Konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Petersen, fekk vere pilot under den første flyginga med elfly i Noreg.
– I 2040 skal all flytrafikk her i Noreg vere elektrisk. Vi byrjar i det små og legg til rette for kortbanenettet først, og seinare for at heile landet skal betenast med elektriske fly i passasjertrafikken, har Falk-Pettersen tidlegare sagt til NRK.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var passasjer under jomfruturen.
Nyborg: – Veldig stort
– Dette er jo veldig stort, fordi det syner at vi er i ferd med å skifte teknologi.
Det seier redaktør for Hangar.no, Hans Olav Nyborg. Han er positiv til at Avinor no ønskjer elfly velkommen til den norske marknaden.
Flyet, som er av merket Alpha Electro G2, er levert av ein av dei største flyfabrikkane i Europa – Pipistrel i Slovenia. Det har berre to seter, men Nyborg har trua på at det vil bli laga større elfly i framtida.
– I nær framtid vil vi nok sjå hybridfly, men på sikt kjem nok elflya på marknaden.
Må lære av elbilpolitikken
Leiar i Framtiden i våre hender, Anja bakken Riise, jublar for utviklinga, men meiner regjeringa no må lære av elbilpolitikken for å få fart på elfly.
– Noreg har blitt gode på elbilar fordi Stortinget har brukt heile den politiske verktøykassa. No må regjeringa gjere det same for elflya, Seier Riise til NRK.
Nordmenn er dei som flyr mest innanlands i Europa, noko som fører til store utslepp av CO₂.
– Om Noreg si elflysatsing verkeleg skal ta av, må Avinor og samferdsleministeren kopiere suksessoppskrifta frå elbilpolitikken til luftfarten.
Framtiden i våre hender deler Avinor sitt mål om at Noreg skal bli eit føregangsland for elfly. Riise meiner dette kan bety mykje for distrikta som er avhengige av fly i mangel på andre kollektivløysingar.
– Noreg har no ein unik moglegheit til å bli det første landet i verda til å få heilelektriske rutefly på kortbanenettet, seier Riise.