Hopp til innhold

Fersk måling: Ny nedtur for regjeringspartia

Regjeringspartia Ap og Sp starta lokalvalåret 2023 med eit lysglimt, men no følgjer ein ny knallhard beskjed frå veljarane.

Aps stortingsgruppe har godkjent Hurdalsplattformen

KRISETID: Partisekretær Kjersti Stenseng og partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet hadde nok håpa på lysning i den andre målinga kommunevalåret 2023. (Arkivbilete)

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Den første meiningsmålinga i lokalvalåret 2023 for ein månad sidan, viste at dei to regjeringspartia gjorde det vesentleg betre når folk svarar på kva dei skal stemme i kommunevalet enn kva dei ville stemt i stortingsval.

No er Norstats tal for februar her.

Ikkje som håpa

Jau då. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har framleis betre tal i kommunane enn i rikspolitikken.

Men nok ein gong peikar pilene feil veg.

– For dårlege tal, seier partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

Ap og Sp sin samla tilbakegang frå januar er på 3,2 prosentpoeng når folk blir spurt om kommunevalet. Endringane er innanfor feilmarginen, men dei to hadde trengt å sjå grøne piler som peika oppover.

Nasjonal kommunemåling februar

Kva ville du stemt om det var kommuneval no? Samanlikna med kommunemåling i januar.

PartiOppslutningEndring
28,5%
+1,7
21,2%
−2,1
8,9%
+0,4
8,1%
−1,1
7,8%
+1,0
5,2%
−0,4
4,8%
+1,9
4,7%
−1,1
4,4%
+0,5
1,5%
+0,3
4,9%
−1,1
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 995 intervjuer gjort i perioden 25.1.23–31.1.23. Feilmarginer fra 1,4–3,5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

INP (Industri- og næringspartiet) er størst av partia som ikkje er på Stortinget. Partiet meldte i går kveld at det slår seg saman med Helsepartiet. Bak samlesøyla «andre» ligg fleire andre småparti. Folkets parti FNB («Nei til meir bompengar») har ifølgje Norstat 1,0 % oppslutnad og Pensjonistpartiet 0,6 %, dei andre ligg lågare.

Tøff januar

Ved fleire høve har Arbeidarpartiet peika på korleis krevjande tider gjer det utfordrande for partia som sit med styringa.

Det gjer partisekretær Kjersti Stenseng denne gongen også.

– Januar har vore tøff for folk. Det er prisvekst og renteauke, folk merkar dette godt i lommeboka. At frustrasjon og misnøye blir retta mot dei som sit i regjering og styrer, er naturleg.

LO Stats Kartellkonferanse 2022

TØFT: Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Om Ap får 21,2 % i kommunevalet vil det vere det dårlegaste lokalvalet til partiet nokon gong med god margin. Mens nivået på stortingsmålinga denne månaden (17,5 %) er det nest lågaste partiet har hatt hos NRK. Berre slått av tidenes verste i desember.

– Trur du de er avhengige av å få slutt på dyrtida før kommunevalet viss valresultatet skal bli nokolunde då?

– Vi må iallfall vere litt tolmodige i ei tid med mange kriser oppå kvarandre. Så håpar eg vi skal sjå resultat av den politikken vi leverer no, både på renta og på prisveksten. Og så må vi ha fullt fokus på å synleggjere dei lokale kandidatane og sakene våre. Eg har trua på det, det er lenge til september.

– Er det Arbeidarpartiet eller folk som må vere tolmodige?

– Det trur eg er ein kombinasjon. Eg trur tilliten til Arbeidarpartiet vil auke når folk ser at kvardagen faktisk blir betre, seier Stenseng.

– Det tek litt tid før politikken verkar, men eg håpar vi ser betring utover vinteren og våren, både for folk og Arbeidarpartiet.

Regjeringspartnar Senterpartiet går tilbake på begge målingane. Endringane er små og innanfor feilmarginen, men partiet har lagt seg på langt lågare tal enn i dei to førre vala. Ei lita trøyst er at også oppslutninga om ordførarpartiet Sp er markert betre når folk blir spurt om kommunevalet enn om stortingsvalet, men eit nivå rundt 8 prosent i kommunane er langt unna resultatet på over 14 i kommunevalet 2019.

– Regjeringa skaper uro

Høgres nivå no ligg høgt over det skuffande lokalvalresultatet på 20 prosent i 2019, og 28,5 er også betre enn i januar.

– Dette er kjekt, for vi ligg på eit veldig høgt nivå, seier eksstatsminister Erna Solberg.

Erna Solberg

DOBLING? Høgre-leiar Erna Solberg håpar på dobbelt så mange ordførarar som i førre lokalval.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Ho meiner Arbeidarpartiets forklaring om urolege tider ikkje forklarar alt.

– Regjeringa har møtt vanskelege tider, men dei har valt å skape meir uro med sin eigen politikk, meiner ho og ramsar opp både skatt, helse og skule.

– Eg trur det er mange område der folk opplever at det blir skapt uro som er unødvendig i ei tid der det kjem mange utfordringar utanfor Noreg.

Solberg seier målet i valet i haust er å doble talet på ordførarar frå dagens 35.

Og KrF var ikkje død

KrF er eit parti det har vore relativt stille rundt sidan stortingsvalet i 2021.

I dei fleste målingane har partiet vore under 4 prosent.

Partiet har nokre sterke kommunar på sør- og vestlandet, men den samla oppslutninga i den første nasjonale kommunemålinga i januar såg heller dårleg ut.

Olaug Bollestad

OPP: KrF-leiar Bollestad kan glede seg over ein liten opptur.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Men i februartala får KrF ein sjeldan opptur. 4,8 prosent ville stemt KrF i kommunen dei bur.

Kristendemokratisk politikk er ikkje død. Det er verkeleg noko som trengst i eit samfunn som er utrygt og uroleg, seier partileiar Olaug Bollestad.

Vi står fast på verdiane våre, så må vi utvikle politikk som treffer samfunnet i dag, slår Bollestad fast og peikar på at partiet særleg fokuserer på familiepolitikk og helsepolitikk. Stortingsmålinga gir også framgang, men viser at KrF framleis har ein lang veg å gå.

Partibarometer februar

Hva ville du stemt om det var stortingsvalg? Sammenlignet med januar.

PartiOppslutningEndring
33,4%
+12,8
16,6%
−8,4
14,6%
+3,3
10,8%
+3,9
8,9%
−1,5
5,5%
+0,6
3,8%
−1,3
2,2%
+0,2
1,3%
−5,8
1,2%
−3,6
0,9%
−0,8
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 597 intervjuer gjort i perioden 14.3.23–20.3.23. Feilmarginer fra 0,9–5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Adresseavisen

Når ein spør folk om kva dei ville stemt ved stortingsval, viser det seg at Høgre, Frp og Venstre ville fått fleirtal med 88 av 169 representantar.

På stortingsmålinga er Frps framgang frå sist godt synleg.

– Eg trur folk er forferda over det dei har sett i eldreomsorga, er Frp-leiar Sylvi Listhaugs forklaring.

– Dei andre vil fortsette som før og la kommunane rydde opp, mens vi vil at staten må overta finansieringa slik at ikkje postnummeret ditt avgjer kva for eit tilbod du får.

Listhaug trur også at folk etterlyser meir politisk handling i møte med dei aukande matprisane.

– Vi kunne halvert matmomsen, slik Frp foreslår. Og vi kunne også latt vere å auke prisane i jordbruksoppgjeret med over ein milliard kroner.

Ingen våpensmell for Raudt

Det er også verdt å merke seg at Raudt ikkje blir straffa av veljarane for standpunktet om å ikkje gje våpenhjelp til Ukraina.

Synspunktet har fått hardt medfart av politiske motstandarar i januar, mellom anna i NRK Debatten.

Raudt går noko tilbake i kommunemålinga, men har eit betre tal i stortingsmålinga enn partiet hadde for ein månad sidan.

Mandatfordeling februar

Kor mange representantar ville partia fått på Stortinget samanlikna med i dag.

PartiAntall mandater Endring
Høyre23+9
Arbeiderpartiet11−6
Sosialistisk Venstreparti10+2
Rødt7+2
Miljøpartiet De Grønne6−1
Venstre4+1
Fremskrittspartiet3−1
Senterpartiet1−4
Kristelig Folkeparti10
Pensjonistpartiet1−2
597 intervjuer gjort i perioden 14.3.23–20.3.23. Feilmarginer fra 0,9–5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Adresseavisen

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger