Hopp til innhold

Kriminelle stel datakraft for å lage digitale pengar

Populariteten til kryptovalutaer gjer at kriminelle har kastar seg på trenden, og stel straum og datakraft for å lage digitale pengar.

Bitcoin.jpg

Bitcoin er den største kryptovalutaen. Men det finst over 1500 ulike digitale valutaer i verda. Og aukande etterspurnad etter slike digitale pengar gjer dette til ein lukrativ marknad for kriminelle.

Foto: 3d illustration of bitcoin over cyber background with cpu, 3d illustration of bitcoin over

Tidlegare brukte kriminelle lausepengevirus for å tene pengar. No bruker dei i staden programvare til å stele datakraft og straum frå datamaskiner slik at dei kan lage kryptovaluta dei kan selje og tene pengar på.

Sjølv om verdien på kryptovalutaer har vore ustabil den siste tida, er det framleis mange som har trua på slike digitale pengar, og det gjer dette til ein lukrativ metode, seier Torgeir Waterhouse i IKT Norge.

– Ved å ta i bruk maskiner, dataprogramvare, ressursar og straum som høyrer til andre, slepp dei å ta kostnaden i prosessen. Samtidig går gevinsten rett til kriminelle. Og risikoen for å bli oppdaga er liten.

Torgeir Waterhouse

Den enklaste måten å stoppe datakriminelle på, er å alltid ha oppdaterte sikkerheitssystem på datamaskinen, seier direktør for internett og nye medier i IKT Norge, Torgeir Waterhouse.

Foto: IKT-Norge

Misbruker nettsider

Det er to måtar kriminelle spreier skadeleg programvare. Anten ved at nettbrukarane installerer programvara etter dei har trykka på ein nettlenke eller opna ein e-post. Eller dei infiserer nettsider slik at alle som er innom, er med på å lage kryptovaluta.

Heimesida til Stavanger kommune er blant dei som har opplevd å bli misbrukte. Nettredaktør Tone Gaard sa tidlegare i februar at dette var ein heilt ny situasjon for dei.

– Vi må ta alle hendingar av denne typen alvorleg. Slike forsøk på infisering og bruk av andre si datakraft har ikkje vi opplevd tidlegare.

Tilbyr antivirus-scan

Med nesten to milliardar brukarar på verdsbasis, er Facebook eit ynda mål for mange kriminelle som vil spreie virus. For å hindre at dette skjer, har selskapet system som skal fange opp skadelege lenker og filer i Facebook og Messenger.

– Dersom vi mistenker at dataen din er infisert av malware, tilbyr vi gratis antivirus-scan frå våre klarerte partnarar. Vi har allereie fjerna mange av desse lenkene frå plattforma vår, skriv ein talsperson frå Facebook i ein e-post til NRK.

Facebook

Populariteten til Facebook gjer nettstaden også populær blant kriminelle som ønsker å spreie virus på nett. Facebook seier dei har sett i gang fleire tiltak for å oppdage og fjerne skadevare.

Foto: LEON NEAL / Afp

Må oppdatere

Det kan vere vanskeleg å oppdage at ein maskin blir misbrukt. Skadevara jobbar ofte i bakgrunnen, utan at maskineigaren merkar det. I nokre tilfelle kan ein merke at datamaskina jobbar saktare og går fortare tom for straum fordi valutaproduksjonen er kraftkrevjande. Men det er likevel problematisk at dette skjer, seier seniorrådgjevar Vidar Sandland i Norsk senter for informasjonssikkerhet, NorSIS.

– Det er eit problem fordi dei kriminelle stel maskinkraft og straum frå deg. Samtidig er du med på å finansiere kriminell aktivitet.

Vidar Sandland, Norsis

Seniorrådgjevar Vidar Sandland i NorSIS seier folk kan vere med å finansiere kriminell aktivitet når datamaskiner blir brukte til å produsere nye kryptovalutaer.

Foto: Jan Tore Verstad / Norsis

Den sikraste måten å sikre seg, er å alltid ha oppdatert sikkerheitsprogramvare, både heime og på jobb, seier Waterhouse.

– Vi må heile tida betre systema våre, og alltid vere klar over nye problemstillingar og risikoar vi kan bli utsette for. Den beste måten vi kan gjere det på, er å alltid ha oppdatert sikkerheitsprogramvare.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger