Hopp til innhold

Vars­larar vart høyrde: – Dette skjer ikkje ein dag for tidleg

Helsetilsynet har teke legeautorisasjonen frå Finn Skårderud etter det dei kallar «vedvarande fagleg svikt». – Det er ei stor oppreising, seier varslar.

Finn Skårderud

Psykiater Finn Skårderud mister autorisasjonen som lege.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Skårderud har opptredd i strid med det som er forsvarleg i helsepersonellova for totalt 11 pasientar.

Det er konklusjonen til Helsetilsynet. No trekkjer dei autorisasjonen til Skårderud og han får ikkje lenger praktisere som lege.

– Helsetilsynet har etter ei heilskapleg vurdering kome til at psykiateren er ueigna til å utøve yrket sitt forsvarleg, på bakgrunn av vedvarande fagleg svikt, manglande rolleforståing og mangelfull journalføring, skriv tilsynet.

Skårderud sin advokat, Halvard Helle, meiner vedtaket er feil og seier det vil bli klaga inn til Helsepersonellnemnda.

– Intimitetskrenkjande åtferd

Ei av dei som blir omtala i vedtaket frå Helsetilsynet er varslaren Miriam, som fyrst melde frå om grenseoverskridande åtferd i 2003. Skårderud fekk då ingen reaksjon. Statsforvaltaren opna saka hennar på nytt i 2022.

Helsetilsynet skriv no:

– Statsforvaltaren sin konklusjon er at du utviste intimitetskrenkjande åtferd i samband med samtale og undersøking av pasienten. Statens helsetilsyn stiller seg bak konklusjonen.

Finn Skårderud på sitt kontor Tatt 26-08-2014

Finn Skårderud på sitt kontor i 2016

Foto: Aftenposten

Miriam seier til NRK at ho no er letta.

– Det er ei stor oppreising at autorisasjonen no blir trekt tilbake, både for meg og dei andre offera. Dette skjer ikkje ein dag for tidleg. For meg har dette vore ein tjue år lang prosess.

I vedtaket står det at Helsetilsynet ikkje er kjend med at det har kome liknande påstandar frå andre pasientar.

Victoria Nordberg er ein av dei andre varslarane. Ho var Skårderuds pasient i 20 år.

– Det er veldig mykje følelsar no. Eg er ekstremt sliten. Det vil nok ta tid før dette søkk inn. Men eg er sjølvsagt letta av å bli trudd, seier Nordberg.

Victoria Nordberg

VARSLA: Victoria Nordberg er ein av sju som har varsla mot psykiateren. I dag vart autorisasjonen hans trekt tilbake.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Motset seg skuldingane

Skårderud sin advokat, Halvard Helle, kritiserer arbeidet til Helsetilsynet.

Avgjerda bygger nærast slavisk på vurderingane frå dei to sakkunnige. Psykiateren kritiserast faktisk for at han har vore kritisk til deira vurderingar og konklusjonar, seier han til NRK.

Det er framfor alt ei graverande feilvurdering at Helsetilsynet legg til grunn at det har skjedd intimitetskrenkjande åtferd mot ein pasient for over 20 år sidan. Det er ingen forhold ved saka som tilseier noko anna enn at den blanke frifinninga fylkeslegen kom med i 2004 var rett.

Helle seier det samla trykket frå klagarane, media og helsestyresmaktene har vore uforsvarleg.

Flodbølgja har medført at Helsetilsynet ikkje har klart å skilje saksforholda frå kvarandre, og trakka feil på avgjerande punkt, seier han til NRK.

Halvard Helle

Advokat Halvard Helle representerer psykiateren.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Tilsynssakene starta etter at forfattar Hilde Rød-Larsen stod fram. I november 2022 fortalde Rød-Larsen at ho i tjueåra vart utsett for grenseoverskridande handlingar frå ein norsk psykiater.

Ifylgje henne hadde dei sex for fyrste gong i 1999. Rød-Larsen var ikkje psykiateren sin pasient, men ho hevda han visste at ho var sjuk med ei eteforstyrring.

Hilde Rød-Larsen 22.06.23

Hilde Rød-Larsen meiner det omfattande tilsynet med totalt sju saker beviser alvorleg systemsvikt.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Skårderud har gjennom advokaten sin motsett seg dette, og halde fast ved at han ikkje handla i strid med regelverket.

Helsetilsynet skriv i konklusjonen sin at det ikkje var ein pasient-behandlar-relasjon mellom psykiateren og Rød-Larsen, og at åtferda hans ikkje blir ramma av helsepersonellova.

Det er bra at Helsetilsynet klart og tydeleg har slått fast at saka med forfattaren Hilde Rød-Larsen ikkje blir ramma av føresegnene til helsepersonellova. Klaga hennar er endeleg parkert, seier advokat Halvard Helle.

Rød-Larsen fortel at ho er nedbroten etter det ho kallar ein krevjande og langdryg varslingsprosess.

– No håpar eg norske styresmakter og media tek inn over seg at denne saka også handlar om alvorleg systemsvikt, seier Hilde Rød-Larsen.

Les også Seks tilsynssaker mot psykiater – behandler fortsatt pasienter

Hilde Rød-Larsen 22.06.23

To straffesaker

Skårderud er meld til politiet av både Hilde Rød-Larsen og Victoria Nordberg, mellom anna for misbruk av maktposisjon. Han er òg meld for brot på ansvarlegdomskravet i helsepersonellova som gjev rett til god og forsvarleg behandling.

Etterforskingsleiar Maria Eriksson ved Oslo politidistrikt opplyser til NRK at Skårderud er avhøyrd. Tre vitneavhøyr er gjennomførte i etterforskingane av to straffesaker.

– Påtaleavgjerda, slik påtaleansvarleg vurderer saka no, vil ikkje nødvendigvis bli lik for heile komplekset, seier Eriksson.

AKTUELT NÅ