NRK Meny
Normal

Kautokeino på kvinnetoppen

I berre tre av 430 norske kommunar er det kvinnene som har den største lønningsposen. Det største forspranget har kvinnene i Kautokeino.

Jenter i Kautokeino

I Kautokeino er det kvinnene som tener mest. Årsaka er at jentene satsar på høgare utdanning, meiner kvinnepolitikar Marit Sara.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Likelønskampen har ikkje revolusjonert inntekstforholdet mellom kvinner og menn, viser skattelistene for 2009. Tala som Skatteetaten la ut i dag avslører at norske kvinner i gjennomsnitt tener om lag 100 000 kroner mindre enn mannekjønnet.

Sjekk din kommune her!

Men tre norske kommunar er som kjerringa mot straumen. I Kautokeino og Hammerfest i Finnmark, og i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane er det kvinnene som tronar øvst på lønstoppen.

Ti prosent meir til kvinnene

Det største forspranget har kvinnene i Kautokeino. Her tente gjennomsnittskvinna om lag 10 prosent meir enn gjennomsnittsmannen i 2009.

Der den gjennomsnittlege inntekta for menn låg på 155.687 kroner i likningsåret, låg tilsvarande løn for kvinner på 170.698.

Kommuner med minst lønnsforskjell mellom kvinner og menn

Kommunenavn

Snitt Formue Menn

Snitt Inntekt Menn

Snitt Formue Kvinner

Snitt Inntekt Kvinner

Forskjell inntekt

Forskjell formue

Kautokeino

296,383

155,687

223,648

170,698

-15,011

72,734

Hyllestad

307,381

164,324

279,838

172,635

-8,311

27,542

Hammerfest

142,737

197,554

138,825

203,613

-6,059

3,912

Karasjok

244,741

189,315

166,795

187,408

1,908

77,946

Vefsn

289,908

200,855

222,440

187,981

12,874

67,468

Nesna

311,500

193,626

229,466

175,080

18,546

82,034

Tana

394,827

214,014

205,028

191,363

22,652

189,799

Engerdal

306,526

164,695

193,091

146,820

17,875

113,435

Tolga

357,869

180,164

231,475

159,808

20,356

126,393

I Hyllestad og Hammerfest tente kvinnene høvevis fem og tre prosent meir enn det motsette kjønn i løpet av fjoråret.

Kvinnepolitikar og reineigar Marit Sara frå Karasjok, er ikkje det minste overraska over at det er kvinnene som tronar på lønstoppen i fleire av kommunane i Finnmark.

– Jenter tek utdanning

Sameleir

I Finnmark har svært mange menn arbeid i primærnæringane.

Foto: Atle Markeng / NRK

– I fleire år har ein sett at det spesielle i Finnmark er at det er kvinnene som tek høg utdanning og difor også får dei best betalte jobbane. Dessutan er halvparten av mennene i reindrifta. Då kan du ikkje sjå inntekta i skatterekneskapet, seier Sara.

Politikaren peikar også på at Kautokeino har ein del samiske institusjonar, som Samisk Høyskole, der det jobbar mange godt utdanna kvinner. Dei trekkjer opp lønsprosenten.

Kva trur du er årsaka til at fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning i Finnmark?

– Det har vore ein trend i samiske primærnæringar å pressa ut jentene i familien, medan gutane blir igjen heime for å ta over reindriftskonsesjonen. Finnmark har dessutan eit særskilt problem med gute-fråfall i skulen fortel Sara.

Dei tre kommunane der kvinner tener meir enn menn, er enten blant dei fattigaste kommunane i Noreg eller blant kommunane som har ei negativ lønnsutvikling.

Gutane droppar skulen

– Mange unge gutar droppar ut etter grunnskulen eller vidaregåande. Når ein ikkje har ei utdanning i botn, vil ein heller ikkje få høg løn når ein skal ut i arbeidslivet, seier Sara.

Ho får støtte for sine synspunkt frå Anne Lise Brandal Eira, som er leiar i Kautokeino sanitetsforening.

Eira seier Kautokeino er ein fin plass å bu for kvinner. Ifølgje Per Nils Saari i Kautokeino elgforeining lir heller ikkje mennene noko naud, sjølv om dei må sjå seg slått av kvinnene i lønskampen.

– Det går bra. Det er no ikkje så verst her, seier han.

Verstingen i kommune-Noreg

Oddvar Myklebust

Ordførar Oddvar Myklebust i Sandøy kommune.

Foto: NRK

I resten av dei godt over 400 kommunane i landet tener menn meir enn kvinner.

På jumboplass kjem Sandøy kommune i Møre og Romsdal, tett etterfølgd av Austevoll og Fedje i Hordaland.

Her utgjer nettoinntekta til gjennomsnittskvinna høvevis 46, 47 og 48 prosent av nettoinntekta til gjennomsnittsmannen.

Samtidig er dette kommunar som har hatt ei god gjennomsnittleg lønsutvikling dei siste åra.

Yrkesstruktur og næringsstruktur i den aktuelle kommunen er truleg ei viktig årsak til at kommunar med liten lønsforskjel mellom kjønna også har ei negativ lønsutvikling og omvendt, seier Mari Teigen som er forskningsleiar for likestilling, inkludering og migrasjon ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).

Ho vil ikkje kommentere dei konkrete kommunane som er nemnd, og viser til at forskingsfeltet kjønn og løn er svært samansett.

Kommuner med størst lønnsforskjell mellom menn og kvinner

Kommunenavn

Snitt Formue Menn

Snitt Inntekt Menn

Snitt Formue Kvinner

Snitt Inntekt Kvinner

Forskjell int

Forskj form

Utsira

508,564

330,226

183,447

170,965

159,262

325,117

Midsund

683,860

307,798

260,622

159,054

148,743

423,238

Rennesøy

592,470

390,788

242,098

200,106

190,681

350,372

Austrheim

984,588

360,789

251,896

183,780

177,009

732,692

Strand

412,191

341,363

232,665

171,134

170,229

179,526

Herøy

1,023,679

333,402

404,205

162,790

170,612

619,474

Bømlo

578,186

338,771

324,291

165,266

173,506

253,895

Fedje

459,812

319,260

293,218

152,588

166,673

166,594

Austevoll

1,504,097

366,736

459,338

173,335

193,401

1,044,759

Sandøy

630,484

356,166

315,875

163,705

192,461

314,610

Mannfolk i industrien

Ifølgje ordførar Oddvar Myklebust er det iallefall ein klar samanheng mellom næringsstruktur og lønsforskjelar i versting-kommunen Sandøy,

– Skatteytarane i Sandøy kommune jobbar i industri. Der har det vore gode tider med så mykje overtid som har vore mogleg. Alle dei arbeidsplassane er det mannfolk som har, seier ordførar i Sandøy kommune, Oddvar Myklebust.

Og kvar arbeider kvinnene?

– Nei... Dei er lerarar og sjukepleiarar og litt forskjellig.

Han har ikke tru på at likelønslyftet kjem til å påverka statistikken i nær framtid i hans kommune.

– Det er ikkje von om snarleg betring. Då må ein gjera noko med yrkesutdanninga, seier Myklebust til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger