Hopp til innhold

Håpar på fagleg oppreising

Generalmajor Leif Sverre Rosén håpar på fagleg oppreising i høyringa som pågår i Stortinget no.

Leif Sverre Rosén

Generalmajor Leif Sverre Rosén helser på forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen før høyringa i forbindelse med legedekninga for norske styrkar i Afghanistan. Forsvarssjef Sverre Diesen til høgre.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Han held fast på at han har gjort ein god jobb og håpar at det vil kome fram  i høyringa som no pågår i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Aller mest gler generalmajoren seg til å kunne legge saka bak seg og starte på juleferien.

VIDEO: Høyring om Forsvaret

I mai sa Rosén til Dagsnytt at legedekninga for dei norske soldatane var så dårleg at han ikkje ville sendt sin eigen son til Afghanistan.

Reagerte på utsegn

- Eg reagerte på utsegnene som Rosén ga til Dagsnytt i mai, sa forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i høyringa i dag.

Forsvarssjef Sverre Diesen meinte at Rosén måtte gå frå jobben sin fordi han «ikkje leverte» den tenesta i Afghanistan som var påkrevd.

Men Rosén meiner han har gjort alt han kan for å få på plass nok legar for dei norske soldatane i Afghanistan.

Forsvarleg nok 

Forsvarsministeren fekk gjentatte gonger spørsmål frå kontroll- og konstitusjonskomiteen sine medlemmer om legedekninga har vore forsvarleg nok.

- Legedekninga har vore forsvarleg. Vi har aldri vore utan legedekning i våre leirar. Den har vore tilfredsstillande, men me har også hatt problem med å skaffe nok folk, sa forsvarsministeren i dag.

Ho innrømma også at det har vore periodar der den kirurgiske dekninga ikkje har vore komplett.

Krev svar

Per-Kristian Foss frå Høgre seier han no krev svar frå forsvarsministeren på kvifor legedekninga har vore så dårleg.

Han er ikkje einig i at dekninga har vore forsvarleg, og meiner ministeren må svare for kvifor departementet først sette inn tiltak når saka vart omtala i media.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger