Hopp til innhold

Kommunemåling: Høgre i rute eit halvt år før valet

Med seks månader att til kommunevalet ligg Høgre stabilt som det klart største partiet. Håpet om å vinne tilbake lokal makt stig no mange stader.

fkKxgCtsa7U

I RUTE: Det ser bra ut for Høgreleiar Erna Solberg eit halvt år før kommunevalet. Her er ho på turné i fjor sommar.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det var eit stort tap å miste byen i 2019, seier Kjell Arne Hermansen. Han er Høgres ordførarkandidat i Drammen, ein av byane som Høgre tapte i kommunevalet 2019.

No er han ein av fleire Høgre-folk som kan håpe på å vinne tilbake makt. For på Norstats nasjonale kommunemålingar for NRK og Aftenposten, ser det stadig litt lysare ut.

Nasjonal kommunemåling mars 2023

Kva for eit parti ville du ha stemt på om det var kommuneval no?

PartiOppslutningEndring
28,7%
+0,2
21,6%
+0,4
9,1%
+1,0
8,6%
−0,3
7,7%
−0,1
5,6%
+0,4
4,5%
−0,2
3,6%
−1,2
3,5%
−0,9
7,1%
+1,7
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 989 intervjuer gjort i perioden 23.2.23–28.2.23. Feilmarginer fra 1,3–3,4 pp. Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Andre: Pensjonistpartiet 1,7 %, Industri- og næringspartiet (samanslått med Helsepartiet) 1,3 %, Norgesdemokratane (tidl. Demokratane) 1,1 %. Dei siste 3 prosentane fordeler seg på ei rekke småparti.

Tala for stortingsmålinga finn du nedst i artikkelen.

– Det ser ut til at Høgre ligg an til å gjere eit veldig godt val no, og at Ap og Sp går kraftig tilbake når ein samanliknar med det gode raudgrøne valet i 2019, seier Johannes Bergh, forskingsleiar på Institutt for samfunnsforsking.

Johannes Bergh

ENDRINGAR: Forskar Johannes Bergh meiner det ligg an til store endringar i Kommune-Noreg.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

Om ein samanliknar mot 2019-valet har Ap og Sp gått tilbake 8,5 prosentpoeng blant veljarane, medan Høgre har gått fram med det same.

Endringane frå førre kommunemåling i februar er små og innanfor feilmarginane. Men tala kan gje politiske forandringar.

– Det blir store endringar i Kommune-Noreg dersom dette blir resultatet, fastslår Bergh.

Blå Drammens-smerte

Drammen var ein av fleire byar som gav smerte for Høgre i førre lokalval 2019.

Nasjonalt hamna partiet på 20,1 prosent. Ap tok makta i alle dei største byane, mens Senterpartiet tok makta i mange små.

Etter mange år med Høgre-styre tok den andre sida over også i Drammen, og kommunen er i dag styrt av arbeidarpartiordførar.

Fra venstre: Daglig leder i Åssiden idrettsforening, Ørjan Dimmestøl, ordførerkandidat Kjell Arne Hermansen, Erna Solberg

VALKAMP: Høgres toppkandidat i Drammen Kjell Arne Hermansen fekk draghjelp av partileiar Solberg tidlegare i år.

Foto: Henning Rønhovde

Ordførarkandidat Kjell Arne Hermansen meiner sjølv ei delforklaring er at kommunereforma gjorde at nye Drammen kommune vart slått saman med kommunane Nedre Eiker og Svelvik der Arbeidarpartiet står sterkare.

Men no gir dei nasjonale trendane han håp.

– Historisk ligg jo Høgres resultat i Drammen gjerne 5-6 prosent over dei nasjonale målingane. Så desse tala er ein kraftig motivasjonsboost for oss. Vi treng eit skifte her, seier Hermansen og peikar på skule, eldreomsorg og eigedomsskatt som viktige lokale saker.

– Alt som er litt fram er bra

NRK møter statsminister Jonas Gahr Støre i Longyearbyen på Svalbard onsdag.

– I desse tider synest eg alt som handlar om litt fram er bra, ler Støre.

Statsministeren besøker Svalbard

LITT FRAM, LITT BRA: Ap-leiar Støre vel å sjå det vesle lyset i dagens måling.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det er tal eg meiner vi kan stige vidare frå. Men no må vi tenke lengre fram enn neste måling. Vi må jobbe på litt lengre sikt, vi må gje folk trygg kvardag i ei tid med prisstiging, høge renter og krig. Men vi har ein plan for det, og eg håpar vi får auka tillit ut av det.

Også regjeringspartnar Senterpartiet kan velje å fokusere på ei lita lysning om dei vil. 9,1 er godt under lokalvalresultatet på 14,4 i 2019. Men det er klart betre enn dei tristaste målingane i vinter, og det er samtidig piler som peikar rett veg samanlikna med førre månad.

Dette er historisk sett eit godt utgangspunkt før eit lokalval, sjølv om vi har større mål enn dette, seier parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad.

Men trass bitte litt betring frå februar, så har begge regjeringspartia eit svakare resultat no enn ved nyttår, og klokka tikkar mot val.

Eg er sikker på at våre motstandarar vil møte eit framoverlent Sp i valkampen rundt om i kommunane, seier Pollestad.

Vil vinne Bodø

Ein annan Høgre-optimist er toppkandidaten i Bodø, tidlegare fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen. Han utfordrar i ein by der det har vore Arbeidarparti-styre i litt ulike variantar i 20 av dei siste 24 åra.

– Det er noko på gang no, seier han håpefullt til NRK.

Odd Emil Ingebrigtsen Erna Solberg

GOD STEMNING: Erna Solberg og Odd Emil Ingebrigtsen.

Foto: Sondre Skjelvik

– Korleis vurderer du eigne sjansar til å ta makta då?

– Eg trur det er gode moglegheiter no. Det er summen av inntrykket eg får frå folk eg treff, lokale målingar og nasjonale målingar som denne. Og så kan det jo vere folk i Bodø er interessert i eit skifte etter åtte år med Ap-ordførar. Men det er ikkje anna å gjere enn å jobbe på.

Eit halvt år igjen

Politikkforskar Johannes Bergh har to åtvaringar til optimistiske høgrefolk.

– Utfordringa for Høgre er jo at Frp, Venstre og KrF ikkje nødvendigvis gjer det så godt, så det kan bli spennande mange stadar.

Høgres tradisjonelle samarbeidspartnarar Venstre og KrF er under det symbolske firetalet. Og Frp gjer det klart dårlegare når folk blir spurt om kommuneval enn stortingsval.

Og dessutan:

– Eit halvt år kan vere lenge i politikken. Dei sittande regjeringspartia har jo for eksempel fått oppleve store endringar på kort tid, seier Bergh.

Han forventar rett nok ikkje store omveltingar neste halvåret.

– Vi har den regjeringa vi har, og vi har dei utfordringane vi har med inflasjon og straumprisar. Så det er vanskeleg å sjå for seg store endringar, men ein kan aldri sjå bort frå det i politikken.

Norstat måler kva også kva folk ville stemt i stortingsval. Her ligg regjeringspartia lågare enn i kommunane, medan Høgre og Frp ligg høgare.

Nasjonalt partibarometer mars 2023

Kva ville du stemt om det var stortingsval no?

PartiOppslutningEndring
30,6%
−0,4
18,5%
+1,0
11,8%
−2,7
9,0%
+0,2
7,2%
+1,8
7,0%
+1,0
5,1%
+0,2
3,6%
−0,4
3,5%
0
3,7%
−0,9
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 985 intervjuer gjort i perioden 23.2.23–28.2.23. Feilmarginer fra 1,1–3,5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Industri- og næringspartiet/Helsepartiet blir målt til 1,8 %. Andre parti under «andre» ligg godt under 1 prosent.

Stortingsmålinga ville gitt høgresida med H, Frp, V og KrF fleirtal med 89 av 169 representantar.

Mandatfordeling mars 2023

Fordeling av stortingsrepresentantar dersom marsmålinga var val

PartiAntall mandater Endring
Høyre56+20
Arbeiderpartiet35−13
Fremskrittspartiet22+1
Sosialistisk Venstreparti16+3
Senterpartiet14−14
Rødt13+5
Venstre9+1
Kristelig Folkeparti2−1
Miljøpartiet De Grønne2−1
Andre0−1
985 intervjuer gjort i perioden 23.2.23–28.2.23. Feilmarginer fra 1,1–3,5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

AKTUELT NÅ