Hopp til innhold

Her er Røe Isaksens skuleplan

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) synest samanlikning og rangering av skular er meiningslaust, og vil tenke seg godt om på regjeringslovnaden som seier «full openheit om skuleresultat».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil prioritere lærarløftet først og lovar meir pengar til vidareutdanning.

SE VIDEO: Slik ser Røe Isaksen for seg den norske skulen.

Han prioriterer lærarløftet først og lovar meir pengar til vidareutdanning, mens han ventar med femårig lærarutdanning og skjerpa karakterkrav til lærarstudentar.

NRK møter den nyutnemnde statsråden i regjeringa til ein prat om skulepolitikken framover fredag ettermiddag. Høgre må innfri på kjerneområdet skule.

Det er eit tungt ansvar som er gitt den yngste statsråden av alle. For dei har hamra laus på SV i åtte år, og har lova mykje.

Lærar-lovnad

Høgre-leiar Erna Solberg snakka om «drøymelæraren» i valkampen. No set Isaksen departementet i sving med å lage det han kallar ein «drøymelærarplan».

Det er liten tvil om kva som er prioritert.

– Kva kjem du til å gripe fast i først med det norske utdanningssystemet?

– Det aller første er å sette i gang det vi har kalla for lærar-løftet. Vi veit at sjølv om det er mykje bra i norsk skule, så har vi nokre utfordringar, blant anna at mange elevar ikkje lærer nok. Dei har ikkje gode nok basisferdigheiter. Vi har snudd noko av utviklinga i norsk skule, men samtidig har vi like dårlige resultat på internasjonale testar som vi hadde i 2000, seier Isaksen.

– Viss vi skal gjere noko med det, må vi gjere gode lærarar i skulen endå betre. Det er mange flinke lærarar, men dei treng fagleg påfyll. Og det har vi sagt er det viktigaste å starte med når vi no har fått Kunnskapsdepartementet.

Dermed lovar Isaksen at statsbudsjettet for 2014 kjem til å innehalde ei satsing på matteløftet regjeringa har lova. 10.000 lærarar skal få vidareutdanning i matematikk, skal vi tru lovnadane.

– Det er eit veldig ambisiøst mål. Denne satsinga må vi starte med i 2014, slår han fast til NRK.

Tek meir av rekninga

Vidareutdanning for lærarar har vore eit spleiselag mellom kommunar og stat. Slik systemet er i dag, betalar staten 50 prosent av rekninga.

Mange kommunar har droppa å sende lærarar på kurs. Eitt av argumenta har vore at det er for dyrt. No lovar statsråden at han skal ta meir av rekninga. Han vil ikkje seie kor mykje enno, men partiet hans har teke til orde for at staten skal betale 60 prosent.

Då krev han også at kommunane tek seg sjølv i nakken.

– Det er fristande å seie «Skjerp dykk!», men eg skal ikkje det. Eg veit at det er tøft å vere kommunepolitikar. Men å ikkje investere i gode lærarar og kunnskap i skulen er fryktelig dårlig samfunnsøkonomi, og det er dårlig for kommunen også. Dette bør vere ei hovud-oppgåve for alle kommunar, og det er ingen tvil om at mange må bli betre på dette.

(Saken fortsetter under videoen)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha åpenhet om skoleresultater fra nasjonale prøver, men mener de må brukes med omhu. Tallene gir ikke grunnlag for å lage lister over gode og dårlige skoler, fastslår han.

SE VIDEO: Kunnskapsministeren advarer pressen mot å bruke tall fra nasjonale prøver til å rangere skoler, fra gode til dårlige.

Nei til rangering

I regjeringsplattformen seier Høgre og Frp at regjeringa vil «kartlegge læringsresultata gjennom heile skuleløpet og sikre full openheit om resultat på skulenivå».

Men Torbjørn Røe Isaksen vil slett ikkje ha noko frislepp av informasjon om testar og skuleresultat.

– Det å lage lister over dei 100 beste skulane i Norge er for alle praktiske formål meiningslaust.

– Så kva inneber denne openheita i praksis?

– Det med openheit må vi tenke litt på, for det vi ikkje ønskjer er at media skal lage rangeringslister over skular i Norge. Det gir ikkje verdifull informasjon å samanlikne ein skule i Telemark og ein skule i Oslo og ein i Finnmark, og lage ei nasjonal rangering på det, seier Isaksen.

– Samtidig er det viktig at når vi får resultat frå nasjonale prøver, så må kommunepolitikarane få vite om det, foreldra i foreldreutvalet må få informasjonen, eg synest kanskje også at elevane bør få vite om det. Det handlar ikkje om at informasjonen er vanskelig å få tak i, den er tilgjengelig allereie i dag, men det handlar om korleis skulen og skuleeigaren brukar resultata. Der trur eg det er mykje å hente.

– Men du ser altså ikkje for deg ein nasjonal nettportal der ein kan samanlikne skular?

– Nei. I dag har vi nettportalen Skoleporten.no. Det er ein fornuftig portal som vi fortsatt skal ha. Der kan du kun lese resultat på kommunenivå, og så må du spørje etter skuleresultat for å få innsyn i det. Vi skal sjå på det systemet, men som sagt: Det er viktig at det er offentlig, men det er ikkje noko mål for meg eller regjeringa at vi skal gje stoff til meiningslause rangeringslister i riksaviser.

Ventar med lærarutdanningane

Regjeringsplattformen seier at dei fireårige lærarutdanningane skal bli femårige, og at det skal bli tøffare karakter-krav for å kome inn.

Det står ikkje først på lista til Isaksen.

– Vi må sjå alt i samanheng. Dette må bli ein del av det vi gjerne kan kalle «drøymelærarplanen». Vi kan ikkje endre inntakskrava allereie neste år. Dette er eit område der vi må bruke sunn fornuft. Vi må sjå om vi klarer å auke prestisjen til læraryrket nok, og så kan vi sjå om vi kan endre inntakskrava utan å miste for mange studentar.

Karakterforsøk må vere reelle

Isaksen har allereie varsla i media at planen om karakterar i barneskulen er avlyst. KrF og Venstre har sagt til NRK at dei ville stoppa eit slikt forsøk i Stortinget.

– Eg kan slå fast at det kjem ikkje noko forslag frå Kunnskapsdepartementet om karakterar frå femte klasse.

Men Venstre har antyda at dei kan vere meir positive til karakterforsøk, og lokale Høgre-politikarar i store kommunar har merka seg at statsråden vil ha forsøk i skulen.

Då SV styrte Kunnskapsdepartementet vart det nei på alle søknader om lokale karaktervariantar. Isaksen kan vente seg fleire karakter-søknader på bordet.

– Viss ein kommune vil prøve ut karakterar for alle elevar på sjuande trinn, vil dei få ja?

– Eg har sagt at eg er generelt positiv til forsøk i skulen, og det betyr ikkje berre forsøk som Høgre og Frp er for. Om eit slikt forsøk vil få ja eller nei, veit eg ikkje. Det kjem an på korleis det er innretta. Det må vere eit reelt, tidsavgrensa forsøk, og det må vere eit godt opplegg for å forske på det og bruke resultata etterpå. Eg vil ikkje avvise eventuelle karakterforsøk, men eg kan heller ikkje love støtte til ein søknad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger