Hopp til innhold

Kritisk til Verrett-video – meiner kongehuset bør gripa inn

Durek Verrett har publisert ein video der han seier at ånder kan ta bustad i born. Det får fembarnsfar Svein Tore Bergestuen til å sjå raudt.

FÅR KRITIKK: Fleire kritiserer videoen til Durek Verrett.

«Desse tinga er ekte, og vi må slutta la ånder plaga borna våre».

Det skreiv Durek Verrett i eit innlegg på Instagram fredag der han publiserte ein video. Det var VG som omtalte videoen fyrst.

I videoen kjem Verrett med det han kallar for tips om oppdraging.

– Du kan ikkje la det skje. Måten å stoppa det på er å halda barnet ditt, sjå dei direkte inn i augo, uansett kor ubehageleg det er for dei, og seia: «Du har inga makt her. Du er eit svakt vesen, og no sender eg deg inn i lyset. Djupt inn i lyset», seier Verrett i videoen.

– Plantar eit frø

Fleire har kritisert videoen. Blant kritikarane er samfunnsdebattant og journalist Ingeborg Senneset.

I eit innlegg på Instagram har ho ei klar oppmoding til Verrett:

«Slett dette våset. Ta eit oppgjer med det udokumenterte, ubrukelege og uetiske. Bruk den enorme rekkevidda og makta som ligg i ditt nettverk og di nye rolle.»

Ingeborg Senneset

Ingeborg Senneset meiner videoen bør slettast.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– For dei som allereie trur på det, så får dei ein megakjendis på sitt lag. Og for dei som ikkje var kjende med det frå før, så kan ein planta eit frø som kan gro til noko veldig, veldig stygt, seier ho.

– Dersom berre ein forelder tar det «rådet» Verrett gir, kan rekkja av negative konsekvensar for barnet bli svært lang. Den risikoen er vanskeleg å fatta at han vil ta, legg Senneset til.

Meiner kongehuset bør gripa inn

Også rådgivar og fembarnsfar Svein Tore Bergestuen reagerer på videoen til Durek Verrett.

I eit innlegg på Facebook skriv Bergestuen at Verrett bør «be om unnskyldning for å ha presentert ein bodskap om utdriving av mørke krefter i born som potensielt kan vera skadeleg».

– Det er ikkje slik ein skal handtera born. Det er ikkje bra, seier Bergestuen.

Svein Tore Bergestuen

Videoen til Durek Verrett fekk fembarnsfar og rådgivar Svein Tore Bergestuen til å sjå raudt.

Foto: Martin Fjellanger

Han meiner at kongehuset bør gripa inn og at dei ikkje kan la vera å seia ifrå at dette ikkje er greitt.

– Det ville vore veldig uheldig om dette går forbi i stille. At dette ikkje blir kommentert ved å ta avstand frå det, seier han.

– Dei må rett og slett forhalda seg til dette, legg han til.

– Ein spirituell rettleiar

NRK har vore i kontakt med kongehuset som ikkje ynskjer å kommentera saka.

– Vi har ingen kommentarar til utsegna og viser til Durek Verretts talsperson, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe.

Verken Durek Verrett eller talspersonen hans ynskjer å kommentera på den konkrete kritikken, men talsperson Simon Eriksen Valvik seier at «Dureks verksemd er basert på hans forståing og praksis av sjamanisme».

Simon Eriksen Valvik

Simon Eriksen Valvik, manageren til Durek Verrett.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Durek er ein spirituell rettleiar. Praksisen han fell utanfor tradisjonell medisinsk lisensiering og regulering, seier Valvik.

Han fortel vidare at dei ikkje diskuterer detaljar om behandlingsmetodar offentleg.

– Durek følgjer etiske retningslinjer i sin praksis og engasjerer seg berre i behandlingar av born med samtykke frå føresette eller helsepersonell.

Les også Durek Verrett: – Jeg er en hybrid av reptil og Andromeda

Durek Verrett

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger