Hopp til innhold

Her er fire ting du bør tenkje på om du vil ha korona

Vil du ha koronavirus? Her er fire ting du bør tenkje på før du leitar etter di næraste folkesamling i håp om koronasmitte.

Hvis du er syk, bør du ikke møte mange andre mennesker under korona.

RÅD: 45 prosent av nordmenn er ikkje redde for å bli smitta, men her nokon ting du bør tenkje på dersom du vil få korona. Illustrasjon: Alexander Slotten

45 prosent av oss er ikkje redd for å få korona, og berre 7 prosent av oss er svært bekymra for å få det. Det kjem fram i ei ny undersøking Norstat har gjort for NRK.

I den siste risikorapporten frå FHI om omikronvarianten står det mellom anna at «gjennomgått infeksjon gir betre robustheit i framtidige møte med viruset».

– Vi må ha ein balanse ved å la smitte skje, for det vil han. Det betyr og at fleire blir immune, som er bra, og å ha tiltak nok til at sjukehusa og samfunnet blir overvelda av mange sjuke, sa direktør i FHI Camilla Stoltenberg til Dagsrevyen.

Lei av korona – frykter ikke lenger å bli smitta

Førre veke var over 97 prosent av dei analyserte prøvene på OUS omikronsmitte.

– No sluttar vi å teste om det er omikron, sa avdelingsleiar Fredrik Müller til NRK.

Blir du smitta no, er det sannsynlegvis omikron.

Assisterande direktør i Helsedirektoratet åtvarar mot å bli smitta av koronaviruset.

Espen Rostrup Nakstad

ÅTVARAR: Unngå smitte, er råda frå Espen Nakstad til befolkninga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Det er naturleg at frykta for smitte minkar når vi har ein mindre farleg virusvariant. Det er likevel fleire nyansar i risikobildet som gjer at vi ikkje tilrår folk å aktivt gå inn for å bli smitta, seier Espen Nakstad i ein e-post til NRK.

Her er nokre ting du bør tenkje på før du dreg på næraste folkesamling i jakt på smitte.

Omsyn til uvaksinerte og utsette grupper

Risikorapporten til FHI konkluderer med at omikronvarianten har langt større spreiingsevne enn deltavarianten. Den er opp mot to gonger så stor. Heldigvis gir den langt mindre alvorleg sjukdom. Samanlikna med delta, utgjer omikron ein tredel av innleggingsrisikoen.

Likevel er det framleis uvisst kor mange uvaksinerte som vil bli smitta, og kor alvorleg sjukdomsgang dei vil få. For personar med høg alder og underliggjande sjukdom, vil det framleis kunne gi alvorleg sjukdom, ifølgje Nakstad.

Det blir vanskelegare for desse gruppene å unngå smitte når mange i samfunnet er smitta samtidig, meiner han.

Du kan bli smitta på nytt

Reinfiksjonar vil skje med omikronvarianten òg, ifølgje risikorapporten til FHI. På same måte som omikronvarianten kom overraskande på mange, kan ein ny virusvariant plutseleg dukke opp. Det er ikkje sikkert at tidlegare omikroninfeksjon vil gi vern mot ein ny variant.

I beste fall får dei fleste ein styrka immunitet som varer lenge, men i verste fall kan ein bli like sjuk seinare fordi viruset har endra seg, seier Nakstad.

Det er med andre ord ikkje sikkert at ein «blir ferdig med pandemien» ved å bli smitta av omikron denne vinteren, ifølgje Nakstad.

Long covid

Det er uvisst kor mange som får langtidseffektar etter omikronsmitte, fortel Espen Nakstad.

Tal frå FHI viser at andelen pasientar med mildare forløp, som rapporterte om minst eitt symptom etter seks månader etter sjukdom, var mellom åtte og 61 prosent. Dei mest vanlege symptoma var tung pust, trøyttleik, nedsett lukte- og smakssans og søvnproblem.

Forhåpentlegvis vil fullvaksinerte som blir smitta av omikronvarianten få færre long covidplager, men dette veit vi ingen ting om førebels, fortel Nakstad.

Sjukefråvær

Er du smitta med koronavirus, må du i isolasjon. Ei hovudårsak til at helsestyresmaktene ikkje ynsker at alle blir smitta på same tid, er at sjukefråværet vil auke betrakteleg.

Det er likevel gode nyheiter her, ifølgje Nakstad. Det ser ut som til omikron i Noreg ikkje veks like raskt som i andre land.

Det vil gi ei mindre bratt smittebølgje, og fleire menneske vil få det tenestetilbodet dei trengjer gjennom vinteren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger