Hopp til innhold

Gulskjortene varslar nye aksjoner

Nasjonalistrørsla som går under namnet gulskjortene, har varsla nye protestdemonstrasjonar i den thailandske huvudstaden Bangkok.

Ein av gulskjortene med det thailandske flagget

Ein av gulskjortene veivar med det thailandske flagget i håp om å få regjeringa til å gå av.

Foto: SAKCHAI LALIT / Ap

Spenninga aukar i Thailand samtidig som landet står oppe i ei ny konflikt med nabolandet Kambodsja .

No trappar politi og sikkerheitsstyrkar opp i Bangkok, etter at gulskjortene har varsla nye demonstrasjonar i det største handelsområdet i byen.

Fram til 23. februar blir det forbode med politiske protestaksjonar, melder nyheitsbyrået Reuters.

Gulskjortene har demonstrert i gatene i to veker allereie, og seier dei vil auke trykket for å få regjeringa til å gå av. Dei har mellom anna truga med å okkupere viktige stader i hovudstaden på fredag.

I 2008 klarte gulskjortene å okkupere regjeringskontora i tre månader, og stenge av hovudflyplassen i Bangkok. Protestaksjonane bana veg for at Abhisit Vejjajiva seinare kom til makta.

Dei siste fire dagane er det meldt om skyting i området rundt eit 900 år gamalt tempel i grenseområdet mellom landa.

Gulskjorte-aktivist ventar i teltet

Gulskjorte-aktivist ventar i teltet under den pågåande aksjonen.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger