NRK Meny
Normal

Krev ekstern evaluering av saker med mindreårige asylsøkjarar

Fleire organisasjonar krev at saker som handlar om lengeverande mindreårige asylsøkjarar må evaluerast eksternt. Dei fryktar at Utlendingsnemnda ikkje tek nok omsyn til kva som er best for barnet.

Innslag fra Kveldsnytt

VIDEO: Ber om ekstern gransking av asylsaker.

Det er Fellesorganisasjonen, Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas), Norsk Folkehjelp og Redd Barna som no har skrive brev til partileiarane i Kristeleg Folkeparti og Venstre, støttepartia til regjeringa, der dei ber om hjelp til å få på plass ei ekstern evaluering av avgjerdene til Utlendingsnemnda.

I brevet ber dei Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide syte for at ein ekstern aktør får ansvar for å gå gjennom og evaluere vurderingane og avgjerdene til Utlendingsnemnda i saker som gjeld lengeverande mindreårige asylsøkjarar.

Kritiserer rapport

Norske styresmakter endra i 2015 den såkalla utlendingsføreskrifta. Borns tilknyting til landet skulle spele ei større rolle ved vurdering av opphald på humanitært grunnlag.

Utlendingsnemnda la i januar i år fram ein rapport, der dei konkluderer med at dei har teke større omsyn til kva som er best for barnet og barnet si tilknyting til landet.

Norsk organisasjon for asylsøkjarar er usamd i dette, og seier at Utlendingsnemnda bryt intensjonen i lova på fleire punkt.

– Dette viser at vi sender ut folk som er i en livsfarlig situasjon

– Absolutt terskel

– Blant anna var det gjort tydeleg at born skulle høyrast i større grad, det gjaldt born som hadde vore i Noreg i om lag fire og eit halvt år, men dette skulle sjåast i forhold til andre forhold. Men her har nemnda operert med fire og eit halvt år som ein absolutt terskel for å gå vidare med sakene, seier Ann Margit Austenå, generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkjarar, til NRK.

Ho håpar no at Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande støttar dei i dette kravet, og tek det med seg inn i samtalane med regjeringa.

Norsk organisasjon for asylsøkjarar har gått gjennom mange avgjerder frå Utlendingsnemnda der familiar har fått saka si vurdert etter det nye regelverket som blei innført i desember 2014.

Slik forklarer UDI at noen behandles annerledes enn andre

Rettstryggleik

Denne gjennomgangen konkluderer med at det framleis er store problem knytt til rettstryggleiken til barna, skriv dei fire organisasjonane i brevet. Omsynet til det beste for barnet blir ikkje nok greidd og lagt vekt på, meiner organisasjonane.

Vi trenger politikere som samler

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger