Næringa trappar opp overvakinga av kylling

Fjørfenæringa lovar overvaking og massiv prøvetaking etter oppdagingar av nye antibiotikaresistente bakteriar i minst halvparten av norsk kylling. Næringa kritiserer likevel media for å overdramatisera problemet.

Medarbeider skjærer kylling ved Nortura Hærland i Østfold

Det er påvist resistens mot ein ny type antibiotika hjå bakteriar i norsk kylling. No set næringa inn tiltak for å finna den mystiske kjelda og redusera førekomsten.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Minst halvparten av kyllingen i norske butikkar inneheld bakteriar som er resistente mot kinolonar – ei gruppe antibiotika som ein brukar i behandling av pasientar med kompliserte og alvorlege infeksjonssjukdomar, ifølgje Veterinærinstituttet.

No tek ein samla fjørfebransje nye grep for å motkjempa den potensielt farlege resistensen.

– Etter nyttår aukar me overvakinga av kinolonresistente bakteriar og skal ha massiv prøvetaking både i importleddet og elles i verdikjeda, fortel fagdirektør i bransjeorganisasjonen Animalia Ola Nafstad.

Jaktar på kjelda

Fagdirektør Ola Nafstad

Fjørfenæringa tek funn av antibiotikaresistente bakteriar i kylling på alvor, seier veterinær og fagdirektør for husdyr i bransjeorganisasjonen Animalia, Ola Nafstad.

Foto: Animalia

NRK omtalte også problemet med antibiotikaresistente bakteriar i kylling i i haust, då prøvar viste at ein av tre kyllingfiletar i norske butikkar inneheld bakteriar som er resistente mot ei anna antibiotika-gruppe – ESBL

NRK gjorde eigne testar der det blei funne antibiotikaresistente bakteriar i sju av ti kyllingprodukt.

Etter alle solemerke stammar problemet med ESBL-resistens frå avlsselskapet Aviagen i Skottland – opphavet til 95 prosent av kyllingen i norske butikkar.

– Me har ikkje indikasjonar på at dei kinolonresistente bakteriane kjem frå avlsdyra. Denne typen antibiotika har ikkje vore nytta i avlsfirma på same måte som ESBL, opplyser forskar Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Kva som er kjelda til kinolon-resistensen er dermed eit større mysterium. Det er dette den nye overvakinga forhåpentlegvis vil bidra til å løysa.

– Det som er sikkert, er at dette har kome inn i norsk kylling frå ei ekstern kjelde. Me kan garantera at det ikkje blir brukt antibiotika av typen kinolonar i den norske kyllingproduksjonen, seier Nafstad i Animalia.

Både Animalia og Veterinærinstituttet nemner menneska sjølve som ei potensiell kjelde til antibiotikaresistensen.

Forskar Anne-Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet

Førebelse funn frå eit overvakingsprogram på kylling, gir indikasjonar på at minst halvparten av norsk kylling har bakteriar som er resistente mot antibiotikagruppa kinolonar, fortel forskar Anne-Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Menneska får antibiotika i behandling av sjukdom. Noko av dette blir brote ned, men noko skil ein også ut av kroppen. Det går ut i miljøet og vidare i verdikjeda gjennom til dømes vatnet. Dette er ein syklus, alt påverkar alt, forklarar Anne-Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Urdahl understrekar at dette førebels berre er ein teori, og at me manglar svar.

Uvisst om det er farleg

Det norske forbruket av kyllingkjøtt har eksplodert dei siste åra. Medan det i 1980 blei produsert under tre kilo kylling per person i året, er talet no på rundt 18 kilo per nordmann årleg.

På grunn av slaktemetodar er fjørfekjøtt langt meir eksponert for bakteriar enn anna kjøtt.

Folkehelseinstituttet ser difor med alvor på at kyllingen i verste fall kan gjera antibiotika ubrukeleg i behandlinga av svært sjuke menneske.

– Det er klart det er urovekkjande at me kan få i oss antibiotikaresistens som på sikt vil kunne redusera moglegheita for effektiv behandling av sjukdom, seier overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet.

Men enda finst det ingen sikre svar på om antibiotikaresistente bakteriar er farlege for menneska, og eventuelt kor farlege.

– Me har førebels ikkje sikre haldepunkt for at dette gir sjukdom, seier Steinbakk.

Kyllingfilet

Det finst førebels ikkje sikre vitskapelege bevis på at antibiotikaresistente bakteriar i mat utgjer ein helserisiko for menneske.

– Overdramatisert

Også fjørfenæringa ser alvorleg på at førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar i norsk kylling er såpass stor. Samstundes meiner Animalia at saka er overdimensjonert i media.

Fagdirektør Nafstad viser til tre andre kjelder til antibiotikaresistens som utgjer eit langt større trugsmål enn maten vår: utanlandssmitte, infeksjonar ved norske sjukehus og norske legar som skriv ut antibiotika til sjuke pasientar.

– Me skulle definitivt ha vore forutan saker som dette, både av biologiske grunnar og fordi det er negativt for omdømet til fjørfenæringa. Det er viktig å halda beina på jorda og slå fast at norsk mat framleis er den tryggaste i verda, og at det per i dag ikkje er påvist at kinolonresistente bakteriar i mat er farleg for menneske.

– Det bidreg ikkje til folkehelsa og rasjonell åtferd å gje folk eit heilt uproporsjonalt syn på kva som er farleg. legg Nafstad i Animalia til.

Veterinærinstituttet sin endelege rapport om førekomsten av kinolonresistente bakteriar i norsk kylling vil først vera ferdig rundt september neste år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger