Hopp til innhold

Målingskongen brukar mest pengar av alle - får kritikk frå fleire hald

Senterpartiet vil bruke 29 milliardar meir i oljepengar enn regjeringa og vil vere avgiftslettepartiet på raudgrøn side. Men Vedum får kritikk for å være uansvarleg i pengebruken.

Sp legger fram alternativt statsbudsjett for 2021

RAUS: Senterpartiet brukar 29 milliardar meir i oljepengar enn regjeringa har foreslått.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Eit Senterparti i kraftig medvind la i dag fram sitt alternative budsjett. Det er eit dokument som viser korleis statsbudsjettet for neste år ville sett ut dersom dei sat med makta.

Brukar meir

Senterpartiet skil seg ut på mange måtar i norsk politikk om dagen. Også med pengebruken.

Partiet er det einaste på raudgrøn side som i sum gir skatte- og avgiftslette. Og oljepengebruken på 29 milliardar kroner er høgast av alle opposisjonspartia.

Dette er nokre av dei viktigaste budsjettpostane som gjer at Senterpartiet må hente meir pengar frå oljefondet:

  • 8 milliardar kroner skal gå til forlenga og betra kompensasjonsordning for bedrifter, også til flyselskap.
  • Arbeidsløysekrisa: 7 milliardar til auka dagpengar, feriepengar på dagpengar og lønstilskot til arbeidsgjevarar som tek inn folk med delvis arbeidsevne.
  • Om lag 7 milliardar i auka overføringar til kommunar og fylkeskommunar.
  • Sp vil samla sett gje skatte- og avgiftslette som kostar 3 milliardar neste år, dei gir 10 milliardar i avgiftslette, mens dei dreg inn langt meir i skatt, blant anna ved å skattlegge rike hardare.
  • Av dette vil redusert matmoms frå 15 til 12 prosent på sikt koste 5 milliardar årleg (men ca. 3 milliardar neste år fordi dei vil innføre det frå 1. april).
  • 1,5 milliard til å styrke forsvaret.

Då regjreinga la fram forslaget til statsbudsjett i oktober, la dei opp til å bruke 313 milliardar frå oljefondet, det er ein oljepengebruk som ligg på 3,0 prosent av verdien i fondet.

Men dei varsla samtidig at det ville kome fleire krisepakkar seinare. Det står med andre ord ikkje to strekar under oljepengetalet frå regjeringa. Etter forhandlingar med Frp om krisetiltak og statsbudsjett har regjeringa allereie gått med på å auke pengebruken med 4,4 milliardar kroner. Fleire krisepakkar med milliardtiltak kan kome etter nyttår.

– Ansvarleg

Men Senterpartiet meiner det er meir ansvarleg å vise milliardsatsingane no, og ikkje vente på å auke rekninga utover i 2021.

Trygve Slagsvold Vedum meiner auka oljepengebruk er forsvarleg.

HEILSKAPLEG PLAN: Trygve Slagsvold Vedum meiner auka oljepengebruk er forsvarleg.

– Regjeringa har kome med åtte tiltakspakkar klattvis. Vi meiner det er feil slik regjeringa gjer det med å varsle ny tiltakspakke i januar. Vi vil ha ein heilskapleg plan, det er meir føreseieleg. Det er ikkje sikkert vår oljepengebruk blir høgare enn regjeringa sin når det kjem til stykket, seier partieleiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Kvifor er det rett å hente meir pengar frå sparegrisen framfor å budsjettere med skatteinntekter slik at vi går i balanse?

– Det er heilt riktig, for vi treng å få folk ut i arbeid.

Partiet er også sterkt kritisk til den måten regjeringa har prioritert pengebruken sin dei siste åra.

– Det som er ansvarleg økonomisk politikk i gode tider er å forsøke å halde igjen. Det har ikkje dagens fleirtal gjort, dei har ausa ut med oljepengar når det har gått bra, seier finanspolitisk talsperson Sigbjørn Gjelsvik.

– Og det er ansvarleg økonomisk politikk når det går dårleg i økonomien å stimulere til auka aktivitet, argumenterer han vidare.

Også dei andre opposisjonspartia brukar meir oljepengar enn regjeringa i sine budsjettforslag. Men ingen er i nærleiken av å foreslå så mykje som Senterpartiet.

Stat, stat, stat

Trass forslaga om samla skatte- og avgiftslette meiner Høgre at Senterpartiet med dette budsjettet plasserer seg langt til venstre i politikken.

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner partiet som historisk har sitt opphav i sjølvstendig næringsdrivande bønder, presenterer ein politikk med offentleg driven næringspolitikk.

Distrikt- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

STAT OG SUBSIDIAR: Linda Hofstad Helleland (H) er ikkje imponert.

Foto: Biret Ravdna Eira / NRK Sapmi

– Svaret på alle problem er ifølgje Vedum stat, stat, stat og meir stat. Summen er eit næringsliv av kun offentleg subsidierte arbeidsplassar som berre har Noreg som marknad. Det er oppskrifta på eit fattigare land.

Ho meiner den samla pengebruken og skjerping av formuesskatt er problematisk.

– Det er tydeleg at Senterpartiet plasserer seg langt til venstre og at Høgre har mista ein alliert i kampen for jobbar over heile landet, og særleg i distrikta. Dette er eit budsjett som gjer det vanskelegare for nordmenn, men enklare for utlendingar å eige norske bedrifter og norske jobbar. Her gjer Vedum seg lekker for MDG og Raudt, påstår Helleland.

Meiner Senterpartiet er resignert

Men Vedum har iallfall ikkje gjort seg lekker for SV. Finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski meiner Senterpartiets budsjettforslag viser eit resignert parti.

– Det er skyhøg oljepengebruk og langt meir enn det er realistisk at ei ny regjering kan bruke i åra framover. Difor synest eg det er skuffande at dei ikkje heller vel å auke skattane meir for dei rikaste i landet.

Sosialistisk Venstreparti med alternativt budsjett 2021

SKYHØGT: Ikkje realistisk, meiner SVs Kari Elisabeth Kaski.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det som er skuffande med dette budsjettet er at dei svekkar inntektene til staten, seier Eigil Knutsen som sit i finanskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet.

Kuttar konsulentar

Senterpartiet har prata mykje om statleg konsulentbruk. Dei hentar mykje pengar på å kutte i det.

Her er ei oversikt over kva Senterpartiet gjer på nokre av områda der dei har vore ivrige i den politiske debatten:

  • Dei vil spare 3,5 milliardar på å trappe ned EØS-midlar som Noreg gir til andre europeiske land.
  • Dei sparar nærmare 2 milliardar kroner på byråkratikutt i dei fleste sektorar, særleg innanfor helse og politiet.
  • Partiet vil i tillegg spare om lag ein milliard på konsulentbruk i staten.
  • Dei gir om lag ein milliard meir til sjukehusa, men samla sett sparar dei ein halv milliard på helse- og omsorgsfeltet fordi dei kuttar i slikt som fritt behandlingsvalg, løyvingar til nytt Oslo-sjukehus og statleg finansiert eldreomsorg (blir overført til kommunane).
  • Dei gir 100 millionar i oppstartsmidlar til bygdevekstavtalar etter modell av byvekstavtalane, men dei kuttar ikkje i byvekstavtalane.
  • 335 millionar kroner til styrking av politidistrikta.
  • Partiet gir 30 millionar kroner til å opprette lensmannskontor. (Tilsvarar 0,03 milliard)

– Kvifor ikkje meir til den politiske kjepphesten lensmannskontor?

Vi har satt av ein halv milliard til å styrke politiet og å få fleire politistillingar, svarar partileiar Vedum.

– Men kor mange lensmannskontor får du får 30 millionar?

Jau, men det er berre til sånt som kontorleige og andre minimale kostnader rundt det. Det er dei tilsette og folka som kostar pengar. Vi må vere ansvarlege. Vi set av ein sum for å få nokre fleire tenestestader, og så set vi av store pengar til å tilsette fleire folk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger