Hopp til innhold

Isbrear smelter i rekordfart - professor utfordrar oljeproduserande land

På Island er allereie ein isbre erklært død. Og det kan bli fleire isbregravferder, for no smelter isen raskare enn forskarane tidlegare visste.

Vatnajökull

Majestetiske Vatnajökull. Deler av isbreen kan reddast, men forskarane på Island ser at pilene framleis peikar i feil retning.

Foto: JOEL SAGET / Afp

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er som å snakke med ein røykar.

Det seier Guðfinna Aðalgeirsdóttir på spørsmål om kva Noreg kan gjere for å vere med på å snu utviklinga som ho har brukt årevis på å kartlegge: At isbreane i verda smelter fortare, og fortare, og fortare.

Bra å slutte i morgon, betre i dag

Den islandske professoren er ein av verdas fremste isbreekspertar. Også hennar eige heimland står bak utslepp av klimagassar. Der er det tungindustri som er største grunn til utslepp av karbondioksid.

Men no var det Noreg ho vart spurt om. Og det er då ho finn det naturleg å samanlikne Noregs forhold til olje- og gass med det å vere avhengig av sigarettar.

– Me veit at både røyking, og forbrenning av fossilt drivstoff, er dårleg for høvesvis helsa og for atmosfæren og klimaet. Det me gjer no er som å be ein røykar om å slutte å røyke. Om du sluttar i morgon, så er det bra. Men om du sluttar i dag er det endå betre.

YEclFzQJ2tU

Dei forsvinn stadig raskare. Utviklinga til denne sveitsiske isbreen, Zinal, er berre ein av mange isbrear som blir følgt med på.

Foto: Valentin Flauraud / AP

Aðalgeirsdóttir veit ho slår inn opne dører når ho peiker på at ein del av dagens industri må leggast ned om klimaendringane skal stanse. Ho veit også at kostnaden av å legge ned heile industriar er for stor til at mange nok gidd å lytte til ei slik oppmoding.

Men ho ser det likevel som ein del av sitt oppdrag og plikt å seie frå om kva som vil skje om ein ikkje får til rask nok endring. For isbreane smelter, og det går stadig raskare.

– Det er framleis mykje vatn som ligg på land, i form av is. Men det er varsla at temperaturane vil auke, og det vil smelte isen og føre til høgare havnivå, seier Aðalgeirsdóttir.

Guðfinna Aðalgeirsdóttir er professor i glasiologi ved Universitetet i Reykjavik

Guðfinna Aðalgeirsdóttir er professor i glasiologi ved universitetet Reykjavík.

Foto: Alem Zebic / NRK

Ho er professor ved Universitetet i Reykjavík, og saman med kollegaer frå mange ulike land reiser ho stadig til ulike isbrear for å sjekke tilstanden.

Ho var med då den islandske isbreen Okjökull vart erklært død, fordi den hadde slutta å bevege seg, slik ein levande isbre gjer.

Isbreen Okjökull 1. august 2019
Isbreen Okjökull i 1986

Se hvordan isbreen Okjökull har krympet siden 1986.

U.S. GEOLOGICAL SURVEY / JOSHUA STEVENS / NASA EARTH OBSERVATORY

Urovekkande funn

Dei siste åra har ho kollegaene fått endå betre oversikt over breane rundt om i verda ved å bruke satellittar.

Aðalgeirsdóttir og dei andre forskarane som følger med på dei islandske isbreane si utvikling har klart å kartlegge isbreane si utvikling heilt tilbake til 1890. Då var breane på sitt største.

Funna forskarane har gjort forklarer kvifor Aðalgeirsdóttir meiner det hastar å snu utviklinga.

  • Smeltinga har fått stadig større fart dei siste 25 åra. Det smelta raskt på 2000-talet, og endå raskare på 2010-talet
  • Sidan 1890 har Islands isbrear blitt 18 prosent mindre, og heile 50 prosent av dette har blitt borte etter 1995.
  • På Island kan alle isbrear vere borte innan 2200.
  • Forskarane ser at havnivået i dette århundret stig raskare enn kva ein har kunne måle i noko anna århundre dei siste 3000 åra. Det stig både fordi vatnet utvidar seg ved høgare temperaturar, men også på grunn av issmeltinga.

Og denne tendensen er på ingen måte unik for Island.

Forskarar ved Universitetet i Toulouse i Frankrike er blant dei som har samla inn store mengder satellittbilete og analysert dei. Der ser dei at det kvart einaste år forsvinn is frå verdas isbrear, tilsvarande 267 milliardar tonn. Det viser utviklinga år for år sidan 2000 til 2019.

veTm2T1wi8c

Det smelter bort is over heile kloden. Her frå Perito Morena-breen i Argentina.

Foto: STRINGER Argentina / Reuters

I Noreg trur ein at halvparten av isbreane kan vere borte om 80 år. Og det vil i så fall få konsekvensar.

Det kan til dømes bli mindre tilsig av vatn i vassmagasina, og dermed høgare straumprisar. Det kan endre luftstraumar, slik at det påverkar jordbruket. Også vil delar av turistnæringa miste ein stor attraksjon: Isbrevandring.

Hamnar Reykjavík sentrum under vatn?

Konsekvensane vil bli store også andre stader på jorda, og spesielt langs kystnære strøk.

– Utrekningar viser at det kan bli snakk om at havnivået stig ein meter innan utgangen av 2100, men alt kjem an på mengda co₂ i atmosfæren, seier Aðalgeirsdóttir.

Arbeidet hennar var med som grunnlag i den store rapporten frå FNs klimapanel. Klimarapporten skapte overskrifter over heile vedra i august, og FN-sjef Antonio Guterres erklærte at det er «kode raud» for planeten.

Det Aðalgeirsdóttir veit er at isbresmeltinga er noko av det som vil truge millionar av menneske.

– Slik som her på Island vil heile sentrum av Reykjavík hamne under vatn, fortel forskaren, før ho understrekar at den dagen Island og Noreg er kraftig påverka av at havnivået stig, så vil land som Bangladesh og Maldivane allereie vere i djup krise - kanskje vil nokre øystatar vere heilt borte.

Håpefull, trass den negative utviklinga

Men alt er ikkje bekmørkt. Ho ser eit håp for isbreane sin vidare eksistens.

– Det me ikkje veit er kor raskt og kor omfattande smeltinga vil bli. Det er noko av det me framleis er usikre på, og alt avheng av kor mykje karbondioksid som blir slept ut i atmosfæren.

– For Island er det viktig at Paris-avtalen blir følgt. Om det skjer, så vil Island 40-60 prosent av Vatnajökull overleve, seier Aðalgeirsdóttir om Islands største isbre.

PRESISERING: Ei setning i denne artikkelen er presisert etter publisering: Det stod opphavleg at «Havnivået stig raskare enn kva ein har sett nokon gong tidlegare», og dette er endra til «Forskarane ser at havnivået i dette århundret stig raskare enn kva ein har kunne måle i noko anna århundre dei siste 3000 åra».

AKTUELT NÅ