Hopp til innhold

Kjos om elfly-satsing: – Gi heller pengane til Unicef

Norwegian-sjef Bjørn Kjos meiner det er feil av regjeringa og Avinor å bruke pengar på elfly. – Gi heller pengane til Unicef eller noko slikt, seier han.

Norwegian-sjef Bjørn Kjos meiner det ikkje er norske politikarar sin jobb å utvikle elfly.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Bjørn Kjos er ikkje nådig i kritikken av den norske satsinga på elektriske fly. Han kallar det sløsing med pengar, pengar som han meiner norske styresmakter heller burde ha brukt på å skaffe jobbar til folk.

Norwegian-grunnleggjaren presiserer at han har tru på at elfly vil bli ein realitet ein gong i framtida, men at det er langt fram. Og det er ikkje norske styresmakter sin jobb å utvikle denne teknologien, meiner han.

– Først om 30 til 50 år

– I eit perspektiv på 30 til 50 år har eg tru på elfly, men teknologien eksisterer ikkje i dag. Det er ikkje Avinor eller samferdsleministeren som burde halde på med dette, men store flyprodusentar som Boeing og Airbus. Og så pass kjenner eg til Boeing at eg veit at denne teknologien ikkje eksisterer i dag, seier Kjos til NRK.

Er dette et innblikk i framtiden?

VIDEO: Sjå jomfruturen med elfly i Noreg.

Den norske regjeringa har gitt Avinor i oppdrag å utvikle eit program som skal leggje til rette for introduksjonen av elektriske fly i kommersiell luftfart. Avinor har gjort det klart at dei ser for seg at Noreg tek ei leiande rolle i utviklinga av elfly.

Egil Thompson, kommunikasjonsdirektør i Avinor

Egil Thompson er konserndirektør for kommunikasjon og marknad i Avinor.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Fly og motorprodusentar som Airbus og Siemens meiner sjølve at teknologien har kome så langt at elektrifiserte flygingar er realistisk på det norske kortbanenettet innan 2030. Også Widerøe har ambisjonar om elektrifisering i løpet av dei neste ti åra, seier konserndirektør for kommunikasjon og marknad i Avinor, Egil Thompson.

Reduserte klimautslepp

Han minner om at over 100 av dei kommersielle flygingane i Noreg kvar dag er mellom 32 og 201 kilometer lenge, og at dei fleste av dei har relativt få passasjerar. Det er disse flygingane som er aktuelle i første omgang, legg han til.

– Saman med energieffektivisering og stadig modernisering av flyflåten, samt innfasing av berekraftig biodrivstoff, kan elfly bidra til at dei samla klimagassutsleppa frå norsk luftfart blir reduserte, seier Thompson.

Det er også eit mål at Noreg skal bli det første landet der elektriske fly ein stor del av marknaden. Målet er elektrifisering av innanriks luftfart innan 2040 .

I går var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) passasjer under den første elektriske flyginga her i landet. Flyet var eit tosetar Alpha Electro G2, som er produsert av Pipistrel-fabrikken i Slovenia . Konsernsjef Dag Falk-Petersen sat bak spakane på det elektriske flyet.

Dagleg leiar i Miljøstiftinga Zero, Marius Holm, trur at det i løpet av ti år vil vere kommersielle flygingar med elektriske fly her i landet.

Samferdsleministeren og Avinorsjefen foran elflyet

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (t.v.) og Avinor-sjef Dag Falk-Petersen framfor det første elflyet her i landet.

Foto: Thor-Albert Frøsland / NRK

– Første el-fly i norsk rutetrafikk innen 10 år

MDG: Det grønne skiftet i luftfarten må bli forpliktende

Samferdselsministerr Ketil Solvik-Olsen seier til NRK at han noterer seg at mens Sas og Widerøe er med på satsinga, har Norwegian eit anna syn.

–Eg kan roa Kjos med at vi både skapar arbeidsplassar og jobbar ivrig for best moglege trafikkrettar. Det eine utelukk ikkje det andre.Det trur eg ein driftig mann som Kjos også veit, ,seier ministeren.

Støtte frå Bellona

Daglig leder i Bellona Runa Haug Khoury

Fagsjef Runa Haug Choury i Bellona rosar regjeringa si satsing på elfly.

Foto: Daniel Sannum Lauten

Også Miljøorganisasjonen Bellona støttar regjeringa si satsing på elfly.

– Det er sjølvsagt dei store selskapa som må ta seg teknologiutviklinga. Det Noreg som land kan gjere er å skape rammevilkår for å drive fram elektrifisering, slik det er gjort i forhold til elbilar, seier fagsjef i Bellona, Runa Haug Khoury, til NRK.

Ho viser til at den jobben norske styresmakter har gjort for å leggje til rette for elbilar, for å få til eit grønt skifte. I dag ser mange andre land til Noreg på dette feltet, og elbilar er eit stort satsingsområde hos alle dei store bilprodusentane.

– Vi ser at den politikken no har spreidd seg langt utover grensene våre. Det er naturleg å trekkje ein parallell også til luftfart. Det er viktig å skape incentiv opp mot dei støre aktørane i bransjen, både teknologileverandørar og flyprodusentar, avsluttar Runa Haug Khoury.

AKTUELT NÅ