Hopp til innhold

Miljørørsla skuffa: – Eit trist signal for miljøpolitikken

Naturvernforbundet og Greenpeace er skuffa over at SV no går ut av regjeringssonderingane. Men dei vil stille harde krav til Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Sonderinger i Hurdal

Leiar i Greenpeace Noreg, Frode Pleym, har vore på plass utanfor Hurdalsjøen hotell under sonderingane mellom Ap, SV og Sp.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det er veldig trist at SV no ikkje kan vere med, for det er ingen av SVs miljøkrav som er meir radikale enn det som trengst for å løyse natur- og klimakrisa. Dette er eit trist signal om kva slags retning den nye regjeringa har tenkt å ta på miljøområdet.

Det seier leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, til NRK.

Han er glad for at SV-leiar Audun Lysbakken har prøvd å få til eit samarbeid, men meiner dette ikkje lover godt for framtidas miljø- og klimapolitikk.

– Eg trur at Lysbakken har prøvd å få ein god regjeringsplattform, som er betre å regjere på enn å jobbe mot i Stortinget. Også er eg veldig skuffa over at Ap og Sp ikkje har ville gi SV meir på miljø og rettferdig fordeling enn det dei har.

Lysbakken seier dei vil få til meir i opposisjon enn i regjering. Gulowsen meiner dette tyder på at den nye regjeringsplattforma ikkje vil prioritere klima nok.

– Så synast eg det er bra at SV seier klart ifrå kor smertegrensa går på miljøområdet, viss det er slik at Sp og Ap har stått for hardt på gammaldagse krav om for eksempel full gass- og oljeleiting.

Truls Gulowsen

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier dette er eit trist signal om kva slags retning den nye regjeringa vil ta på miljøområdet.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Kviler eit enormt ansvar

Greenpeace møtte SV-leiar Audun Lysbakken etter pressekonferansen på Hurdalsjøen Hotell, der han kunngjorde at partiet trakk seg ut av regjeringssonderingane.

– Bra kjempa, sa Greenpeace-leiar Frode Pleym til Lysbakken.

Han håper partiet vil halde fram å jobbe for å stanse oljeleiting og sikre arbeidsplassar, trass i at dei ikkje går i regjering.

– Vår bodskap, ikkje berre til SV, men til Arbeidarpartiet og Senterpartiet, er at det no kviler det eit enormt ansvar for partia som går inn i forhandlingar, om å levere på det som var grunnen til at de gjekk ut, seier Pleym.

Ap og Sp kan ikkje springe frå den største utfordringa verda står overfor, meiner Pleym.

– Viss Støre ikkje leverer på klima, vil det vere eit historisk svik for framtidige generasjonar.

Sonderinger på Hurdalsjøen Hotell

SVs nestleiar Kirsti Bergstø slo tysdag av ein prat med Greenpeace utanfor Hurdalsjøen Hotell.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Også WWF Verdens naturfond meiner det kviler eit stort ansvar på partia som er igjen.

– Politiske avgjerder som blir tatt dei neste åra får stor innverknad på livsvilkåra for menneske og natur i mange generasjonar framover. Klima og natur var blant dei viktigaste sakene i årets valkamp, og politikarar som no forhandlar om regjeringsmakt er i stor grad valt inn på grunnlag av store natur- og klimaløfte, seier generalsekretær Karoline Andaur.

Oljepolitikk ein av hovudgrunnane

Lysbakken sa at ein felles front frå Ap og Sp i oljepolitikken var ein av hovudgrunnane til at hans parti trakk seg frå sonderingane.

– Vi skal halde fram med å jobbe for klimapolitikken frå Stortinget. Det er målet vårt, og grunnen til at vi gjorde det er fordi vi meiner vi kan få til meir for klimaet gjennom ei slik fri rolle. Då kan vi jobbe saman med alle som pressar på utanfrå, så skal vi få sørge for at presset aukar, seier Lysbakken til Greenpeace-leiaren.

Sonderinger i Hurdal

SV seier det var heilskapen på områda klima- og naturkrise og forskjellar som avgjorde då partiet braut ut av forhandlingane. Dermed er det opp til Arbeidarpartiet og Senterpartiet å danne regjering.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Leiar i Noah, organisasjonen for dyrs rettar, Siri Martinsen, takkar SV for at dei stod på krava for naturmangfaldet. Ho meiner partia på Stortinget no må forhindre «katastrofepolitikk for utryddingstrua rovdyr i Noreg».

– Noah er glade for at SV held løfta og ikkje går med på uakseptabel politikk for natur og trua dyr, som Sp har vore eit talerøyr for, seier Martinsen.

Vil ha grøn blokk på Stortinget

MDGs Rasmus Hansson er ikkje overraska over at SV ikkje ønsker å gå i regjering med Ap og Sp.

– Men dette opnar for første gong moglegheita for ei ekte grøn blokk på Stortinget. MDG vil invitere SV, Venstre, Raudt og KrF til brei allianse i Stortinget for å legge press på Ap og Sp i viktige miljøsaker og under budsjetthandlingar, seier Hansson.

Han meiner Stortinget får større makt viss det blir ei mindretalsregjering.

Rasmus Hansson og Audun Lysbakken

Rasmus Hansson i MDG seier dei vil kjempe for klima på Stortinget. – No må alle partia som prioriterer miljø vise at grønt er viktigare enn raudt eller blått, seier Hansson.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Vi må hindre at Ap og Sp søker fleirtal med Høgre og Frp i miljøpolitikken, som vi veit gjer at miljøet taper.

Også Venstre-leiar Guri Melby meiner det er eit dårleg teikn for klimapolitikken at SV ikkje går i regjering med Ap og Sp.

– Kvar for seg har dei to partia ein slapp klima- og miljøpolitikk, og nå slår dei seg saman. Noreg endar opp med ei grå regjering som kan søke fleirtal med Høgre eller Frp, seier Melby, som meiner dette også er eit mageplask for SV og partia som søkte samarbeid.

AKTUELT NÅ