Hopp til innhold

Første lokalmåling: Ap-håpet lever – Solberg lovar kamp

Arbeidarpartiets draum om eit leveleg lokalval blir vekt til live av NRK og Aftenpostens første kommunevalmåling i 2023. I kommunane er partiet igjen i nærleiken av Høgres nivå.

Ordfører i Tromsø, Gunnar Wilhelmsen

HÅP: Tromsø-ordførar Gunnar Wilhelmsen er ein av mange lokale Ap-toppar som håpar på fornya tillit i valet til hausten.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Regjeringspartia Ap og Sp legg bak seg eit grufullt 2022. I desember hadde Ap eit målingssnitt på historisk sørgelege 17,8 prosent, mens Senterpartiet berre var det sjette største partiet i landet.

Men på veg over i lokalvalsåret 2023 kan dei to partia skimte litt sol bak dei grå skyene.

Optimisme

No har eg god tru på at vi kan gjere det betre enn i 2019, seier Tromsø-ordførar Gunnar Wilhelmsen (Ap) til NRK når han ser kva folk har svart når dei blir spurt kva dei ville stemt om det var kommuneval no. 23-talet er trass alt langt betre enn Aps førjulstal.

I søylene under er resultata samanlikna med kommunevalet i 2019, då Senterpartiet gjorde sitt beste kommuneval gjennom tidene og Arbeidarpartiet det verste nokon gong.

Kommunevalbarometer januar 2023

Periode 27/12–2/1. 957 intervjuer. Feilmarginer fra 0,7–3,5 pp.
R
5,8 %
+2,0
SV
6,8 %
+0,7
AP
23,3 %
−1,5
SP
9,2 %
−5,2
MDG
5,6 %
−1,2
KRF
2,9 %
−1,1
V
3,9 %
+0,0
H
26,8 %
+6,7
FRP
8,5 %
+0,3
Andre
7,2 %
−0,7
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Oppslutnaden er samanlikna med samla nasjonal oppslutnad i kommunevalet 2019.

Andre parti: Demokratane er av Norstat berekna til 1,4 % oppslutnad. Industri- og næringspartiet 1,2 %. Pensjonistpartiet 0,5 %. 4,1 % av stemmene fordeler seg på parti med lågare oppslutning enn 0,5 %.

Arbeidarpartiet samanliknar seg altså med eit lokalpolitisk botnnivå i 2019. Men når ein Ap-politikar ser ting i lys av hausten 2022, så lokkar eit svakt tal likevel fram eit smil.

Dette er vesentleg betre enn stortingsmålingane som har vore dei siste vekene, og det er kort veg fram til det nivået vi hadde i 2019, seier Gunnar Wilhelmsen. Han er ein av Arbeidarparti-ordførarane som også kan vise til lokal framgang. Det viste ei måling i Nordlys like før jul.

  • Du kan sjå tal frå stortingsmålinga nedst i artikkelen.

Kvifor trur du Arbeidarpartiet gjer det betre når vi spør kva folk vil stemme i eit kommuneval enn nasjonalt?

Det trur eg kjem av at i Ap-kommunar rundt omkring i landet har det vore mykje god sosialdemokratisk politikk, meiner Wilhelmsen.

Vil ha draghjelp

Senterparti-politikar Saxe Frøshaug er ordførar i Indre Østfold og leiar ordførarnettverket til partiet.

Saxe Frøshaug (Sp), ordførar i Indre Østfold og leiar i Sps ordførarnettverk.

ORDFØRARPARTIET: Saxe Frøshaug er ein av mange Sp-ordførarar.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Det er ein tilbakegang frå valet for tre år sidan, det er ingen tvil om det. Men samtidig har dei nasjonale målingane lege nede på 4-5 prosent i det siste. Dette viser jo at vi har dobbelt så stor oppslutnad som det i kommune-Noreg. Det viser at innbyggarane framleis har stor tillit til den jobben Senterpartiet gjer i kommunane.

Lokalpolitisk suksess blir gjerne målt i antal ordførarar.

No ser bildet i dei 356 norske kommunane slik ut:

  • Arbeidarpartiet: 148 ordførarar
  • Senterpartiet: 134 ordførarar
  • Høgre: 35 ordførarar

Partileiar Vedum har sagt partiet har eit godt utgangspunkt, men partiet må gjere eit kjempeval om dei skal klare like mange ordførarar som sist.

Frøshaug trur at Sp-politikarane i kommunane treng støtte frå Vedum og regjeringa.

– No er straumpriskrisa altoppslukande. Folk er opptekne av å få kvardagen til å gå rundt. Så vi er avhengige av god draghjelp frå sentralt hald. Vi må i løpet av vinteren få på plass strukturelle grep som gjer at innbyggarane og næringslivet går ei betre tid i møte.

Solberg lovar kamp

Men trass raudgrøne lyspunkt er det også i denne målinga blått i tet.

Høgre har lokka til seg mange veljarar sidan sist lokalval.

Dersom partiet får denne oppslutnaden i valet i september, vil det vere det tredje beste lokalvalresultatet i partiets historie.

Det vil garantert bety fleire Høgre-ordførarar enn sist.

Dette er jo veldig gode tal i forhold til oppslutninga i 2019. Det er ei god innsprøyting til våre kommunepolitikarar, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Ho må samtidig sjå at det enorme desemberforspranget frå rikspolitikken har skrumpa grundig inn når vi no fokuserer på lokalpolitikken.

I Norstats stortingsmåling for desember gjort for NRK og Aftenposten, var Høgre nemleg nære ved å vere dobbelt så store som Ap. Når ein spør veljarane om lokalpolitiske synspunkt, er det igjen slik at begge dei to tradisjonelle styringspartia Høgre og Ap skil seg ut.

Høgre gjer det om lag fire prosentpoeng svakare i kommunemålinga enn i stortingsmålinga. For Ap og Sp er det motsett, dei har 3-4 prosentpoeng betre oppslutnad lokalt enn i rikspolitikken.

– Det er nok slik at Ap og Sp har ein del lokale ordførarar som har litt lokal dragkraft. Men vi skal by dei på kamp, seier Solberg.

Erna Solberg og Anne Lindboe ved Grønland politistasjon

KAMP: Høgreleiar Solberg lovar kamp om dei store byane. Her med ordførarkandidat Anne Lindboe i Oslo.

Foto: Nadir Alam / NRK

Ap styrer både Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø, men Solberg har trua på at Høgre er i posisjon til å vinne makta som Arbeidarpartiet no har i mange store byar.

Ja, det trur eg. Det som også skjer er nemleg at nokre av dei andre borgarlege partia gjer det litt betre på lokale målingar. Men det er lenge til kommunevalet. Vi skal jobbe hardt for å halde på våre veljarar og for å få fleire til å stemme Høgre.

Regjeringsskifte

I rikspolitikken slår Høgre framleis knockout på regjeringa. Norstat har nemleg spurt veljarane om både lokalval og stortingsval denne gongen.

Sjølv om både Raudt, SV og så vidt MDG står sterkare enn i førre stortingsval, så ville den sterke tilbakegangen for regjeringspartia og framgangen for Høgre ført til at Solberg ville blitt statsminister igjen om det var stortingsval no.

Stortingsmålinga viser at det ville vore mogleg for Høgre, Frp og Venstre å danne politisk fleirtal på Stortinget.

Mandatfordeling partibarometer januar 2023

Samansetninga på Stortinget dersom målinga var valresultat

Raudt

10 mandater
2 opp fra 2013

Sosialistisk venstreparti

15 mandater
2 opp fra 2013

Arbeidarpartiet

39 mandater
9 ned fra 2013

Senterpartiet

11 mandater
17 ned fra 2013

Miljøpartiet Dei Grøne

7 mandater
4 opp fra 2013

Kristeleg Folkeparti

2 mandater
1 ned fra 2013

Venstre

9 mandater
1 opp fra 2013

Høgre

55 mandater
19 opp fra 2013

Framstegspartiet

21 mandater
Ingen endring siden 2013

Andre

0 mandater
1 ned fra 2013
Norstat for NRK og Aftenposten

Tala for oppslutnad i stortingsmålinga er her samanlikna med den siste målinga i 2022.

Stortingsvalbarometer januar 2023

Periode 27/12–2/1. 955 intervjuer. Feilmarginer fra 0,7–3,6 pp.
R
5,4 %
−1,9
SV
8,4 %
−0,2
AP
19,4 %
+2,3
SP
5,9 %
+0,0
MDG
4,0 %
+0,1
KRF
2,6 %
−0,8
V
5,1 %
+0,5
H
30,9 %
+0,8
FRP
11,9 %
−0,9
Andre
6,2 %
+0,1
Kilde: Norstat for NRK og Aftenpostten

AKTUELT NÅ