Hopp til innhold

Augevitne om den skadde politimannen: – Han er ein helt

I kveld minnest folk på Kongsberg dei drepne med blomar og lys. Mange rosar politimannen som blei skoten og fekk folk vekk medan han hadde ei pil i ryggen. – Han er ein helt, seier augevitnet Markus Kultima.

Markus Alexander Kultima

I SJOKK: Markus Alexander Kultima blei jaga heim av den skadde politimannen. – Dei skritta heim var veldig lange, seier han.

Foto: NRK

Både på torget og ved dei ulike åstadane skin det i brennande lykter i kveld. Folk har sett ut bamsar og lagt ned blomar i hopetal.

Drapa på fem uskuldige menneske på Kongsberg har skaka nasjonen. For dei som var der då det skjedde er det heile uverkeleg.

– Det er heilt forferdeleg. Eg trudde først at det var nokon som hadde misforstått, seier Benedikte Wenchgaard til NRK.

Ho og venene tende i kveld lys ved ei av åstadane der drapsmannen Espen Andersen Bråthen drap eit av fem tilfeldige offer.

Ein av dei som var ute i gata i Kongsberg då skytinga starta var Markus Alexander Kultima.

– Eg gjekk rundt og koste meg og hadde musikk på øyret. Så brått kom det mykje blålys og ein mann ropar til meg at eg må kome meg vekk.

Kultima fekk sjokk då han såg at mannen hadde ei pil ståande ut av ryggen.

– Eg forstår ikkje korleis han turte å gå rundt med den pila og samstundes forsøkte å få folk heim. Han er ein helt, seier Kultima.

Benedikte Wenchgaard og venner tenner lys ved et av åstedene.
Foto: NRK
Torsdag minnes mange dei fem drepne på Kongsberg med å tenne lys og leggje ned blomar.

Angripen inne på Coop

Mannen med pila ut av ryggen er politimannen som er ein av i alt tre skadde etter den fryktelege hendinga på Kongsberg.

Han hadde fri og gjekk i sivile klede då angrepet skjedde inne på Coop Extra-butikken i Myntgata.

– Han er ein helt, seier vitnet Kultima igjen.

Sjølv slit han med kjenslene dagen etter drapa.

– Det vekslar mellom at eg føler meg bra og at eg græt, seier han.

Politimannen blei skriven ut av sjukehuset i Drammen onsdag ettermiddag. Det skal etter forholda stå bra til med mannen.

Drap tilfeldige

Det var mange folk ute og gjekk i gatene på vestsida i Kongsberg då angrepa skjedde.

Fleire vitne skildrar til NRK korleis politimannen sette andre menneske sitt liv framfor sitt eige.

– Han hadde ei pil ståande ut av ryggen, men han var oppegåande då, seier kvinna som vil vere anonym.

Alle blei bedne om å halde seg inne då gjerningsmannen gjekk rundt i sentrum.

– Det blei funne omkomne ute og det blei funne omkomne inne i bustadhus.

Det sa politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen til NRK torsdag ettermiddag.

Det står fram no som at gjerningspersonen drap tilfeldige menneske på sin veg gjennom Kongsberg sentrum.

– Vi har opplysningar om at gjerningspersonen har tatt seg inn i bustader der han utførte drap, sa Mathiassen.

Hansine Kristine Biringvad

SÅG DRAPSMANNEN: Hansine Kristine Biringvad sat på terrassen då ho såg folk springe vekk frå drapsmannen Espen Andersen Bråthen.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Såg folk springe

Ei av dei som kom tett på hendingane var Hansine Kristine Biringvad. Ho var ute på terrassen for å ta seg ein røyk då ho høyrde eit kraftig smell.

– Eg såg folk springe for livet nedover gata. Så såg eg han stå ved kumlokket litt lenger oppe, seier ho.

– Korleis såg han ut?

– Han hadde pilene i ei korg over skuldra, bogen hang rett ned.

Ho skulle sjølv ha vore på matbutikken då gjerningsmannen gjekk til angrep.

– Hadde eg ikkje tatt den røyken, så hadde eg vore på butikken. Det er skremmande å tenke på.

Gundoon Hersi og Silje Linstad.

UTRYGGE: Gundoon Hersi (t.v.) og Silje Linstad bur i nabolaget med drapsmannen. Dei seier at dei lenge har forsøkt å unngå han.

Foto: NRK

– Skummelt

Andre vitne NRK har snakka med skildrar gjerningsmannen som skummel og ein person dei forsøkte å unngå i det daglege.

– Eg var livredd, seier Gundoon Hersi.

Ho og venninna Silje Linstad tykkjer det er forferdeleg det som har skjedd.

– Eg synest det er skummelt at vi har budd så nære utan å vite at han kunne gjere noko slikt, seier Linstad.

Torsdag har folk lagt ned blomar og tent lys på torget som ligg i området der ugjerningane skjedde.

Sorga heng tungt over den vanlegvis så fredfulle byen i Buskerud.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger