Hopp til innhold

Ei politisak mot Skårderud lagt bort

Statsadvokaten har lagt bort politisaka til Hilde Rød-Larsen. Ho meldte Finn Skårderud for misbruk av sin maktposisjon.

Hilde Rød-Larsen 22.06.23

POLITISAK LAGT BORT: Hilde Rød-Larsen meldte Finn Skårderud til politiet i februar i fjor. No er saka lagt bort hos statsadvokaten. Statsadvokaten har enno ikkje fatta avgjerd i Victoria Nordberg si sak.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Før jul i fjor mista Finn Skårderud autorisasjonen og retten til å praktisere som lege og psykiater, etter fleire varsel mot han frå tidlegare pasientar. Skårderud har klaga på vedtaket.

I tillegg er det ei anna politisak mot han som enno ikkje er avgjort.

Skårderud blei meldt til politiet av Hilde Rød-Larsen og den tidlegare pasienten Victoria Nordberg.

Statsadvokaten har no lagt bort saka til Hilde Rød-Larsen, får NRK stadfesta.

Statsadvokaten har enno ikkje fatta avgjerd i Victoria Nordberg si sak.

– Statsadvokatvedtaket er eit endeleg sluttpunkt for Hilde Rød-Larsen sin rettslege pågang mot psykiateren. Bakgrunnen for henlegginga er at forholdet rett og slett ikkje er straffbart, seier Skårderud sin advokat, Halvard Helle, til NRK.

Han seier at Skårderud i Hilde Rød-Larsen-saka har blitt utsett for alvorlege påstandar med voldsom kraft.

– For psykiateren inneber dette ei full rettsleg reinvasking, seier Helle.

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen representerer Rød-Larsen i saka.

– Det blir i henlegginga òg vist til Helsetilsynet sin kritikk av Skårderud, der den seksuelle omgangen blir skildra som uklok og lite reflektert. Så at dette skal vere ei full reinvasking av han gjer at eg må legge til grunn at advokat Helle har ei anna oppfatning av det omgrepet enn meg, seier Larsen.

Finn Skårderud på sitt kontor Tatt 26-08-2014

MISTA AUTORISASJONEN: Finn Skårderud.

Foto: Tor G. Stenersen / Aftenposten

Meldt for misbruk av maktposisjon

Hilde Rød-Larsen meldte Skårderud for misbruk av sin maktposisjon etter straffelova § 295.

Rød-Larsen og Skårderud har heile tida vore samde om at det ikkje har vore ein pasient-behandlar-relasjon mellom dei to.

Men Rød-Larsen har fasthalde at Skårderud misbrukte sin posisjon som psykiater til å ha sex med ho då ho var sjuk med ei eteforstyrring.

I Rød-Larsens melding til politiet står det blant anna:

«Det har ikkje vore eit formelt pasientforhold med Skårderud som behandlar og Rød-Larsen som pasient. Føresegna i § 295 bokstav a rammar likevel også misbruk av avhengnadsforhold eller tillitsforhold. 'Avhengnadsforhold' omfattar ulike former for personleg avhengnad av gjerningspersonen.»

Skårderud har heile tida motsett seg skuldingane. Han har klaga på Helsetilsynet sitt vedtak om å ta frå han autorisasjonen.

Tilsynssak mot Finn Skårderud Blir fråteken legeautorisasjonen

Finn Skårderud

– Vesentleg mangel på fagleg innsikt

Statsforvaltaren i Oslo og Viken opna tilsyn mot Skårderud januar 2023. I juni blei dei fyrste tilsynssakene sendt til Helsetilsynet.

I desember 2023 blei legeautorisasjonen tatt frå han.

Helsetilsynet meinte Skårderud hadde opptredd i strid med det som er forsvarleg i helsepersonellova for totalt 11 pasientar.

Skårderud mista med det moglegheit til å behandle pasientar som psykiater.

Det grunngav dei med «vesentleg mangel på fagleg innsikt», «uforsvarleg verksemd», «vesentlege pliktbrot», og på grunn av «åtferd som blir rekna som ikkje er i samsvar med yrkesutøvinga»

Etter nyttår klaga Skårderud til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Han meiner han ikkje er ueigna til å utøve yrket som lege, og heller ikkje utgjer ei fare for pasienttryggleiken.

Klagen er enno ikkje ferdig handsama.

Helfo undersøker betalingar

Etter at han mista autorisasjonen opna Helfo ein såkalla etterkontroll mot Skårderud.

Dei undersøker, etter tips frå politiet, om han kan ha fått betalingar frå staten han ikkje har krav på, for behandlingstimar som ikkje skal ha funne stad.

Les også Granskar ut­betalingar – Skårderud risikerer å måtte betale tilbake

Halvard Helle

Mellom 2018 og 2022 fekk Skårderud utbetalt 6,12 millionar kroner for behandling av pasientar på vegner av det offentlege.

Skårderud blei beden om å sende inn dokumentasjon på pasientbehandlingane.

– Helfo kontroll er no på eit innleiande utgreiingsstadium i kontrollen, seier seksjonssjef Cecilie Eriksen Brodal.

AKTUELT NÅ