Hopp til innhold

Måndag opnar fysioterapeuten klinikken sin – veit ikkje om han har lov å ta på pasientane

Fysioterapiforbundet meiner medlemmane deira treng tydelegare råd om behandling og smittevern før gjenopninga av klinikkane på måndag.

Fysioterapeut Lars Håvar Høgvoll (Lierklinikken)

GLER SEG TIL OPNING: Fysioterapeut ved Lierklinikken Lars Håvard Høgvoll fortel at han gler seg til å opne klinikken på måndag, men han vil ha tydelegare retningslinjer for smittevern.

Foto: Olav Døvik / NRK

– Vi veit enda ikkje om vi kan ta på pasientane, seier fysioterapeut Lars Håvard Høgvoll.

Måndag opnar truleg fysioterapeutane i Noreg klinikkane sine for pasientar, men ikkje før rettleiaren frå styresmaktene er klar. NRK får opplyst i kveld at rettleiaren ikkje er klar før måndag klokka 10.

Helseminister Bent Høie (H) seier at årsaka til dette er det omfattande og tidkrevjande arbeidet med å få ferdig rettleiaren for barnehagar og skular.

Bent Høie

Rettleiaren for fysioterapeutane kjem måndag, seier helseminister Bent Høie (H).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Rettleiaren for fysioterapeutane kjem på måndag, og dei kan opne på det tidspunktet dei opplever at dei kan følgje denne standarden. Og om dei ikkje greier det måndag, så må dei vente til dei oppfyller standarden i rettleiinga, seier Høie

Mange av fysioterapeutane er framleis usikre på korleis dei skal gå fram for å sikre godt smittevern i behandlinga av pasientar.

– Eg har forståing for at helsemyndigheitene har hatt det hektisk og at retningslinene våre ikkje er klare enno. Alternativet hadde vore å opne ei veke seinare, men eg skulle helst hatt tydelege retningsliner no sidan vi opnar på måndag, seier Høgvoll.

Vil ha klarare retningsliner

– Fysioterapeutane går inn i helga med uvisse, sidan bransjestandardane ikkje er sette enno, seier forbundsleiar Gerty Lund i Norsk fysioterapeutforbund.

Ho meiner tydelegare retningsliner for smittevern må på plass.

For eksempel om terapeutane kan ta på pasientane, kven dei kan behandle frå risikogruppene og korleis dei skal ta omsyn til råda om sosial distansering. Ikkje minst treng dei informasjon om kva smittevernutstyr dei må skaffe seg.

– Vi er fleksible og eg reknar med at vi klarar dette, men fysioterapeutane treng og å vite kva smittevernutstyr dei må ha og korleis dei skal få tak i det, seier Lund.

Meiner forslaget om retningslinjer er diffust

Tysdag sende styresmaktene ut høyringsforslag om retningslinjer for opninga av fysioterapiklinikkar.

Forbundet veit enno ikkje korleis retningslinjene vil ende opp, men leiaren er tydeleg på kva ho meiner om det styresmaktene har presentert.

– Dei er for diffuse, i den er det opp til kvar enkelt fysioterapeut kva dei skal gjere, seier Gerty Lund.

Ho understrekar at deira medlemmar etter forholda er godt forberedte på å opne att på måndag, men at dei framleis treng felles råd for alle.

– Det hastar å kome i gang med behandlinga no

Sidan 13. mars har fysioterapisentera i Noreg måtte halde stengt.

Fysioterapiforbundet meiner det hastar for fleire av dei minst 150.000 pasientane, som ifølgje deira tal, fekk behandlinga si sett på vent av tiltaka mot koronaviruset.

– Vi veit at pasientane med muskel og skjelettplager som går meir enn 6 til 8 veker, kan få kroniske problem, som gjer det vanskelegare å få dei tilbake i arbeidslivet, seier Lund.

Utanom om psykiske problem og åtferdsforstyrringar er slike plagar dei vanlegaste årsakene til at nordmenn vert uføretrygda.

– Det er derfor relativt dårleg berekraft for samfunnet. Så eg vil seie at det hastar å kome i gang med behandlinga no. I alle fall for pasientane som vil få redusert funksjonsnivå om dei ikkje får behandling, seier Lund.

14. april haldt Justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie den første daglege pressekonferansen om koronasituasjonen etter påske.

– Snart kjem frisørane til å opne dørene, og fysioterapeutane til å møte pasientane ansikt til ansikt. Og då er det veldig lett å tenkje at alt blir som før, men eg må understreke at det er lenge til alt blir som før, sa Høie då.

AKTUELT NÅ