Hopp til innhold

Norsk politi sendt til Kabul

Personell frå politiet er sendt til flyplassen i Kabul i Afghanistan for å hjelpe til i evakueringsarbeidet.

laBAGvhzLnM

Eit amerikansk transportfly av typen C17 Globemaster III blir klargjort før evakuering frå Hamid Karzai International Airport (HKIA) i Kabul.

Foto: US AIR FORCE / Reuters

NRK er kjent med at norsk politi har reist til den afghanske hovudstaden for å avklare identiteten til dei som blir evakuert til Noreg.

Statssekretær Lars Jacob Hiim i Justis- og beredskapsdepartementet stadfestar dette til NRK.

– Eg kan stadfeste at norsk politi er ein del av den styrken som blei sendt til flyplassen i Kabul for å hjelpe til i arbeidet som skjer der, seier han.

– Har sentral rolle

Hiim kan ikkje gå i detaljar, men kan likevel seie noko om kva oppgåver politiet har:

– Dei hjelper til i identifiseringsarbeidet av personar som skal evakuerast til Noreg og dei gir utlendingsfagleg og politifagleg rådgjeving og vurderingar, seier Hiim.

Han fortel også at politiet har ei sentral rolle med tryggleiken om bord på flygingane og oppgåver i forbindelse med ankomst til Noreg.

Reiste førre veke

Etter det NRK erfarer er det personell frå Politiets utlendingseining (PU) som er sendt til Afghanistan.

– Av omsyn til tryggleiken kan eg ikkje gå nærare inn på kva oppgåver som blir utført eller kor mange det er, anna enn at det er eit viktig bidrag i den operasjonen som no går føre seg, seier Hiim.

NRK har vore i kontakt med PU, men dei viser til Politidirektoratet (POD). POD viser vidare til departementa.

Etter det NRK er kjent med skal personellet frå norsk politi ha reist til Kabul i førre veke. Dei skal melom anna ha reist saman med den norske ambassadøren.

– Vi har sendt diplomatar tilbake til Kabul. Vår ambassadør leier evakueringsarbeidet på flyplassen, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide laurdag.

AKTUELT NÅ