Hopp til innhold

Granskar ut­betalingar – Skårderud risikerer å måtte betale tilbake

Helfo kontrollerer no utbetalingar til den tidlegare psykiateren. Finn Skårderud har bede om å få rydde opp i eventuelle feil.

Halvard Helle

Advokat Halvard Helle seier at hans klient har vore i kontakt med Helfo for å rydde opp.

Foto: Tore Linvollen / NRK

21. april i år kontaktar politiet den statlege etaten Helfo. Dei er ansvarlege for utbetaling av over 42 milliardar kroner kvart år til helsepersonell og innbyggjarar.

Politiet varslar om at dei har opplysningar som kan tyde på at psykiater Finn Skårderud har mottatt urettmessige refusjonar.

No er det starta kontroll av utbetalingar til Skårderud, stadfestar Helfo overfor NRK.

– I ein etterkontroll ber vi om dokumentasjon for ein avgrensa periode, seier seksjonssjef i Helfo kontroll, Cecilie Eriksen Brodal.

NRK har fått innsyn i delar av den tidlegare psykiateren sine utbetalingar frå Helfo. Frå 2018 og ut 2022 bad Skårderud om – og fekk utbetalt – 6,12 millionar kroner.

Les også Vars­larar vart høyrde: – Dette skjer ikkje ein dag for tidleg

Finn Skårderud

Helfo vil ikkje kommentere kva periode dei ber om dokumentasjon på, eller om dei har hatt vidare kontakt med politiet.

Skårderud er informert om at det er oppretta kontroll.

– Dette er fyrste skritt i eit ordinært kontrollforløp, seier seksjonssjef i Helfo kontroll, Cecilie Eriksen Brodal.

Finn Skårderud på sitt kontor Tatt 26-08-2014

Finn Skårderud har mista autorisasjonen som lege og psykiater, men har klaga på vedtaket.

Foto: Aftenposten

1. desember tok Helsetilsynet frå Skårderud autorisasjonen til å arbeide som lege og psykiater.

– Manglane ved di helsehjelp knytt til forhold som utgreiing, behandlingsplanlegging, oppfylging, journalføring og rolleforståing er omfattande, gjentakande og alvorlege, skriv dei i sitt vedtak.

Skårderud sin advokat Halvard Helle varsla same dag at vedtaket vil bli klaga inn for Statens helsepersonellnemnd.

Bad om å få rydde opp

Dersom Helfo finn at det er urettmessig utbetalt pengar kan Skårderud få krav om tilbakebetaling.

– Han tok for fleire månader sidan kontakt med Helfo for å rydde opp i eventuelle feilutbetalingar, skriv advokat Halvard Helle i ein e-post til NRK.

Han vil ikkje svare på om Skårderud tok kontakt før eller etter VG-saka der varslar Victoria Nordberg har fleire døme på timar som ikkje skal ha funne stad.

Helle vil heller ikkje gå nærare inn på kva som eventuelt skal betalast tilbake.

– Det må avklarast fortrinnsvis mellom psykiateren og Helfo, ikkje via allmennkringkastaren, avsluttar advokaten.

Fann feil i eigen journal

Victoria Nordberg var Skårderud sin pasient i over 20 år. Ho har i VG vist til 13 tilfelle av timar Skårderud har bede om refusjon for, men som ikkje skal ha funne stad.

Victoria Nordberg

Victoria Nordberg har dokumentert det ho meiner er urettmessige refusjonar til Skårderud for timar som ikkje har funne stad.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Ein av desse er frå 2. juni 2014. Timen blei betalt av det offentlege – men Nordberg var då på ferie på den greske ferieøya Kalymnos.

NRK har sett dokumentasjon på ein flybillett som viser at Nordberg ikkje hadde heimreise før 4. juni, to dagar etter den journalførte timen på Finn Skårderud sitt kontor.

I tilfelle der pasienten avlyser ein time eller behandlaren sjølv har blitt sjuk, skal det ikkje sendast refusjonskrav til Helfo. Refusjonsordninga gjeld berre dei timane som faktisk har funne stad.

Solnedgang tatt av Victoria Nordberg

Dette biletet er tatt 30. mai 2014, då Nordberg var på ferie i Hellas.

Foto: Privat

– Eg synest det er betryggande og bra at fleire ting no blir sjekka og skikkeleg ettergått i denne saka, seier Nordberg.

Ho meiner dokumentasjonen hennar viser at Skårderud har fått urettmessige utbetalingar.

Helfo skriv til NRK at det ikkje er aktuelt med eventuell tilbakebetaling før alle forhold i saka er vurdert og behandla.

I februar meldte Nordberg psykiataren til politiet for dokumentfalsk ved forfalsking av journalar.

Helsetilsynet har sidan konkludert med brot på reglane for journalføring. I Victoria Nordberg sin journal endra han over 100 notat etter det blei opna tilsyn.

Betalt av det offentlege

Skårderud har sidan 2007 hatt kontrakt som avtalespesialist med det regionale helseføretaket som no heiter Helse Sør-Øst. Det betyr at han har kunne behandle pasientar som er henvist frå fastlege.

Skårderud har som avtalespesialist fått betalt av det offentlege for å drive behandling for delar av si pasientgruppe.

I mai 2023, fire månader etter at Statsforvaltaren kunngjorde at dei opna tilsyn mot han, sa Skårderud opp avtalen.

Finn Skårderud sitt brev til Helse Sør-Øst om oppseiing av avtalepraksis sendt 31. mai 2023.

Skårderud sa i vår opp kontrakten om avtalepraksis med Helse Sør-Øst.

Foto: Skjermdump

– Eg vil i kontraktsperioden arbeide fulltid med pasientar og gradvis avvikling av desse, skreiv Skårderud til helseføretaket.

Oppseiingstida gjekk ut 30. november. At han undervegs i tilsynssaka framleis kunne behandle pasientar blei av bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen kalla «ei hån».

Advokat Halvard Helle sa då at Helsetilsynet var orientert om psykiateren sin arbeidssituasjon.

Les også Tok Skårderud i forsvar – no beklagar han

Karl Eldar Evang

NRK anbefaler

AKTUELT NÅ