Hopp til innhold

Kongeparet skal til Jordan i sitt 50. statsbesøk

Kong Harald og dronning Sonja reiser i mars på statsbesøk til Jordan. Det blir statsbesøk nummer 50 for kongeparet.

Kong Harald og dronning Sonja.

Kong Harald og dronning Sonja reiser til Jordan på sitt satsbesøk nummer 50 i mars. I løpet av besøket skal ein blant anna sjå om det er grunnlag for samarbeid mellom norsk og jordansk næringsliv.

Foto: Sølve Sundsbø / Kongehuset

Kongeparet innleiar statsbesøket i Amman 2. mars, og skal vere i Jordan i to dagar. Dette blir det første statsbesøket til Midtausten for kong Harald og dronning Sonja, melder Slottet på heimesidene sine. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og næringsminister Iselin Nybø skal også vere med på reisa saman med ein næringslivsdelegasjon.

Under besøket skal ein blant anna undersøke om det er grunnlag for samarbeid og kompetansebygging mellom norsk og jordansk næringsliv.

Blant områda dei skal sjå på er fornybar energi, vassteknologi, turisme og kreftbehandling. Det blir også arrangert eit seminar i regi av Innovasjon Norge der målet er å finne ny løysingar for utfordringar i energisektoren.

Dronning Rania og kong Abdullah på statsbesøk i Norge i 2000.

Dronning Rania (t.v.) og kong Abdullah av Jordan besøkte det norske kongeparet i 2000. No reiser det norske kongeparet på gjenvisitt.

Foto: NTB Scanpix

Skulebesøk

Kongeparet skal også besøke ein jenteskule i byen Salt, der Noregs Fotballforbund har bygd ei fotballbane. Prosjektet skal gi barn som har flykta frå Syria ein aktiv kvardag og bli betre integrerte i det jordanske samfunnet.

Situasjonen i Midtausten blir også eit tema når Institutt for fredsforskning, Prio, og den jordanske forskingsinstitusjonen Centre for Strategic Studies arrangerer seminar. Der skal ein blant anna sjå korleis ein kan ta vare på moglegheitene for dialog i regionen.

Statsbesøket blir avslutta i oldtidsbyen Petra 4. mars. Byen står på verdsarvlista til Unesco og er den mest besøkte turistattraksjonen i Jordan.

Det er Jordans kong Abdullah som er vert for statsbesøket. Det er i år 20 år sidan han og dronning Rania var på statsbesøk i Noreg.

Avlyste oppdrag

Kong Harald har avlyst fleire oppdrag dei siste månaden på grunn av sjukdom. Like før jul blei han sjukmeld blei på nyåret sjukmeld på grunn av ein virusinfeksjon. Men etter nokre dagar var han tilbake på jobb.

Første juledag kom meldinga om at den tidlegare svigersonen til kongeparet, Ari Behn, var død. Kongeparet uttrykte djup sorg, og avlyste fleire oppdrag etter dødsfallet. Kong Harald skulle blant anna ha vore med å opne Johan Sverdrup-feltet, men måtte avlyse.

Tidleg i januar blei kong Harald sjukmeld på nytt, og blei lagt inn på Rikshospitalet fordi han kjende seg svimmel. Han blei friskmeld i førre veke.

AKTUELT NÅ