Hopp til innhold

Moskeen på Kongsberg vurderte å varsle politiet: – Han var ikkje oppteken av islam

Den sikta bak Kongsberg-drapa oppsøkte moskeen i byen for nokre år sidan. Styreleiaren vurderte å kontakte politiet, men det vart med tanken.

Oussama Tlili

Oussama Tlili hugsar godt den norske muslimen som oppsøkte moskeen for 4–5 år sidan.

Foto: Privat

37-åringen som er sikta for å ha drepe fem menneske på Kongsberg onsdag, kom til moskeen i byen for nokre år sidan. Det stadfestar styreleiar Oussama Tlili på Kongsberg Islamske kultursenter overfor NRK.

Ifølgje politiet har den sikta, Espen Andersen Bråthen, konvertert til islam. Då biletet vart offentleggjord, kjende styreleiaren han igjen.

– Det er ikkje så mange norske muslimar som kjem hit, så eg hugsa han.

Tlili har brukt onsdagskvelden på å snakke med medium frå inn- og utland etter at det vart kjent at moskeen hadde hatt besøk av den drapssikta. Alle vil vite kva inntrykk Tlili fekk av han.

Kongsberg islamsk kultursenter

Kongberg Islamske kultursenter fikk besøk av mannen som er sikta for Kongsberg-drapa.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Ikkje oppteken av islam

– Han kom til oss tre gonger, trur eg, for fire–fem år sidan. Vi ønskte han velkommen, men han gav eit forvirrande inntrykk, seier Tlili til NRK.

Tlili fortel at mannen ikkje kom for å be. Det verka heller ikkje som at han kunne mykje om islam.

– Han var ikkje oppteken av islam. Han ville fortelje om ei slags openberring han hadde hatt, og ville ha mi hjelp til å formidle den bodskapen. Eg forklarte han at det kunne eg ikkje hjelpe han med.

Vurderte å varsle politiet

Tlili oppfatta han som anspent, men ikkje som truande, og heller ikkje som radikalisert.

– Nei, for all del! Det var fjernt for meg å tenkje. Han kom ikkje med nokon truslar eller sa noko plagsamt. Eg tenkte meir at han trong litt hjelp, og tenkte då på helsa hans.

Tlili seier han vurderte å gå til politiet, men syntest ikkje han hadde noko å gå på.

– Eg var jo litt engsteleg for kva han kunne finne på, men då kontakten vart broten, la eg det bort.

Etter dei tre besøka har vi ikkje vore i kontakt med han, seier Tlili.

Lys og blomster i Kongsberg sentrum torsdag kveld

Kongsberg sentrum var torsdag kveld prega av dei mange lysa som folk har tent.

Foto: Per Lykke

Stille i moskeen

Det islamske kultursenteret ligg i Kongsberg sentrum, rett ved togstasjonen, på andre sida av Myntbrua frå der drapa skjedde. Senteret held til i eit enkelt, gulmåla trehus på to etasjar.

Ifølgje Tlili har forsamlinga 360 registrerte medlemmer. Før pandemien kunne dei vere opptil 800 samla til fredagsbønn og id-feiring.

– No er det veldig stille. Det er ikkje fleire enn 20–30 som kjem til fredagsbønna no.

– Kva seier folk på senteret no om det som skjedde?

– Alle her uttrykkjer sorg. Dette rammar jo heile byen, som vi er ein del av. Vi veit heller ikkje om nokon i forsamlinga er ramma direkte endå. Så vi deler sorga med heile Kongsberg og med dei som er direkte ramma.

– Er det eit radikalt muslimsk miljø på senteret?

– Nei, for all del. Verken på senteret eller i Kongsberg har eg fanga opp signal som tyder på noko slikt. Vi har hatt mange dialogmøte med politiet. Viss vi merkar tendensar til radikalisering, vil vi varsle både politiet og kommunen, seier han.

Varsla i 2017: Meinte han var ei tikkande bombe

Ein barndomsven av den sikta varsla politiet alt i 2017 om at han frykta at liv kunne gå tapt. Han vart uroa etter at Bråthen hadde lagt ut to videoar på nettet.

I videoen seier Bråthen: «Hei. Eg er ein bodbringar. Eg kjem med ei åtvaring. Er det verkeleg det her det de vil? Og til alle som har lyst til å gjere opp for seg sjølv, så er tida inne. Vær vitne til at eg er muslim.»

Barndomsvenen fortel til NRK at han trudde at venen var sjuk og ønskte å hjelpe han. Difor varsla han politiet.

– Eg håper de i politiet tar dette på alvor, sa venen i varselet for fire år sidan.

No er den 37 år gamle barndomsvenen sikta for drap på fem menneske.

Skal vurderast psykisk

Den sikta 37-åringen blir framstilt for varetektsfengsling fredag i tingretten på Kongsberg. Han skal og observerast av psykiatrar som skal forsøke å avgjere om han er tilrekneleg.

Bråthens forsvarar, Fredrik Neumann, seier at klienten hans har vore i samtalar med helsepersonell torsdag og at han samarbeider med politiet. Han vil ikkje gå inn på kva den sikta har forklart om motiv eller planlegging.

PST-sjef Hans Sverre Sjøvold seier at saka kan handle mykje om psykiatri.

– Dette er ein person som har gått ut og inn av helsevesenet ein periode. Vi må bruke litt tid å samanfatte historikken her, og det er viktig at etterforskinga får dette avklart, seier Sjøvold.

LES OG:

AKTUELT NÅ