Hopp til innhold

Kjelder til NRK: Viken-trøbbel i innspurten av forhandlingane

Framtida for Viken blei ei vanskeleg nøtt å knekke for Sp og Ap under regjeringsforhandlingane, fortel kjelder til NRK.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

Ifølgje ei kjelde som kjenner til kva som skjer rundt forhandlingsbordet, står Viken på ei liste over dei sakene som blir avgjort heilt til slutt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil løyse opp Viken.

Men sjølv om dei er einige om målet, har vegen til ei løysing vist seg å bli vanskeleg. Det fortel kjelder frå begge parti til NRK uavhengig av kvarandre.

Ifølgje ei kjelde som kjenner til kva som skjer rundt forhandlingsbordet, sto Viken på ei liste torsdag over dei sakene som blei avgjort heilt til slutt.

I denne saka vil eit parti vinne og det andre tape. Det finst inga mellomløysing.

Fredag ettermiddag kom Støre og Vedum ut hotelldøra i Hurdal og opplyste om at dei er einige.

– No er all politikk klar, sa Støre.

Men dei vil vente til onsdag med å fortelje om både Viken og alle andre saker.

Fylket Viken kan bli historie ettervalget. Østfoldingene jubler.

Fylket Viken kan bli historie. Østfoldingane jublar.

Ulik veg til målet

Senterpartiet vil at Stortinget skal vedta ei tvangsoppløysing av storfylket, medan Arbeidarpartiet vil vente på ein frivillig søknad frå Viken om å få bli oppløyst.

Fylkesrådet i Viken, der Tonje Brenna (Ap) er fylkesrådsleiar og Sp-nestleiar Anne Beate Tvinnereim sit, fortalde seinast 23. september at dei no går i gong med å greie ut korleis ei oppløysing skal skje, skriv Dagsavisen.

Her skal ein finne ut korleis strukturen bør vere etter oppløysing, konsekvensar for tilsette i fylkeskommunen og kva det vil koste.

Ambisjonen er at denne utgreiinga fører til ein søknad til staten om oppløysing.

Denne utgreiinga vil Arbeidarpartiet vente på. Men Ap sine forhandlarar i Hurdal møter kraftig motstand frå eit Senterparti som vil overstyre fylket og løyse opp Viken gjennom eit vedtak i Stortinget.

Eit vedtak som vil tvinge Viken til å bli oppløyst. Men som også har vore blant Senterpartiet sine viktigaste løfter i valkampen.

Regjeringsforhandlinger på Hurdal

Ap-leiar Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik, Ola Borten Moe og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fortset arbeidet med ei regjeringsplattform på Hurdalssjøen. Her frå onsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Viken-ultimatum

Ifølgje kjelder NRK har snakka med, fryktar Sp at prosessen i Viken ikkje nødvendigvis fører til oppløysing. Partiet er redd for at konklusjonen i fylkesrådet si utgreiing ikkje blir eintydig og at det dukkar opp innvendingar som kan true ein søknad til Stortinget.

Fylkesrådet består i dag av eit mindretal med Ap og Sp, så dei er uansett avhengige av å få eit fleirtal i fylkestinget for å sende oppløysings-søknaden.

Og Sp har gått særs høgt på bana i denne saka. I innspurten av valkampen kom stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen frå Buskerud med eit Viken-ultimatum:

– Vi går ikkje inn i noen regjering som ikkje forpliktar seg til å løyse opp Viken. Er vi ikkje einige om å løyse opp Viken så vil vi få trøbbel med arbeidet i den regjeringa på en rekke av de sentraliseringsreformer som Høyre har stått for og som Senterpartiet har sagt at dette skal vi få slutt på, sa han til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger