Hopp til innhold

No kan du seie kva du syns om forslaga til dei nye kosthaldsråda

Et frukt og grønt, fullkorn og mindre kjøtt. Det er framleis anbefalingane frå staten. No kan du seie di meining om dei nye kosthaldsråda frå styresmaktene.

Frukt og grønt

Me veit det nok alle, men å eta mest mogleg frukt og grønt er bra for både helsa og planeten. Det speglast òg i dei nye kosthaldsråda frå Helsedirektoratet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Helsedirektoratet har lagt ut forslaga sine til råd om kva mat folk i Noreg bør eta på høyring. Det vil seie at folk kan komma med innspel dei neste åtte vekene. Fristen er 20. mai.

Myndigheitene vil mellom anna vita om folk forstår kva råda faktisk betyr, og korleis ein kan følga dei.

Dette er forslaga til dei nye råda:

  • Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket, og et med glede.
  • Frukt eller grønsaker bør vere ein del av alle måltid.
  • La grovt brød eller andre fullkornsprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.
  • Fisk og sjømat, bønner og linser og reint kjøt er gode kjelder til protein – varier bland desse. Vel lite raudt kjøt og minst mogleg tilverka kjøt.
  • Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt.
  • Mat og drikke med mykje salt, sukker eller metta feitt bør avgrensast.

Men styresmaktene framhev òg ein annan ting:

– Et med glede og sett av tid til måltidet, skriv Helsedirektoratet.

Frå tolv til seks råd

Den største endringa er kanskje at styresmaktene går ned frå tolv kosthaldsråd til seks.

– Det gjer vi basert på innspel vi har fått. Man ynskjer færre råd, og at råda er formulert på ein annan måte. Det seier Linda Granlund, som er divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Ho seier at mange tenker at det er vanskeleg å huske 11 råd.

– Det viktige er at man hugsar essensen i kva eit sunt kosthald er.

Linda Granlund, Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Linda Granlund

Foto: NTB

Granlund understrekar at dei ikkje lanserer dei nye råda i dag.

– Vi legg ut eit utkast av det vi meiner kan vere råd, men vi er veldig opptekne av at no kan man spele inn på det. Dei nye kosthaldsråda vil bli lansert ute i august. Så no har vi ein offentleg høyring, så alle som ynskjer det kan kome med innspel på det vi legg ut no. Vi sender dette ut på høyring.

Ho understrekar at dette dreier seg om kvardagskosthaldet.

– Vi ser jo at vi et for lite frukt- og grønsaker, for mykje kjøt, for lite fisk, så det er et potensial.

– Hugs kvardagskosthaldet. Så kan man kose seg innimellom, avsluttar Granlund.

Les også Sier nye kostholdsråd vekker internasjonal oppsikt

Frukt og grønt er en viktig del av kostholdet rundt Middelhavet.

Klimavennlege val

Fleire av punkta legg vekt på kva mat som er meir klimavennleg.

– Det vi har sett på er både helseeffektane av kosthaldet og klima- og miljømessig påverknad.

Men Granlund understrekar at dei har brukt helsedokumentasjonen og lagt den til grunn for dei nye råda.– Men vi omtalar også kva for effekt dei enkelte matvaregruppene har på klimamessig påverknad, seier Granlund.

Oppdaterte råd

Dette er fyrste gang kosthaldsråda vert oppdaterte sidan det kom nordiske kosthaldsråd i juni 2023.

Òg desse råda la stor vekt på å ete klimavennleg.

– Det kosthaldet som er langt betre for helsa vår, er òg det som er langt betre for planeten. I det store og det heile er det veldig små motsetningar, sa ernæringsforskar Rune Blomhoff til NRK då.

Anbefalingane i dei nye norske råda er baserte på dei nordiske råda, som mellom anna råda folk unngå all alkohol.

Det vekka stor merksemd.

Men ulikt dei nordiske råda, seier forslaga til Helsedirektoratet ikkje noko om alkohol. Det er merkeleg, synest foreininga Av-og-til.

– Det er skuffande og overraskande at alkohol ikkje er inkludert i utkastet, uttalar organisasjonen, som meiner det hastar med alkoholråd.

Les også Unge kan for lite om sunt kosthold, viser ny forskning

Vi ser Else-Linn stå inne i en matbutikk med fylt handlekurv og en rømme-boks i hånda. Hun leser på boksen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger