Kamptolkane ventar enno på billett til Noreg - fleire lever i livsfare

Eit samla Storting vedtok i februar at regjeringa måtte hente heim dei attverande kamptolkane. 25 har fått opphaldsløyve, men enno er ingen på plass i Noreg og mange lever i konstant livsfare.

Kamptolker i Afghanistan

Tolkane som det norske forsvaret nytta i Afghanistan fekk trening med våpen.

Foto: Privat

– Vi ventar ein baby når som helst, mest truleg vert det ei jente, fortel ein av kamptolkane til NRK via ei dårleg Skypelinje frå Mazar-e Sharif i Afghanistan.

Han er ein av dei 25 som har fått innvilga asyl etter å ha arbeidd som kamptolk for dei norske styrkane i heimlandet.

Kamptolk på Skype

Mannen NRK snakkar med må flykte frå by til by i Afghanistan.

Foto: NRK

Han er glad og opprømt over det komande barnet og over framtida han er lova av regjeringa, trass i at han framleis må flykte frå by til by i Afghanistan.

Mange kan ikkje reise ut på gata i frykt for å bli kjent att. Dei er stempla som forrædarar etter å ha jobba med dei norske styrkane. Mange er også trua på livet av Taliban.

– Eg er uroa

Kamptolk på Skype

Den tidlegare kamptolken fryktar for familien.

Foto: NRK

I Istanbul Tyrkia sit ein annan kamptolk. Kvardagen hans går mykje ut på å uroe seg for sin eigen situasjon og for familien i Afghanistan. For han har ikkje fått mykje informasjon om korleis saka hans står.

– Eg er veldig redd. Eg er lei av å vente. Eg har vore igjennom intervju og ulike testar, men eg har ikkje høyrt noko frå norske styresmakter. No har eg ingen pengar att, seier han.

Eit døgn etter intervjuet med NRK fekk mannen godkjent asylsøknaden sin og innvilga opphald. Han kan i løpet av nokre veker ta fatt på reisa til Norge, saman med familien sin.

Starta med Muradi

Då dei norske ISAF-styrkane var stasjonert i Afghanistan, tilsette dei rundt 50 afghanske kamptolkar. Tolkane var ofte med dei norske styrkane på krevjande oppdrag.

Dei vart utstyrt med både uniform og våpen, og vart sett på som uunnværlige i kampen mot Taliban. Saka fekk merksemd da kamptolken Faizullah Muradi blei nekta opphald i Noreg, trass i at han var kamptolk for norske styrker i Afghanistan.

Han blei sendt ut av landet, men stor mediemerksemd og sterke reaksjonar frå blant anna kollegaer i Forsvaret gjorde at Muradi fekk komme tilbake til Noreg. I etterkant fekk også fleire andre kamptolkar lovnad om at dei skulle få kome til landet, men arbeidet med å få til dette har tatt tid.

Kamptolker i Afghanistan

Fleire av kamptolkane fryktar for eigen tryggleik.

Foto: NRK

– Ikkje noko Noreg kan vere stolte av

– Det er urovekkjande at ingen av dei har kome til Noreg enno. Dette er menneske som må leve i skjul, og har gitt avkall på eit normalt liv i Afghanistan for å jobbe med det norske flagget på brystet, seier leiar i Kristeleg folkeparti, Knut-Arild Hareide.

Karin Andersen

Karin Andersen i SV meiner det er skammeleg at mange kamptolkar framleis lev i frykt for eige liv i utlandet.

Foto: Stig Weston / SV

Han er klar på at denne prosessen var eit stort problem også under den raudgrøne regjeringa, og stiller seg uforståande til at det kan ta så lang tid.

– Denne prosessen er ikkje noko Noreg som nasjon kan vere stolte av, seier han.

Også Karin Andersen i Sosialistisk Venstreparti er opprørt.

– Eg er sjokkert, dette handlar om menneske som har risikert livet sitt for Noreg. Slik kan vi rett og slett ikkje oppføre oss som nasjon, dette er skammeleg, torar ho.

– Billettane er på veg

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Jøran Kallmyr tek ikkje kritikken frå opposisjonen så tungt.

– Det var SV som sat i regjering og styrte regelverket i første omgang. Då fekk mange avslag, dei har no søkt på ny igjen. Dersom Andersen kallar dette for ein skandale, bør SV sjå på seg sjølve og kalle seg sjølve ein skandale, meiner han.

Jøran Kallmyr foran et verdenskart

Statssekretær Jøran Kallmyr i Justisdepartementet forsikrar om at mange tolkar snart får billettar til Noreg.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Han forsikrar om at mange tolkar snart får billettar til Noreg, og at prosessen med å finne heimar til dei er i gong.

– Det har tatt tid å finne plassar for å intervjue dei der dei er. Det har også tatt tid å behandle søknadane, intervjue dei og DNA-teste familiane deira, fortel Kallmyr.

– Men det som er viktig no er at dei som skulle få opphald har fått det, og vi håper dei snart er på plass i Noreg, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger