Hopp til innhold

Høgre: – Store skattekutt er urealistisk

Mange vil hevde store skattekutt er sjølve lyden av Høgre. Men i forslaget til nytt partiprogram er det meir moderate tonar.

Kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen under offentleggjøringen av resultat fra PISA 2015 idet han besøker universitetet i Oslo, tirsdag.

MODERAT: Når Høgre sin strategisjef peikar retning for nye skattekutt brukar han ordet «moderat».

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi må prioritere annleis, seier leiar i programkomiteen Torbjørn Røe Isaksen (H).

Høgre-statsråden har fleire gongar understreka at «tida for store skattekutt er forbi». I det endelege utkastet frå programkomiteen er det konkretisert kva det betyr for Høgre inn i valåret 2017.

Og det er ein samrøystes komite som stiller seg bak.

Ha moderate letter i det samla skatte- og avgiftsnivået.

Frå Høgre sitt programutkast

Berre moderate skattekutt

I programutkastet står det:

«Ha moderate letter i det samla skatte- og avgiftsnivået og sikre eit breitt skattegrunnlag der alle med skatteevne bidreg».

– Vi ynskjer moderate senkingar i skatte- og avgiftsnivået. Det betyr at vi skal ha ned skatten på norske eigarar og at personskatten kjem til å gå ned. Men vi lovar ingen store nye skatteletter utanom det, seier Røe Isaksen.

– Er det eit taktskifte?

– Nei, men skattelette må prioriterast opp mot andre ting. Vi går tider i møte med tøffare prioriteringar, og då må Høgre sitt program spegle det. Dessutan er skattane allereie redusert etter fire år med Høgre i regjering, seier han.

Fjernar ikkje formuesskatten likevel

Skatteforliket på Stortinget inneber lågare formuesskatt på kapital investert i bedrifter, til dømes maskiner og datautstyr. Det er med det bakteppet Røe Isaksen forsvarar å fjerne dagens Høgre-formulering om å "trappe ned og fjerne formuesskatten på sikt".

– Vi har ei ny formulering som seier at vi vil redusere skatten på arbeidande kapital, og nøyer oss med det. Det betyr at vi ikkje lovar å fjerne formuesskatten i neste periode.

– Kvifor ikkje?

– Fordi det ikkje er realistisk å få til i løpet av ein fireårsperiode.

Skatteforlik

SKATTEFORLIK: Skatteforliket på Stortinget inneber lågare formuesskatt på kapital investert i bedrifter, til dømes maskiner og datautstyr.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Er dagens Høgre-program då urealistisk?

– Nei, det meiner eg ikkje. Men vi må følge opp det vi har blitt einige om i skatteforliket, altså få ned skatten på norske eigarar og norske arbeidsplassar. Då bør programmet spegle det vi skal gjere i neste fireårsperiode, seier Isaksen.

Det betyr at vi ikkje lovar å fjerne formueskatten i neste periode.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

– Har KrF og Venstre påverka denne avgjerda?

– Høgre er eit samarbeidsparti, og vi vil sitje i regjering og gjennomføre politikken vår. Det må partiprogrammet i neste periode spegle.

Regjeringspartnar Frp vil avvikle formuesskatten

Framstegspartiet la måndag fram sitt utkast til nytt partiprogram. Der står partiet fast ved tidlegare standpunkt: «Frp vil avvikle formueskatten».

Men nestleiar i programkomiteen, Harald Tom Nesvik (Frp) vil ikkje kommentere programutkastet til regjeringskollega Høgre. Han viser til finanspolitisk talsperson i Frp, Hans Andreas Limi.

Via pressekontakten i Frp seier Limi at han ikkje vil kommentere Høgre-politikk som ikkje er vedteken.

AKTUELT NÅ