Hopp til innhold

Gro om «Makta»: – Ikkje gærnt

No fortel Gro Harlem Brundtland for første gong sjølv kva ho synest om å bli portrettert i den nye storserien «Makta».

Gro Harlem Brundtland heime på Bygdøy hausten 2023.

FØLGJER MED: Gro Harlem Brundtland er pensjonist for lenge sidan, men framleis aktiv i samfunnsliv og politikk.

Foto: Alem Zebic / NRK

Skaparane av dramaserien er ærlege på at det handlar om sanning, løgn og dårleg hukommelse.

Den nøyaktige sanninga er det kanskje berre Gro Harlem Brundtland sjølv som veit.

NRK møter «landsmoderen» blant anna heime på Bygdøy. Den tidlegare statsministeren har blitt 84 år gamal, men like skarp og markant som alltid.

Når TV-serien «Makta» utspelar seg er Gro i starten av si politiske karriere. I 1974 gjekk ho for første gong inn i regjering. Då som miljøvernminister.

På denne tida jobba ho som lege på Aker sjukehus og sat mellom anna i abortnemnda.

– Då statsminister Trygve Bratteli bad deg om å bli miljøvernminister, sa han at du som lege ikkje kunne bli helseminister. Er det sanning, løgn eller dårleg hukommelse?

– Sanning, svarar Gro.

– I serien tar han deg inn i ein heis på Youngstorget og byrja å prate med deg der, fordi han var lei av at folk snakka bak ryggen på kvarandre. Sanning, løgn eller dårleg hukommelse?

– Eg har aldri vore i ein slik heis.

VIDEO: Gro avslører hva som er fakta i TV-serien.

Kjenner seg igjen

Ho vil ikkje ha noko meir snakk om det som skjedde då. Heller ikkje om Bratteli snakka med ho om Reiulf Steen sitt alkoholproblem den gongen.

Eit tema som er høgst aktuelt i dei to første episodane av serien og som påverka Arbeidarpartiet og norsk politikk i mange år.

Men kva synest Gro sjølv om serien som ikkje minst har fått kritikarane til å trille høge tal på terningen?

– Du har sett to episodar av «Makta». Kva synest du?

– Ja, eg var jo letta fordi det var ganske bra. Og eg kjende meg igjen.

– Kva synest du om ho som spelar deg, då?

– Ikkje dårleg. Ho har tydelegvis jobba med å ta same stemme. Og det var godt gjort, synest eg.

Gro og Kathrine

Kathrine Thorborg Johansen (til venstre) spelar rolla som Gro Harlem Brundtland i TV-serien «Makta».

– Veldig hyggeleg

Det er skodespelar Kathrine Thorborg Johansen som har brukt dei to siste åra til å gå inn i rolla som Gro Harlem Brundtland.

Inga enkel oppgåve, heller prega av ærefrykt for å skulle spele ein av dei mest kjende nordmennene gjennom historia.

For skodespelaren er det spesielt at Gro no har sett og kommentert hennar tolking av rolla som «landsmoderen».

– Eg tykkjer det er veldig hyggeleg at ho likar vår og mi tolking, seier Johansen til NRK.

Serien har alt har blitt nominert til og vunne fleire internasjonale prisar.

– Vi har ikkje prøvd å skildre verkelegheita, men har laga fiksjon, noko serien også er tydeleg på i formspråket, seier skodespelaren.

«Makta» tek sjåarane med på Gro Harlem Brundtland si politiske reise frå 70-talet og framover. Ei tid med store konfliktar internt i Arbeidarpartiet.

Gro Harlem Brundtland hjemme på Bygdøy.

Gro Harlem Brundtland heime på Bygdøy i Oslo, der ho har budd i mange år.

Foto: Alem Zebic / NRK

Framleis engasjert

Ingen er i dag i tvil om Gro Harlem Brundtland si rolle som pådrivar for store samfunnsendringar.

Ho sørga for gjennomslag for abortlova, ho fekk gjennomført den første fedrekvoten og ho leia internasjonalt arbeid for klima og miljø.

Sjølv vil ikkje Gro i dag snakke for mykje om si eiga rolle og heller ikkje mykje om framtida.

Men at ho framleis er opptatt av miljøvern legg ho ikkje skjul på.

– Du blei jo verdskjend som leiar for Brundtlandkommisjonen, og du skapte eit ord, berekraft. Det brukar vi framleis den dag i dag. Kva tykkjer du om det?

– No jobbar jo verda framleis og er på etterskot i høve dei berekraftsmåla som FN og verda har sett for 2030. Vi er forseinka, og det er vi også på klima. Så det er mykje å ta tak i, seier Gro.

– Kva tenker du må gjerast då?

– Nei, dette er jo ei omfattande problemstilling.

Søndag kjem den tredje episoden av «Makta» i NRK TV.

Gro Harlem Brundtland lar det ikkje vere tvil om at ho kjem til å sjå serien der ho sjølv er hovudpersonen.

I serien skjer handlinga på 70-talet, men kulissane er i stor grad slik Noreg er i dag. Dette grepet vil ho ikkje kommentere.

– Det er jo samansett på ein litt annan måte og sånn. Men det var ikkje gærnt.

Gro Harlem Brundtland i Oslo bystyre hausten 2023. Her saman med Attia Mirza Mehmood frå SV.

Gro Harlem Brundtland blei i september vald inn som bystyrerepresentant for Oslo Arbeidarparti. Her saman med Attia Mirza Mehmood frå SV.

Foto: Alem Zebic / NRK

Da vi styrte landet er fortellingen om de mektigste personene i vår tid. Våre seks siste nålevende statsministre møtes for å snakke om det helst spesielle livet som statsminister. Gro Harlem Brundtland var Norges første kvinnelige statsminister, men prisen var høy for å bane vei for norske kvinner og forandre Norge til et mer likestilt samfunn.

Da vi styrte landet er fortellingen om de mektigste personene i vår tid. Våre seks siste nålevende statsministre møtes for å snakke om det helst spesielle livet som statsminister. Gro Harlem Brundtland var Norges første kvinnelige statsminister, men prisen var høy for å bane vei for norske kvinner og forandre Norge til et mer likestilt samfunn.

Les også Var toppolitikere i Ap involvert med CIA?

Einar - hele historien Ep4

Les også Å gro inn i Gro

Gro og skuespiller

Les også Gro Harlem Brundtland seilte inn i Oslo bystyre

Gro Harlem Brundtland og Raymond Johansen på hjemmebesøk på Grorud

AKTUELT NÅ