei hadde med seg til Kabul er levert tilbake på lageret hos Politiets utlendingseining på Tøyen i Oslo. Alt dei hadde med seg har blitt fryst ned for å drepe eventuelle lopper eller parasitter.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Ringt opp klokka 02.40

Same dag som Utanriksdepartementet (UD) bestemte seg for å stenge den norske ambassaden i Kabul og evakuere dei tilsette ut av landet, var det hektisk aktivitet hos Politiets utlendingseining på Tøyen i Oslo.

Det er fredag den 13. august.

Det blei kalla inn til hastemøte klokka halv fire denne ettermiddagen. Det var enno ikkje kome nokon formell førespurnad frå Justis- og beredskapsdepartementet. Den såkalla bistandsanmodninga kom klokka 21.09 denne kvelden:

Fra: Utenriksdepartementet
Til: Justis- og beredskapsdepartementet
Sendt: fredag 13. august 2021 21.09
Emne: Haster: Bistandsanmodning vedrørende uttransport fra Kabul
Utenriksdepartementet har besluttet midlertidig å stenge Norges ambassade i Kabul.

Utenriksdepartementet anmoder Justis- og beredskapsdepartementet om bistand fra Politiets utlendingsenhet i forbindelse med uttransport av afghanske lokalt ansatte ved den norske ambassaden i Kabul, samt deres familiemedlemmer. (...)

Dei to politifolka fortel at oppdraget gjekk ut på å kontrollere og hente ut totalt 63 personar, som bestod av lokalt tilsette og familiane deira. Først var det snakk om å reise til Kabul søndag 15. august, men det blei ikkje mogleg. Denne søndagen tok Taliban over kontrollen i Kabul. Flyplassen blei også storma.

Trusselnivået i Kabul var vurdert som ekstremt, noko som er det høgaste på skalaen.

– Det blei diskutert om det var andre enn oss som kunne utføre personkontroll av dei som skulle evakuerast, seier politimannen.

– Det var snakk om at ambassadens personell kunne ta det. Det var dei som hadde motteke søknadane, sendt dei til UDI (Utlendingsdirektoratet, journ.mrk.), og dei kjenner dei lokalt tilsette veldig godt. Men dei var evakuert til Islamabad, seier han.

Trusselvurderinga blei diskutert gjennom heile helga og det blei eigentleg anbefalt at dei ikkje skulle reise. Risikoen var for stor. Men på søndag ettermiddag kom det beskjed om at Forsvarets spesialkommando (FSK) skulle hjelpe til.

– Det endra seg litt då det blei kopla på spesialsoldatar. Det gjorde det nok lettare for politidirektøren å akseptere risikoen med å sende oss til Kabul, seier han.

Klokka 02.40 natt til måndag ringde telefonen. Dei to politifolka fekk beskjed om å møte på den militære delen på Oslo lufthamn tidleg neste morgon. No starta oppdraget.

Landing i Kabul

LANDING I KABUL: Politikvinna (til venstre) i eit C-17 transportfly på bakken i Kabul. Til høgre er soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK).

Foto: Politiet

Trengsel i gaten og smotthol i gjerdet

Natt til tysdag landa dei i Kabul saman med FSK og den norske ambassadøren som hadde hatt ferie i Noreg. I utgangspunktet skulle fire PU-tilsette sendast til Kabul, men på grunn av logistiske utfordringar måtte to av dei sendast til eit anna land i nærleiken saman med ein tropp frå FSK.

Det blei ei lang reise for dei to politifolka – og på eit tidspunkt måtte flyet snu. Dei var innom både Ungarn og Georgia før dei kom til Afghanistan.

Dei fortel at dei trudde dei totalt 63 personane som skulle evakuerast var inne på flyplassen.

Det var dei ikkje. Dei var utanfor dei høge murane.

Det som eigentleg skulle vere eit oppdrag på totalt 75 minutt på bakken i Kabul blei til elleve intense døgn.

På mobilen viser dei fram eit bilete frå Abbey gate, ein av inngangane til flyplassen. Det er kaos og store folkemengder.

PU i Kabul - viser bilete

KAOS: Politimannen var sjølv i Abbey gate og viser fram bilete av trengsel og kaos.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Saman med spesialsoldatane var politimannen i gaten og fekk sjå sterke scener.

– Det var ein ekstrem trengsel der, og det var ekstremt få som klarte å komme seg gjennom gaten. Dei som klarte å komme seg inn var så utmatta og utslitne at eg er sikker på at kvar tredje gjekk i bakken, seier politimannen.

– Det var stort sett unge, sterke menn som klarte å komme seg inn på flyplassen. Det var få barnefamiliar som kom seg inn. Folk blei tråkka i hel, legg politikvinna til.

Dei 63 lokalt tilsette og familiane deira var på utsida. Den norske ambassadøren og soldatane frå FSK hadde dialog med dei over telefon. Det var utpeikt ein talsperson for gruppa som skulle prøve å halde oversikta.

13 av dei 63 klarte å komme seg på innsida i løpet av tysdag føremiddag. Det blei brått stopp i slusene. Ingen fleire av dei som skulle evakuerast til Noreg fekk sleppe gjennom.

Politimannen fortel at dei amerikanske soldatane, som hadde ansvar for tryggleiken på flyplassen, blei kompliserte.

– Vi fekk ikkje inn fleire. Det mangla 50 mann. Dei var på utsida. Men soldatane i FSK klarte å omstille seg og sjå moglegheiter, seier politimannen.

Det blei funne andre, alternative ruter inn til flyplassen, enn gjennom Abbey gate.

– Spesialsoldatane klarte å finne svakheiter, som hol i gjerde. Dei var veldig kreative, seier politimannen.

PU i Kabul - hjelm

Politifolka var utstyrt med verneutstyr som hjelm og skotsikre vestar. Dei bar også våpen.

PU i Kabul - sanitetssekk

Politifolka hadde også med seg sanitetsutstyr.

PU i Kabul - sanitetssekk 2

Sanitetssekken som politifolka hadde med seg.

Oppdraget blei utvida

Dei to politifolka trudde oppdraget deira var over då alle dei 63 personane som skulle evakuerast var i tryggleik inne på flyplassen.

No var det berre transporten ut av Kabul som stod igjen. Trudde dei.

Men så tikka det inn eit nytt oppdrag frå Oslo. Det gjekk ut på å kontrollere mellom 400 og 500 nye personar. Både Forsvaret og Utanriksdepartementet hadde laga nye lister med namn.

– Vi tenkte at det ikkje ville vere mogleg, seier dei to.

Det å få 63 personar inn på flyplassen opplevde dei som ein umogleg jobb. No skulle seks-sju gonger så mange inn til den norske sona på flyplassen.

– Men Forsvaret klarte, imponerande nok, å få dei gjennom smotthola, seier dei.

Skjermdump, Paul Farthings Twitterkonto.

NESTEN TOMT: Biletet av eit nesten tomt fly førte til kritikk av evakueringsarbeidet.

Foto: Skjermdump fra Paul Farthings Twitter 20.08 kl. 12.

– Eg registrerer at vi har fått kritikk fordi vi sende folk ut med nesten tomme fly, men det var fordi vi ikkje klarte å få folk inn i leiren. På dei fleste flya brukte vi opp alle plassane våre, seier politikvinna.

Etter kvart kom det to ekstra tilsette frå Politiets utlendingseining til Kabul.

PU i Kabul - noterer i bok

NOTAT: Politifolka hadde ikkje tilgang til datasystema dei vanlegvis brukar i Noreg, så det blei gjort notat på gamlemåten. Over 1100 personar blei evakuert frå Kabul, og alle var innom dei norske polititilsette.

Foto: Politiet

Dei einslege barna

Amerikanarane tok kontakt med nordmennene fordi dei hadde mange einslege barn hos seg.

– Dei hadde ingen som kunne sjå til dei. Dei hadde ikkje mat eller vatn. Vi sa vi kunne ta dei, seier politikvinna.

Dei meiner det var den beste løysinga.

– Vi hadde både mat og vatn, og sjokolade, og ikkje minst skugge. Vi var også i nærleiken av feltsjukehuset dersom det blei behov for det, seier ho.

Det norske feltsjukehuset fungerte på eit tidspunkt som ein slags barneheim.

Fleire av barna blei etter kvart attendeført til foreldra sine, men nokre av barna var der dag inn og dag ut.

– Vi visste ikkje om dei hadde foreldre som var i live eller om dei var døde, seier dei to politifolka.

Ein av dagane dukka det opp ein far utanfor feltsjukehuset. Det hadde gått rykte om at nordmennene hadde teke ansvar for dei einslege barna. Pappaen var fortvila, fortel politikvinna, for han var redd for at sonen hans var død.

Då dei norske politifolka såg bakgrunnsbilete på mobilen til pappaen, drog dei kjensel på ein tre år gamal gut som hadde vore på feltsjukehuset i fleire dagar. Den vesle guten fekk kome i pappa sine armar.

– Det var ingen som stod der som ikkje grein, seier politikvinna.

Treåringen skulle eigentleg setjast på flyet til Noreg den kvelden.

Bilde av norsk soldat med barn i armene.

«HIPPO» OG SPESIALSOLDATEN: Den tre månader gamle jenta fekk kallenamnet «Hippo» fordi ho hadde ein flodhest på genseren sin.

28 einslege barn blei sett på flyet til Noreg utan foreldra sine. To leiarar i Politiets utlendingseining sa til NRK tidlegare denne veka at det ikkje var andre alternativ.

Enkelte har vore kritiske mot denne avgjerda. Dei to politifolka som var på bakken i Kabul meinte det var det einaste riktige å få disse barna i tryggleik. Dei fortel at dei saman med styrkesjefen og sjefen for spesialsoldatane i Kabul var samla i avgjerda.

Skildringane dei kom med frå bakken i Kabul førte til at Justis- og beredskapsdepartementet gav dei myndigheit til å sende barna med flyet til Noreg.

Fra: Justis- og beredskapsdepartementet
Til: Til berørte instanser
Sendt: 19. august 2021
Emne: Midlertidig instruks til politiet vedrørende evakuering fra flyplassen i Kabul
I den akutte situasjonen hvor det nå pågår evakuering av ambassadeansatte mv. fra flyplassen i Kabul, gis det herved fullmakt til tilstedeværende norsk politi ved flyplassen til å treffe de facto beslutning om innreise. (...)

(...) særlig knyttet f.eks. til barn som er under norsk ansvar ved feltsykehuset mv. og som det eventuelt vurderes påkrevd for deres sikkerhet og/eller helse å evakuere uten nærmere kontroll og undersøkelser. Det må så langt som mulig sikres at dette er barn som er overlatt til seg selv, og ikke sendes vekk fra foreldre. Det forutsettes at instruksen kun gis anvendelse overfor et lavt antall personer.

– Det er viktig å få fram kvifor vi valte å sende dei til Noreg, seier politikvinna.

Ho legg til:

– Det var ingen andre alternativ. Det var lite plass og det var ekstremt mange menneske som skulle inn. Det kravde mykje å ta vare på så mange barn. Styrkesjefen var veldig tydeleg på at vi burde få dei til Noreg. Det var til det beste for barna, men også for maskineriet.

Fleire barn blei løfta over piggtrådgjerdene. To av barna som hamna på det norske feltsjukehuset skal ha blitt kasta over dei høge murane. Politifolka fortel at det blei gjort i rein desperasjon, med håp om at barna skulle få eit betre liv.

Bakgården på sjukehuset i Kabul

BAKGARDEN: Under presenningen sov fleire av dei evakuerte. På det meste var det over 300 personar inne i bakgarden til feltsjukehuset.

Foto: Politiet

Totalt tolv barn blei sendt ut med det første evakueringsflyet.

Fleire av barna fekk kallenamn:

  • «Hippo» var ei lita jente som hadde flodhest på genseren sin
  • «Bear» var ei jente med bjørnar på kjolen
  • «Raketten» var ein liten gut, som sprang rundt heile døgnet med unntak av når han sov
  • «Princess» var ei jente som hadde rosa kjole og blondesko

– Det var ikkje eit alternativ å sende barn ut igjen i gaten, seier politikvinna.

PU i Kabul - møter sjefen sin, Svein Arne Hansen, sjef for Felles eining for ID-avklaring og etterretning

SJEFEN: Svein Arne Hansen møter dei to politifolka. Han seier til NRK at han er stolt av jobben dei har gjort. Hansen leiar Felles eining for ID-avklaring og etterretning i PU.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Dei vanskelege beskjedane

Det var ikkje alle som fekk bli med til Noreg. Dei to politifolka fortel at instruksane dei hadde med seg var veldig svart-kvitt.

– Etter to dagar fekk eg oppgåva med å fortelje folk at dei ikkje fekk bli med til Noreg. Det syntest eg var veldig hardt, seier politikvinna.

Ho tek ei lita pause.

– Situasjonen var heilt jævlig. Vi prøvde å finne smotthol for å folk med. Det å kaste dei ut igjen i det kaoset som var på utsida var heilt forferdeleg, syntest eg.

Ho fortel at det var mange som arbeidde hardt for å finne løysingar. Dei huskar godt ei kvinne som var gravid i åttande månad, og hennar to born på to og sju år.

– Det blei gjort juridiske vurderingar i Noreg. Svaret var nei. Ho hadde ingen tilknyting til Noreg, seier politimannen.

Men dei utsende frå PU, den norske styrkesjefen og leiaren for spesialsoldatane samla seg om ei avgjerd. Utanriksdepartementet sitt team (URE), som kom 22. august, var også involvert i avgjerda.

– Vi la bort instruksverket. Dette var ein militær operasjon, og vi var under militær kommando, så Forsvaret bestemte at dei skulle til Noreg. Det menneskelege tok overhand. Det var ei klok avgjerd, for då kvinna kom til Noreg blei ho sendt til sjukehus og fødde, seier han.

Dei fortel at dei tok bakvegen i eit fåtal saker.

– Situasjonen var ekstraordinær. Vi var alle samde om at disse vala var riktige, seier politikvinna.

Bombene i Abbey gate

Bakgarden på feltsjukehuset var tømt. Det er torsdag 26. august. Dei som var der var nettopp sett på eit fly som var på veg ut på rullebana. Det skulle ta av klokka 18.00.

Klokka 17.52 kom dei første skadde inn til sjukehuset. Sjølvmordsbombarar hadde slått til midt i folkemengdene i Abbey gate.

Politikvinna, som også er utdanna sjukepleiar, hjelpte til med skadde. Medicane – sanitetssoldatane – i FSK bidrog også.

Det var alle mann til pumpene, fortel ho.

En kvinne med blod i ansiktet får behandling etter eksplosjon i Kabul.

SKADDE: Over 60 personar blei frakta til det norske feltsjukehuset med skader etter sjølvmordsbombene utanfor flyplassen.

Foto: Wakil Kohsar / AFP

Det kom først meldingar om at 17 traumepasientar var venta å komme til det norske feltsjukehuset. Det riktige talet på skadde var over 60. Ho fortel at det var blod overalt.

Angrepet sette ein stoppar for oppdraget. Dei fortel at justisministeren hadde gitt ordre om at politiet skulle ut med første fly. Statsråd Monica Mæland stadfestar til NRK at ho var involvert i avgjerda saman med toppleiinga i politiet.

Evakueringa stoppa opp.

No er dei to politifolka tilbake i Noreg. Fredag klokka tolv blei dei tildelt Politimedaljen med laurbærgren, som er den fremste medaljen politifolk kan få. Den blir gitt til politifolk som har gjort ein «innsats ut over det forventede» eller som «under farefulle omstendigheter har utvist personlig snarrådighet og slik bidratt til å forhindre tap av menneskeliv».

– Dette er det oppdraget eg har vore med på som har gitt mest meining. Det er godt å få vere med å hjelpe folk. Byråkratiet har arbeidd litt imot oss, men vi klarte likevel å finne løysingar, seier politimannen.

Vidare lesing:

Kø ved det norske feltsjukehuset i Kabul

EVAKUERING: Kø ved det norske feltsjukehuset i Kabul.

Foto: Politiet

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger