Hopp til innhold

Plutseleg blei to avdøde norske politikarar svært populære på nettet

Ferske tal frå Store Norske Leksikon visar at TV-serien «Makta» har gjort folk nysgjerrige på gamle politiske skikkelsar. Men heilt øvst på topplista tronar ei overrasking.

Reiulf Steen og Odvar Nordli ved stortingsvalget i 1977

ARBEIDARPARTIETS LEIARE: Reiulf Steen (t.v.) og Odvar Norli fotografert under stortingsvalet i 1977. Steen var formann i Arbeidarpartiet i seks år og statsråd i to periodar, medan Nordli var statsminister i perioden 1975 til 1981.

Foto: NTB

– TV-serien «Makta» var gøy, altså, seier sjefredaktør Erik Bolstad.

I 2023 blei det lese dobbelt så mange politikk-artiklar på Store Norske Leksikon (SNL) som året før, og «Makta» får skulda.

For plutseleg var kategorien «Norsk politikk og forvaltning» blitt svært populær.

Store TV-seriar påverkar

Sjefredaktør i SNL, Erik Bolstad, meiner NRK-serien «Makta» har hatt ein uventa stor verknad på lesinga.

– Me sat ivrig og las skildringane av dei komande episodane for å prøva å førebu eller pussa på artiklane om politikarane me rekna med kom til å koma i neste episode, seier han.

Artiklar i kategorien «Norsk politikk og forvaltning» vart i 2022 lese 461 000 gonger.

I 2023 blei lesartala over ein million.

I kategorien ser topplista slik ut:

  1. Reiulf Steen
  2. Odvar Nordli
  3. Gro Harlem Brundtland
  4. Arbeidarpartiet
  5. kommunestyre- og fylkestingsval
Tretten kvinner ankommer Oslo. To menn sultestreiker. Den nye statsministeren synes det er viktig at de blir hørt, men det skjer litt mye i dag.

Ny episode søndag 7. januar: Tretten kvinner ankommer Oslo. To menn sultestreiker. Den nye statsministeren synes det er viktig at de blir hørt, men det skjer litt mye i dag.

Underkategorien «Historiske biografiar i norsk politikk» blir vanlegvis lese nokre hundre gonger i året.

I fjor var det plutseleg tusenvis av lesarar enkelte dagar.

– Store TV-seriar har ganske stor innverknad, seier Bolstad. Han trekkjer fram at både «The Crown» og «Lykkeland» har påverka listene tidlegare.

Les også Kjenner ikkje igjen Einar Førde i "Makta"

Kjenner ikkje igjen Einar Førde i NRK-serien Makta. Fv. Kjartan Longva og Arvid Lillehauge.

Forfattarar kan bli stressa

Lesartala til SNL tyder på at nordmenn innimellom held på med akkurat det same som kvarandre samtidig, og er nokså i takt.

På nyttårsaftan skaut artikkelen «drott» i vêret då kongen hadde halde nyttårstalen sin.

– I kongesongen blir ikkje kongen kalla konge, men «drott», seier Bolstad.

Kong harald nyttårstale 2023

Nyttårsaftan skaut «drott» i vêret, då Noregs drott var ferdig med å halda talen sin.

Men også vêrfenomen kan gi artiklar ein skikkeleg dytt. I desember kom det først perlemorskyer over Austlandet, seinare over Vestlandet.

Då vart artikkelen som mellom andre meteorolog Anders Doksæter Sivle står bak plutseleg månadens mest populære.

Men blir forfattaren stressa når han skjønnar at lesartala stig?

– Det er både og! Dei fleste artiklane i leksikonet har jo levd ganske lenge, og andre før meg har òg hatt ansvar, så eg reknar med det er ganske bra kvalitet, seier Sivle.

Perlemorsskyer over Bergen 22.12.23

Då perlemorskyene var over landet fekk Sivle tilsendt fleire nye bilete som han kunne bruka i artikkelen.

Foto: Erling Johnsen / NRK
Vakkert skue da værfenomenet ble synlig over store deler av Vestlandet 22. desember.

Akkurat perlemorsky-artikkelen visste han at både var oppdatert og hadde fine bilete. Men andre vêrfenomen med mindre oppdaterte artiklar kunne gjort han meir stressa.

– Eg kunne kanskje blitt litt sveittare om det var eit anna vêrfenomen ja.

Blir ringt av skuleelevar

SNL merkar også at krig og konflikt fører til at mange søker informasjon.

– Me har 200.000 artiklar, og mange av dei ligg jo berre der og er lite lesne. Men det blir ein slags beredskap. Når det skjer store nyheitshendingar kan folk leita fram og finna bakgrunnskunnskap, seier Bolstad.

Artiklane om Israel og Palestina er ifølgje dei alltid mykje lesne, men i 2023 auka tala drastisk.

Men samtidig som TV-seriar og nyheiter pregar lesartala, er det framleis tydeleg at svært mange av brukarane av SNL er skuleelevar.

På topp 10-lista over mest lesne artiklar finn ein både første og andre verdskrig, buddhisme, jødedom og islam.

Desse har stabilt høge lesartal. Men det verkar ikkje å påverka forfattarane noko særleg.

Knut Axel Jacobsen, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, er ein av dei som står bak artikkelen om hinduisme.

– Eg tenkjer ikkje noko spesielt over at det er mange lesarar, men det er jo bra at folk les om hinduisme og at folk får vitskapleg, livssynsnøytral kunnskap om religion, seier han.

Det er ikkje så ofte han opplever å få tilbakemelding på artiklane, men innimellom får han telefonar frå elevar på vidaregåande skule som gjerne vil ha hjelp med skuleoppgåver.

– Eg pleier ikkje hjelpa så mykje, men peikar på ting dei kan lesa.

Mulig fugleinfluensa ved Ekkerøy i ØstFinnmark

Når sommarferien kjem ser SNL-redaksjonen endringar. – Då forsvinn den franske revolusjonen og verdskrigar, og så kjem det giftige soppar, måsar og daglegdagse ting, seier Bolstad.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Overrasking på topp

Heilt øvst på lista, over både krig og konflikt, politikk og nyheiter, tronar likevel ei overrasking: stjerneteikn.

Artikkelen om dei tolv stjernebileta har i 2023 blitt lesen 707 340 gongar. Grunnen til det anar dei ikkje.

– Gode gud, eg har altså grave så mykje for å prøva å finna ut kvifor stjerneteikn plutseleg skaut fart, seier Bolstad.

Det var før nyttår i 2022 at artikkelen fekk eit oppsving, og sidan har lesartala vore jamne.