Hopp til innhold

Arbeidarpartiet kan mista fleire byar

Det skulle bli eit utstillingsvindauge for Arbeidarpartiet sin politikk. Men etter berre ein periode vil Stavanger igjen bli farga blå, spår politisk kommentator. Fleire andre Ap-styrte byar kan også stå for fall.

Kari Nessa Nordtun

Kari Nessa Nordtun jublar på valnatta i 2019. Men spørsmålet er om det er like mykje å jubla for når valresultatet kjem 11. september 2023.

Foto: Jarle Aasland / Aftenbladet

– Den er svært liten til null.

Politisk kommentator Trond Birkedal snakkar om sjansen for at ordføraren i Stavanger framleis heitar Kari Nessa Nordtun etter valet.

Trond Birkedal

Politisk kommentator Trond Birkedal.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Arbeidarpartiet overtok makta i energihovudstaden etter førre val. Då hadde Høgre bore ordførarkjeda i 24 år i strekk, og Ap hadde ikkje løfta klubba sidan 1993.

– Det er ikkje Arbeidarpartiet i seg sjølv eg har lite tru på, for dei kan framleis gjera eit betre val i Stavanger enn det ligg an til på målingane. Men dei manglar godt over 10 prosent som samarbeidspartia deira har mista.

Flertallspartiene i Stavanger

Fleirtalspartia i Stavanger samla. Her styrer Ap saman med SV, Folkets parti FNB, Senterpartiet og Raudt.

Foto: Marte Skodje / NRK

Arbeidarpartiet sikra seg eit fleirtal ved å inngå eit breitt samarbeid med Senterpartiet, MDG, Raudt, SV og Folkets parti FNB (tidlegare Folkeaksjonen Nei til meir bompengar).

Men sistnemnde er nå så å seia utradert på meiningsmålingane, sjølv om dei i 2019 hadde ein oppslutnad på 9,2 prosent i Stavanger.

– Det ser vanskeleg ut for Arbeidarpartiet både i Stavanger og i ei rekke andre storbykommunar, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Lars Nehru Sand

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Har makta i dei folkerike byane

Går du inn på Store norske leksikon si liste over dei største byane og tettstadane i Noreg, må du heilt ned til Sandefjord for å finna ein kommune som ikkje er styrt av Arbeidarpartiet.

Men fleire av ordførarane og byrådsleiarane i dei største bykommunane sit utrygt, ifølge Nehru Sand.

– Ja, det vil eg seia. Med unntak av kanskje Oslo og Trondheim kor Ap ligg relativt greitt an, så ser Høgre ut til å ligga best an med tanke på å gjenerobra makta i dei mest folkerike kommunane i Noreg.

Les også Fersk måling: Ny nedtur for regjeringspartia

Aps stortingsgruppe har godkjent Hurdalsplattformen

– Med den veldige framgangen som Høgre har hatt frå valet i 2021 og til i dag, så sit mange profilerte arbeidarpartiordførarar utrygt. Ikkje minst i Stavanger og Sandnes, seier Johan Giertsen i Poll of polls.

Arendalsuka 2018

Johan Giertsen i Poll of polls.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Dei samlar alle publiserte meiningsmålingar i Noreg.

– Men Høgre klarer det ikkje åleine. Dei må bygga konstellasjonar dersom dei skal vinna ordføraren, legg Giertsen til.

Han er sjølv medlem av Høgre.

Rogaland kan igjen bli blått

Rogaland er eit fylke der Høgre historisk sett har stått sterkt. I dag bur tre av fire innbyggarar i fylket i ein Ap-styrt kommune, sjølv om partiet berre har ordføraren i åtte av 23 kommunar.

Og av veljarane var det knapt ein av fire som stemte på dei.

Årsaka er at dei styrer i folkerike kommunar som Stavanger, Sandnes, Karmøy og Haugesund. Og at dei gjer det ved hjelp av både breie og utradisjonelle samarbeid med andre parti.

Men etter valet vil biletet vera eit heilt anna, spår Trond Birkedal.

– Eg trur det blir heilt motsett. Då trur eg tre av fire rogalendingar bur i ein kommune som er styrt av Høgre.

Mykje prestisje i å styra dei store

Å mista fleire av dei folkerike kommunane vil vera eit stort tap for Arbeidarpartiet, meiner Nehru Sand.

Ikkje berre fordi det er der det bur flest folk og flest veljarar, men også fordi desse store bykommunane er utstillingsvindauge for å driva politikk. Der kan partiet også påverka samfunnsutviklinga i Noreg frå sentrale posisjonar.

– Så kva for nokre storbykommunar dei greier å halda på, er nok noko av det Arbeidarpartiet bryr seg mest om, ved sida av det store nasjonale valresultatet, seier Nehru Sand.

Trond Birkedal meiner det vil vera eit stort prestisjetap dersom Ap skulle mista ordføraren i Stavanger etter berre ein periode.

– Det viktigaste var det som skjedde for fire år sidan, då Ap viste at dei faktisk kan få makta i Stavanger. Dersom dei mistar det etter fire år, etter at dei sjølv føler at dei har levert masse god politikk, så er det eit kjempetap for Arbeidarpartiet. Ikkje berre i Stavanger, men også nasjonalt. Det skulle vera eit utstillingsvindauge.

Men ordføraren sjølv er ikkje klar for å kasta inn handkleet.

Kari Nessa Nordtun

Ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun

Foto: Marte Skodje / NRK (arkivbilde)

– Trond Birkedal trudde ikkje at eg kom til å bli ordførar i 2019 heller, og eg skal bevisa at han tar feil denne gongen òg, seier Kari Nessa Nordtun.

– Det viktigaste for meg er å gjera livet til dei 146.000 innbyggarane i Stavanger betre, og det håpar eg at eg får halda fram med og i neste periode.