Hopp til innhold

Hard kritikk av Kårstø-kutt

Regjeringa vil kutte 520 millionar kroner til CO2-reinsing på Kårstø, og miljørørsla og opposisjonen reagerer sterkt.

Det blir dyrt med gassrensing på Kårstø
Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX

Bellona kallar det eit svik, Venstre fryktar ytterlegare utsetjingar og Framstegspartiet vil ha ei orsaking frå miljøvernministeren.

Årsaka til kuttforslaget i revidert nasjonalbudsjett er forseinkingar i etableringa av eit fullskala reinseanlegg.

Regjeringa understrekar at pengane vil bli løyvde seinare, men Bellona-leiar Frederic Hauge stolar ikkje på det.

- Dette er eit stort nederlag i CO2-arbeidet, og eit svik frå ei regjering vi ikkje lenger kan stole på. Dei har lurt oss, seier Hauge.

Just Catch

Han fryktar kva som vil skjer med den såkalla Just Catch-teknologien til Aker, som skal sørgje for CO"-reinsing av både grasskraftverket og biokraftverket som skaffar damp til reinseprosessen.

- Dette er pengar som er trekte tilbake. No er det ikkje lenger nok pengar til å lage ein avtale med Just Catch-prosjektet. Dette er ei dramatisk endring av politikken regjeringa har ført, legg Frederic Hauge til.

Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet er ikkje like sint som Hauge, men han krev at regjeringa må bla opp meir pengar om det skulle blil behov for pengar til CO2-reinsing på Kårstø i år.

Lars Sponheim frå Venstre meiner kuttet i løyvingane understrekar at CO2-reinsing på Kårstø er heilt i det blå. Partifellen Hans Gunnar Kvassheim, som er leiar av energi- og miljøkomiteen i Stortinget, fryktar nye utsetjingar.

Frp-politikk

Endeleg seier klimapolitisk talsmann i Framstegspartiet, Ketil Solvik-Olsen, at Kårstø-kuttet til regjeringa er heilt i tråd med Frp sin politikk. No krev han ei orsaking frå miljøvernminister Helen Bjørnøy.

 - I eit halvt år har SV gått til harde angrep på Frp for at vi kutta i løyvingane til Kårstø. No gjer dei det same sjølve, og eg forventar ei orsaking frå miljøvernministeren, seier han.

Han meiner at regjeringa sin Kårstø-politikk er ført inn på eit blindspor.

Finansminister Kristin Halvorsen (SV) seier på si side at regjeringa ikkje har endra politikk, og understrekar at pengane vil bli brukte til CO2-reinsing, berre ikkje i år.

 

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger