NRK Meny
Normal

Homofile prestar i brev til kyrkja: Fryktar trakassering under kyrkjevalet

Homofile og lesbiske prester fryktar at homovigseldebatten før kyrkjevalet vil bli for tøff for dei åpne prestene - og at kyrkja ikkje vil forsvare dei.

Sara Moss

- No er det på tide at nokon sett ned foten og seier at vårt høve til å leve, puste og elske faktisk er viktigare enn dei andre sitt høve til å ytre seg trakasserande, seier kapellan Sara Moss.

Foto: Kristian Rostad

17 lesbiske, homofile eller bifile prester har sende eit brev til si arbeidsgivar, Den norske kyrkje om at dei er uroa for at kyrkja ikkje vil verne dei mot diskriminering og trakassering.

Dei er uroa for at kyrkjevalet, der vigsel av homofile par er det store temaet, blir ei ekstra sterk påkjenning.

I brevet står det blant anna:

For de fleste smeller det av og til. Vi opplever en ekstra hard konfrontasjon med en kollega, sinte leserbrev i lokalavisa eller folk som vil helbrede presten sin med håndspåleggelse.

Brev: Bekymringsmelding om vårt arbeidsmiljø i forbindelse med Kirkevalget og ellers

«Den norske kirke er i utgangspunktet ikke nødvendigvis en sunn arbeidsplass for lhbt-personer. Tida som kommer vil bli ekstra tøff for oss, når våre liv og vår tro igjen daglig vil bli redusert til en sak folk kan være 'for eller mot'.»

Brev: Bekymringsmelding om vårt arbeidsmiljø i forbindelse med Kirkevalget og ellers

Forstår at det er krevjande

No har alle biskopane som har opne lesbiske eller homofile prestar fått brevet. Som leiar for kyrkja vil preses Helga Haugland Byfuglien diskutere saka med alle biskopane, også dei som ikkje vil tilsette homofile.

Helga Byfuglien

– Eg har tillit til at biskopane følgjer opp dette på ein ansvarleg måte i sine bispedømme, seier preses og biskop Helga Haugland Byfuglien.

– Det er ei sak som eg vil løfte fram i bispekollegiet og orientere om det brevet som nokon av oss har fått. Og ut ifrå det reflektere over kva vi kan sjå er eit viktig felles ansvar, seier ho.

Byfuglien forstår at kyrkjevalkampen kan bli oppfatta som krevjande for lesbiske og homofile prestar.

– Det er svært alvorleg viss medarbeidarar i kyrkja opplever at dei blir trakasserte på arbeidsplassen. Og det har arbeidsgivar eit ansvar for å gjere det vi kan for at ikkje skal skje.

Noen av våre prestekolleger og ulike representanter for arbeidsgiver finner også anledninger til å diskutere andre prinsipielle spørsmål i offentligheten: Bør lhbt-personer få oppleve kjærlighet?

Brev: Bekymringsmelding om vårt arbeidsmiljø i forbindelse med Kirkevalget og ellers

Ønskjer ressursgruppe

Dei prestane det gjeld kan sende ei avviksmelding til det interne arbeidsmiljøutvalet, skriv Byfuglien i sitt svar til prestane.

Dei to fagforeiningane til prestane, Presteforeninga og Teologane i Fagforbundet ønskjer at kyrkja skal opprette ei ressursgruppe på LHBT-spørsmål, slik at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i kyrkja kan fortelje kyrkja om sine opplevingar med kyrkja.

- Det vil òg vere godt for dei det gjeld å kunne knytte eit nettverk seg i mellom, seier leiar for Presteforeninga, Martin Enstad.

- Veldig alvorleg

Sunniva Ørstavik, Likestillingsombud

Kyrkja har ei plikt til å ta vare på sine tilsette, seier Likestillingsombod Sunniva Ørstavik.

Foto: Julia Loge

– Trakassering og diskriminering på grunn av den du er, er veldig alvorleg, seier likestillingsombod Sunniva Ørstavik.

– Dette er ei kjend tematikk for oss, vi har vore i kontakt med fleire prester som opplever at dei blir trakasserte på jobben, held ho fram.

Ombodet viser til Likestillingslova, som seier at alle arbeidsgivarar skal førebygge diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

–Eg vil rå kyrkja til å ta dette på største alvor, og møter sine tilsette med ein god plan for korleis dei vil sikre at alle blir godt tatt vare på på jobben, og ikkje blir utsette for trakassering og diskriminering.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger