Hopp til innhold

Ingen førjulsfred for Arbeidarpartiet: Nytt krisetal

Det er ingen snuoperasjon å sjå hos Arbeidarpartiet. 17,1 prosent er det verste målingstalet dei har hatt hos NRK. Då er det ei fattig trøyst at suverene Høgre ser ut til å ha passert toppen.

Sentralstyremøte i Arbeiderpartiet

INGEN FØRJULSFRED: Oppslutningskrisa held fram for Jonas Gahr Støre. Dagens måling er den dårlegaste partiet har hatt hos NRK.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Eg håpar jo at vi i vekene og månadane som kjem klarar å få tilbake tilliten frå veljarane.

Den draumen blir formulert av Aps partisekretær Kjersti Stenseng når ho studerer tala i Norstats desembermåling for NRK og Aftenposten. Målinga som tjuvstartar julemånaden, er den siste hos NRK før vi går inn i eit nytt valår.

Som regel skil den raude Ap-grafen seg godt ut. No må ein nesten leite litt.

Partibarometer desember 2022

Periode 22/11–27/11. 947 intervjuer. Feilmarginer fra 0,9–3,5 pp.
R
7,3 %
+1,4
SV
8,6 %
+0,2
AP
17,1 %
−1,1
SP
5,9 %
+1,6
MDG
3,9 %
+0,2
KRF
3,4 %
−0,2
V
4,6 %
+1,2
H
30,1 %
−2,3
FRP
12,8 %
−1,9
Andre
6,1 %
+0,7
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Endringar målt mot novembermålinga.

Blant «andre» parti skil tre seg ut: Industri- og næringspartiet 1,7 %. Demokratane: 1,7 %. Pensjonistpartiet: 1,4 %.

NRK gjer intervjuet med Stenseng når Arbeidarpartiet sine folk er i ferd med å sluttføre forhandlingane med SV om statsbudsjettet tysdag.

Ho knyter eit håp til det. Og håpar veljarane vil sjå positivt på avtalen som vart klar i går ettermiddag.

– Eg har trua på budsjettavtalen som blir endå tydelegare på å prioritere dei som har det vanskeleg no, prioritere omfordeling og økonomisk tryggleik i ein vanskeleg situasjon, seier ho.

Liten tillit

Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet om dårleg måling, den dårlegaste partiet har hatt hos NRK.

HÅP: Partisekretær Kjersti Stenseng (Ap).

Foto: Håvard Grønli / NRK

Men så langt i haust har tilliten mangla frå både fattig og rik. Folk som slit med å få endane til å møtast, har kritisert mangelen på omfordeling når dei har møtt partiet i debatt.

Regjeringskritikken har vore like hard frå laksemilliardærar som mislikar skatteendringane.

Arbeidarpartiet har gått frå krisemåling til krisemåling.

Partiet fekk i gjennomsnitt 18,3 prosent oppslutnad på dei ni meiningsmålingane som vart gjennomførte i november, viser samanstillinga til målingsnettstaden Poll of polls.

Særleg to målingar var skakande for regjeringspartiet Ap førre månad.

  • Med 16,9 hos Dagsavisen og FriFagbevegelse gjekk alarmen
  • Vårt Lands måling på 15,4 viste eit nytt botnnivå

Og så:

Dagens tal viser at nedgangen berre held fram. For Ap går igjen ned frå NRK og Aftenpostens førre måling.

Partiet har leita etter svar.

– Det er ikkje berre eitt enkelt grep, men eg trur vi er ganske samla om at vi må gjere tydelege politiske grep for å møte ein usikker situasjon for folk. Ingen veit korleis krisesituasjonen utviklar seg. Vi må vere ute og lytte til folk, og sjølv om vi har lagt fram eit budsjett må vi kome med løysingar for å gje folk tryggleik, seier Stenseng.

Skifte

Om det hadde vore val no, ville det blitt regjeringsskifte med soleklar margin. Høgre, Frp og Venstre kunne laga fleirtalsregjering.

Her er talet på representantar samanlikna med kor mange representantar partia har på Stortinget i dag:

Raudt

13 mandater
5 opp fra 2013

Sosialistisk Venstreparti

16 mandater
3 opp fra 2013

Arbeidarpartiet

35 mandater
13 ned fra 2013

Senterpartiet

12 mandater
16 ned fra 2013

Miljøpartiet Dei Grøne

3 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristeleg Folkeparti

3 mandater
Ingen endring siden 2013

Venstre

8 mandater
Ingen endring siden 2013

Høgre

55 mandater
19 opp fra 2013

Framstegspartiet

24 mandater
3 opp fra 2013

– Eg ville forsøkt å danna ei brei borgarleg regjering, seier Høgre-leiar Erna Solberg på spørsmål om kva ho ville gjort om dette var valresultatet.

Om ein tek med KrF, har Solbergs side i politikken 90 stortingsrepresentantar i denne målinga, på Støres side ville det vore 79.

Spørsmålet er likevel om Høgre har passert toppen.

Erna Solberg, Loen skylift

PÅ TOPP: Men er den passert? Erna Solberg på toppen av Loen Skylift i Vestland på ei av mange reiser den siste tida.

Foto: Håvard Nyhus

Alle endringane i målinga er innanfor feilmarginen, men Høgre ser ut til å ha den største tilbakegangen. Sist fekk partiet heile 32,4. No: 30,1.

– Trur du toppen er nådd?

– Vi får sjå. Over 30 prosent er eit veldig godt resultat for Høgre. Den førre målinga var enormt høg. Det viktigaste vi kan få er eit borgarleg fleirtal som gir grunnlag for ei ny borgarleg regjering når den tid kjem.

Skattedebatt

Då Høgre la fram sitt alternative statsbudsjett førre veke, vart det klart at partiet aksepterer det aller meste av den skatteauken som regjeringa har lagt opp til.

Partileiar Erna Solberg forklarar dette slik:

– Det er i hovudsak eitt område vi seier ja til. Vi er einige i at vi skal hente inn pengar frå kraftsektoren, særleg vasskrafta. Blant anna fordi vi betalar ut masse pengar til folk i straumstøtte. Dette hadde vi også gjort om vi sat i regjering.

– Men den kraftige auken i arbeidsgjevaravgift hadde vi fjerna, og vi hadde kome med meir skattelette i personskattane, argumenterer ho.

I Arbeidarpartiet meiner dei Høgre prioriterer å gje skattelettene til dei som ikkje treng det.

Når Høgre har lansert sitt budsjettalternativ og regjeringa har landa sin budsjettavtale i Stortinget, kan iallfall veljarane vurdere dei politiske alternativa.

– Høgre er det Høgre som folk sa nei til for eit år sidan. Det er bra vi no får debatten mot Høgre om reelle politiske alternativ. Eg håpar det vil mobilisere våre folk, meiner Kjersti Stenseng.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT