Hopp til innhold

Svartida på PCR-testar kan bli lenger

Laboratoria har ikkje kapasitet til å ta unna ein stor auke i koronatestar. Det kan føre til auka ventetid på svar på om du er smitta eller ikkje.

Koronatest

VENTETID: Dersom smittetala aukar like mykje som frykta, vil ventetida på svar på PCR-testar auke.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I dag blei over 11 tusen registrert smitta med koronaviruset, men ifølgje FHI har vi framleis ikkje nådd toppen av smittefjellet.

– No gjeld det å balansere mellom å la smitta spreie seg, og halde igjen til å ikkje få ein stor samstundes smittebyrde og overbelasta teneste, skriv Camilla Stoltenberg på Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside.

I FHI sine scenario ser dei for seg at vi får inntil 50.000 smitta kvar dag.

Vi har ikkje kapasitet til å teste alle i Noreg kvar dag, men vi vil kunne teste dei som har behov for det og fange opp dei fleste smittetilfella, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

I og med at ein skal isolere seg ved positiv test, er det ifølgje Nakstad nærkontaktar som i visse situasjonar har behov for å teste seg.

Kor mange som treng ein slik test avheng av testkriteria og smittepresset.

Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet

KAN TESTE: Helsedirektoratet har kjøpt inn nok hurtigtestar til å teste alle som har behov for det.

Foto: Heiko Junge

Svartida kan bli lenger

På sjukehuslaboratoriet på Oslo Universitetssjukehus har dei i snitt analysert rundt 50.000 PCR-testa kvar veka den siste månaden. Dei har kapasitet til å analysere rundt 68.000. Om dei må analysere fleire vil det føre til at svartida blir lenger.

– Då blir ho over eit døgn. Vi ynsker jo helst at ho skal vere under eit døgn, seier Fredrik Müller, leiar på avdeling for mikrobiologi ved OUS.

Fredrik Müller

VENTETID: Auka smittetrykk kan føre til at svartida på analysar av koronatestar blir lenger ifølgje Fredrik Müller.

Foto: Llise Merete Olaussen / NRK

I tillegg hjelper dei og andre sjukehus med å analysere prøvar, mellom anna Agder og Vestfold og Telemark.

– Det kan bli krevjande framover, det er vanskeleg å tak i nok personell som har kompetanse.

Korleis situasjonen blir for medarbeidarane på laboratoriet avheng av kva som kjem fram på pressekonferansen til regjeringa klokka 17.

– Kapasiteten avheng av korleis politikken blir på testing framover. Kor nødvendig er det for alle å teste seg, mange vil teste seg med hurtigtestar òg, seier Müller.

Det er likevel ikkje berre dårlege nyheiter frå avdelingsleiaren. Til no har dei analysert alle testane for omikronsmitte. I går var 97 prosent av testane omikron.

No sluttar vi å teste om det er omikron. Det losnar ressursar, og gjer at testkapasiteten kan bli auka.

Får ikkje gjort noko med kapasiteten

Fürst Medisinsk Laboratorium er eit privat laboratorium. Dei analyserer koronaprøvar frå legekontor, sjukeheim og fleire kommunale teststasjonar.

Dei har ein kapasitet på rundt 25.000 testar i veka, denne veka analyserer dei rundt 20.000. Då er det snakk om å gi svar innan 24 timar.

Administrerende direktør Håvard Selby Ebbestad i Fürst

TESTAR: Direktør ved Fürst Håvard Selby Ebbestad fortel at dei kan analysere rundt 25 000 testar kvar veke

Foto: Fürst

Vi har ikkje kapasitet til å teste alle positive prøvar ytterlegare for ulike variantar, men absolutt ein god del av dei, fortel Håvard Selby Ebbestad som er administrerande direktør på laboratoriet.

Kapasiteten får dei ikkje gjort noko med. Direktøren trur alle helseinstitusjonar får utfordringar framover om smitta mellom tilsette blir stor

Men eg reknar med at myndigheitene finn måtar å handtere det på med omsyn til nærvær på jobb.

Hurtigtest blir hovudregel

50 millionar hurtigtestar vil kome den neste tida. Ifølgje Nakstad vil dei med hurtigtest kunne teste meir enn to millionar menneske i veka i dei gruppene som per i dag er tilrådd å teste seg.

Avhengig av smitteutvikling og kor mange skular som kjem i gang med regelmessig testing av elevar, vi dette talet auke, seier Nakstad.

Helsedirektoratet kjem til å sende ut om lag fire millionar testar til kommunane kvar veke framover. Med hurtigtestar kan dei i prinsippet teste 100 prosent av befolkninga kvar veke.

Test deg selv

TEST: Med hurtigtest kan helsemyndigheitene teste opp mot 2 millionar personar kvar veke

Foto: Meditest

I tillegg blir det selt veldig mange hurtigtestar på apotek.

Dei jobbar òg med korleis positive sjølvtestar kan registrerast av den enkelte innbyggjar i staden å oppsøke ein teststasjon.

– Vil karantene bli erstatta av testing?

Mykje av karantenetida er allereie erstatta av testing. I dag kan til dømes alle som har eit smitta husstandsmedlem og som er vaksinert med oppfriskingsdose teste seg kvar dag for å sleppe karantene. Det kan sjølvsagt kome fleire endringar på dette den neste tida.

AKTUELT NÅ