Hopp til innhold
Kommentar

Derfor korona med k

NRK endrar skrivemåten på viruset frå coronaviruset til koronaviruset.

Ingvild Bryn

Ingvild Bryn er fungerande språksjef i NRK og forklarer kvifor vi endrar namnet på det på det nye viruset.

Foto: Ole Kaland

NRK har til no skrive namnet på det nye viruset med c. Heretter vil du sjå at vi skriv det med k. Korona er eit låneord frå latin, og på norsk skriv vi det med k.

I ordboka står denne forklaringa på ordet korona:

«Ytste lysande del av atmosfæren rundt sola som viser seg ved solformørking.»

Folkehelseinstituttet og andre fagmiljø har også gått over til å skrive ordet med k. Dette er i tråd med tilrådinga frå Språkrådet.

Det kan hende det vil bli litt blanding på nettsida vår fordi vi tidlegare har skrive ordet med c, men framover vil du altså lese om koronaviruset her i NRK og ikkje coronaviruset.