Hopp til innhold

Fleire barnehagar og betre skule

 Det blir ytterlegare vekst for kommunesektoren både i år og neste år, seier kommunalminister Åslaug Haga.

Åslaug Haga

- Viv held det vi lovde i Soria Moria, seier åslaug Haga.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

 - Veksten i kommuneøkonomien i 2007  blir enda sterkare enn det som låg til grunn då statsbudsjettet vart vedteke i fjor haust. Dette legg forholda til rette for fleire barnehagar, ein betre skule og ein styrkt pleie- og omsorgsteneste, sa kommunalmnisteren på ein pressekonferanse i ettermiddag.

- Vi held det vi lovde i Soria Moria og held fram med å styrkje kommunane sin økonomi og handlingsrom også neste år, sa Haga.

Meir til barnehagar

I det reviderte budsjettet er kommuneøkonomien i år styrkt med vel 1,3 milliardar kroner. Dei frie inntektene aukar med 700 millionar kroner. Dette skuldast høgare skatteinntekter enn forventa.

 

Haga aukar tilskota til barnehagar og andre øyremerkte tilskot med 600 millionar kroner. Ho reknar med at auken i inntektene i kommunal sektor vil bli på mellom 4,25 og 5,25 milliardar kroner i 2008.

Ryddig og stramt

- Opplegget er ryddig, men stramt, seier leiar i Kommunenes Sentralforbund (KKS), Halvdan Skard. Han seier at økonomien i kommunane vil styrkje seg noko i år, men at det blir trangare til neste år.

Det skuldast låg vekst i frie inntekter neste år, noko som gjer at kommunane må effektivisere for å få betre rom til eigne satsingar, seier han.

Skard er nøgd med at det blir etablert ei betre finansieringsordning for ressurskrevjande tenester til dei som treng aller mest hjelp. Han meiner det er positivt også at regjeringa dekkjer opp for auka kostnader til fleire eldre og skuleelevar.

Han meiner at det for fylkeskommunane sin del ser ut som om kostandene ved fleire elevar i vidaregåande skule vil overstige inntektene.

AKTUELT NÅ