Hopp til innhold

Fleire land og selskap trassar WHO sine åtvaringar mot virusfrykt

Cruiseskip nektar passasjerar frå Kina og russiske butikkar stoppar import av frukt og grønt.

Arbeidarar ved eit skip frå detamerikanskeigde Norwegian Cruise Line.

TRASSAR WHO: Cruise Lines International Association sa måndag at dei vil nekte passasjerar som har vore i Kina å reise med dei.

Foto: GERARD JULIEN / AFP

Måndag stupte børsane i Kina som følgje av aukande frykt for at koronaviruset vil dempe global vekst i økonomien.

Same dag gjekk WHO-leiar Tedros Adhanom Ghebreyesus igjen på talarstolen for å åtvare mot unødvendige restriksjonar på internasjonal reise- og handel.

WHO har ved fleire høve åtvara mot tiltak som kan gjere vondt verre.

Dei meiner restriksjonane kan forårsake unødvendige skadar på internasjonal økonomi, informasjonsdeling og medisinske forsyningskjeder.

– Vi oppfordrar alle land til å gjennomføre faktabaserte og konsise tiltak, gjentok Ghebreyesus på måndag.

Fleire land og selskap trassar råda hans.

Like etter møtet i Genève på måndag melder Reuters at ein av Russland sine største daglegvarekjeder, Magnit stoppar all import av frukt og grønt frå Kina.

Fleire store cruiseskipsselskap har og sat verksemda si i Kina på pause dei siste dagane.

Måndag uttalte ein representant for verdas største organisasjon for cruiseskipsbedrifter, CLIA, at skipa deira vil nekte å frakte personar som har vore i Kina dei siste 14 dagane, skriv AFP.

Skipa deira fraktar årleg 24 millionar passasjerar over heile verda.

TEDROS ADHANOM GHEBREYESUS

ÅTVARAR MOT PANIKK: WHO-leiar Tedros Adhanom Ghebreyesus på styremøtet i Genève på måndag.

Foto: Salvatore di Nolfi / AP

Fleire stengjer grensene sine

Både Hongkong og Maldivane innfører strengare innreisereglar frå det kinesiske fastlandet på måndag.

I Hongkong kjem innstramminga som ein reaksjon på at helsepersonell i byen streikar for at grensa skal bli stengt.

Sjølv om fleire grenseovergangar no vert stengde, er det framleis mogleg å reise til og frå Hongkong og Kina sitt fastland ved tre grenseovergangar, mellom anna med fly via den internasjonale flyplassen i byen.

Det vert ikkje mogleg på Maldivane.

Søndag opplyste luftfartsmyndigheita på øystaten at alle fly- og flyselskap som opererer i landet vert nekta å lande med passasjerar som har vore på det kinesiske fastlandet.

Regelen vil ikkje gjelde for maldiviske borgarar. Flyselskap kan framleis fly passasjerar frå Maldivane til Kina.

Fleire flyselskap, mellom anna SAS, American Airlines, British Airways, Delta, Lufthansa og Qatar Airways har allereie stoppa sine flygingar til og frå det kinesiske fastlandet.

WHO meiner stengde grenser ikkje vil stoppe viruset

Stadig fleire land verda rundt forbyr no innereise for utlendingar som kjem frå Kina.

USA, Filippinane og Australia har allereie stengt grensene sine. New Zealand, Russland, Japan, Pakistan og Italia har varsla liknande reiserestriksjonar.

Det er stikk i strid med WHO sine anbefalingar.

– Via andre utbrot har vi erfart at folk vil reise uansett. Den einaste måten å behalde kontrollen, er å overvake dei som kryssar grensa, sa WHO sin talsperson Christian Lindmeier på søndag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger